nobelprisen

Følgde Fosse frå første rad: — Ei stor oppleving

Ein siger, seier Cecilie Seiness. Ho er Jon Fosse sin redaktør i Samlaget, og følgde nobelførelesinga hans frå fremste rad.

Om mi diktig også kan hjelpa til med å redda andres liv, ja, så kan ingenting gleda meg meir enn det, sa nobelprisvinnar Jon Fosse som avslutning av føredraget sitt.

Stockholm (Khrono): Nobelprisvinnar Jon Fosse, Noreg sin første nobelprisvinnar i litteratur sidan 1928, hadde på førehand gjort det klart at han ikkje kom til å gjera meir enn han måtte under Nobelveckan i Stockholm.

Fakta

Nobelveka 2023

6.-12. desember er det Nobelveke i Stockholm og Oslo, med prisutdelingar og andre arrangement. Khrono er til stades i Stockholm

— Det er diverse programpostar som ein kan vera med på, eller ikkje kan vera med på, og dei eg ikkje treng vera med på har eg alle saman valt ikkje å ta del i, sa han til VG i haust.

Men Nobelførelesing må ein halda, og like etter klokka 16 torsdag 7. desember kom han til Svenska Akademien. 

Ein knapp time seinare kom han inn i den store salen, som er utsmykka med enorme lysekroner i taket, detaljar i gull på veggane og store statuar.

Fosse, som er æresdoktor ved Universitetet i Bergen der han tok hovudfag i litteraturvitskap i 1987, byrja føredraget med ei personleg oppleving som ligg femti år tilbake i tid: Han var redd for å lesa høgt på skulen.

«Det var på ein måte som om redsla tok språket frå meg, og at eg så å seia måtte ta det tilbake. Og skulle eg klara det kunne eg ikkje gjera det på andres vilkår, men på mine eigne. Eg byrjar skriva eigne tekstar, små dikt, små forteljingar. Og eg opplevde at å gjera det gav med tryggleik, gav meg det motsette av redsle», sa han.

Grudde og gledde seg

Fakta

Nobelprisvinnere 2023

  • Fysikk: Pierre Agostini (Tunisia), Ferenc Krausz (Ungarn) og Anne L’Huillier (Frankrike)
  • Kjemi: Louis Brus (USA), Alexei Ekimov (Russland) og Moungi Bawendi (Frankrike)
  • Fysiologi eller medisin: Katalin Karikó (Ungarn) og Drew Weissman (USA)
  • Fredsprisen: Narges Mohammadi (Iran)
  • Litteratur: Jon Fosse (Norge)
  • Nobels minnepris (økonomi): Claudia Goldin

På dei fremste radene sat mellom anna meir enn tjue personar frå Samlaget. Det er på dette forlaget Fosse har gitt ut alle bøkene sine, heilt frå han gav ut romanen «Raudt, svart» i 1983.

— Fosse både grudde og gledde seg. Eg synest han såg nervøs ut då han kom inn. Men dette vart ein siger for han, rett og slett, seier Cecilie Seiness, som er Fosse sin redaktør i Samlaget.

— Det var ei stor oppleving. Fosse byrja å skriva som ung, tenkte at han kunne verta forfattar, og etter 40 år får han altså Nobelprisen.

Også forlagsdirektør Edmund Austigard synest det var ein stor dag.

— Fosse våga å vera personleg i talen, seier han til Khrono.

— Eg sat på første benk, og tenkte at dersom eg nokon gong skal grina på direkten, er det no. Og det gjorde eg.

Forlagsdirektør Edmund Austigard og forlagsredaktør Cecilie Seiness syntest det var ein stor dag.

Vert sett på som vanskeleg

I grunngivinga frå Svenska Akademien heiter det at Jon Fosse får Nobelprisen for «nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det som ikkje kan seiast». I føredraget sitt snakka Fosse om å la den tause talen koma til orde. Til humring frå salen sa han at ordet «pause» utan tvil er både det viktigaste og mest nytta ordet i dramatikken hans.

«Anten det er ein roman eller eit stykke, eller ein teaterproduksjon, så er det ikkje delane i seg sjølv som er viktige, det er heilskapen, som også må vera i kvar minste detalj — eller kanskje kan eg våga meg til å snakka om heilskapens ånd, ei ånd som talar liksom både nært og fjernt. Og kva høyrer ein då, om ein lyttar godt nok etter? Ein høyrer stilla».

— Fosse sin litteratur vert i mange samanhengar sett på som vanskeleg. Men han snakkar enkelt om livet, seier Cecilie Seiness.

På veg inn til Svenska Akademien. Jon Fosse er den fjerde norske forfattaren som får Nobelprisen i litteratur. Den førre norske mottakar var Sigrid Undset i 1928.

Vil halda fast ved sitt

Den andre programposten Jon Fosse skal vera med på, er å besøkja ein klasse på ein skule utanfor Stockholm.

Søndag er den høgtidelege utdelinga med etterfølgjande bankett.

Men kor stort er det eigentleg å få ein Nobelpris? Fosse sa i talen sin at han heilt frå dei første romanen sine, som ikkje fekk så gode meldingar frå kritikarane, hadde bestemt seg for at han skulle stå fast ved sitt. Då han seinare byrja å få gode meldingar og til og med prisar, vart det viktig for han å halda fast ved den same logikken.

«Eg skulle halda fast ved mitt, halda fram med mitt. Og det meiner eg at eg har klart å gjera, og eg trur sant å seia at eg skal klara det sjølv etter å ha fått Nobelprisen».

Vidar Helgesen, avtroppande direktør i den svenske Nobelstiftelsen, var til stades då den norske ambassaden arrangerte ei mottaking for å heidra Fosse torsdag kveld. Helgesen sa då at for han, som jobbar med nobelprisar til dagleg, vert det rett og slett ganske daglegdags.

— Men då eg såg at det var eit innslag på heile 18 minutt på fjernsynsnyheitene denne kvelden om at Fosse hadde fått Nobelprisen, då skjøna eg kor stort dette er.

Ståande applaus

Då Fosse hadde snakka ferdig og skodespelar Stina Ekman hadde framført utdrag frå tre av Fosse sine verk, fekk forfattaren ståande applaus.

På veg ut var det mange som ville ha eit ord med han og mange som ville ha autografen hans.

Til slutt gjekk Fosse ut, ut i den svenske desemberkvelden, via ei sidedør.

Det var ein god del journalistar i salen, men berre akkrediterte fotografar fekk ta bilete under sjølve føredraget. Etterpå var det mange som flokka seg rundt Fosse, som til slutt gjekk ut ei sidedør.
Powered by Labrador CMS