nobelprisen

Her studerte han på 1980-talet. No er han nobelpris­vinnar i litteratur

— Eg vil heise flagget for Jon Fosse, seier rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen.

Noka doktorgrad rekna han aldri med å få, sa cand.philol Jon Fosse då han vart æresdoktor hausten 2015.
Publisert Oppdatert

Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), jublar for nobelprisen i litteratur: 

Flaggstang med flagget til topps på Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen flagga for Jon Fosse då nobelprisen i litteratur blei kunngjort.

— Dette er ein stor dag! Ein stor dag for vestlandslitteraturen og vestlandskulturen. Eg vil heise flagget.

 Jon Fosse er både tidlegare student og æresdoktor ved universitetet. 

Forfattaren tok hovudfag i litteraturvitskap i 1987 med ei oppgåve om romanteori. Då var det allereie fire år sidan han hadde debutert som forfattar. 

I UiBs nyoppussa administrasjonsbygg prydar eit sitat frå Jon Fosses romanverk «Septologien» inngangspartiet. 

Lyden av nynorsk

Fosse tok hovudfag i litteraturvitskap i 1987. Då Khrono intervjua han i samband med æresdoktoratet i 2015, sa Fosse følgjande

– Det er Bergen som er byen. Kanskje saman med Haugesund, der vart eg fødd. Grunnpreget mitt har eg frå Strandebarm, frå bygda Fosse. Eg vaks inn i verda der, og vart kjend med lydane der. Lydane der liknar lydane i nynorsken. Nynorsken har vorte ein slags heim for meg.

I 2015 vart Jon Fosse utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen, der han sjølv var student på 1980-talet. Her med tidlegare rektor Dag Rune Olsen.

I dag køyrde Fosse, ifølgje VG, langs Sognefjorden då meldinga om nobelprisen kom: 

– Eg er overvelda, og svært glad og takksam, seier Fosse, i ein kommentar formidla frå Svenska Akademien sin faste sekretær Mats Malm.

— Få ut Fosse-forskinga

Ein veldig stor dag for norsk litteratur, konstaterer professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, Eirik Vassenden. Han trur prisen også  vil føre til eit løft for litteraturforskinga i Noreg.

—  Omtrent alle i mitt fagmiljø har på ein eller annan måte jobba med Fosse, men ikkje nødvendigvis publisert, i alle fall ikkje internasjonalt. No bør vi gjer det. Vi kan begynne med å få ut Fosse-artiklane våre og publisere dei, seier han.

Vassenden er ikkje overraska over at Fosse, som i mange år har vore trekt fram som kandidat, no endeleg får prisen. Fosses forfattarskap spenner svært breitt og handterer dei verkeleg store spørsmåla: eksistens, kunst, religion. Og med det siste storverket, «Septologien», som fekk strålande meldingar, var bordet langt på veg dekka for Fosse, meiner litteraturprofessoren.

Jon Fosses hovudoppgåve levert ved Universitetet i Bergen i 1987.

Ukjent for mange

Samstundes meiner han det i delar av verda er ein relativt ukjent forfattar som no får nobelprisen.

— Alle som studerer litteratur hos oss les Fosse. Her har han vore på pensum med fleire tekstar i 20 år. Men i resten av verda, særleg den engelskspråklege, er han ikkje så kjent. Eg har ikkje full oversikt over kva som er omsett, men ein har ikkje nødvendigvis tilgang til heile forfattarskapen om ein ikkje kan lese norsk. 

Vassenden trur det kan endre seg no. Samstundes ser han ikkje bort ifrå at nobelprisen kan utløyse eit ras av masteroppgåver og avhandlingar framover her heime.

— Det finst ei mengde masteroppgåver om Fosse. Men enno har ingen tatt doktorgraden på Fosses litteratur ved Universitetet i Bergen. Vi har ein jobb å gjere!

Powered by Labrador CMS