Debatt ● Olaug Husabø
Kvifor skal artiklar i ei doktoravhandling vera publiserte?
Det kan umogeleg vera relevant om — og eventuelt kvar — artiklar i ei artikkelbasert avhandling er publiserte.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det er bra at Universitetet i Oslo tok til vitet og gav Mathilde Rispatron Berg dispensasjon frå Det medisinske fakultetet sine krav til ei ph.d.-avhandling, jf. § 10 første ledd i fakultetet sine utfyllande reglar.
Spørsmålet er kvifor UiO (og andre) i det heile har ein regel om publisering før levering.
Det verserte ei historie for nokre år sidan om ein komitemedlem som hadde sagt «Alle artiklane var publiserte, så eg slapp å lesa nokon av dei.» Er det det som er grunnen til kravet? At sensorane skal sleppa å lesa deler av avhandlinga?
Eller har regelen/praksisen med finansieringsmodellen å gjera? Jo fleire artiklar som er publiserte med institusjonen si adresse, desto meir pengar får institusjonen.
Sjølvsagt er det ynskjeleg for ein forskar in spe å komma i gang med publiseringa, og publisering er positivt for institusjonen. Men det kan ta lang tid frå ein er ferdig med eit utkast til artikkel til han er publisert. Mange har måtta venta i månadsvis med å levera avhandlinga fordi «eg ventar på å få publisert ein artikkel». Det er ikkje greitt for ein student å få studiet forseinka på denne måten.
Det er ikkje greitt for ein student å få studiet forseinka på denne måten.
Kravet om publisering kan dessutan vera eit av forholda som gjer at studiegjennomføringa er dårleg på ph.d.-utdanninga — i 2023 hadde 66 prosent ph.d.-studentar ved norske universitet og høgskular fullført etter seks år.
Krava til ei avhandling går fram av kvar enkelt institusjon si forskrift. Ved UiO er det formulert slik (§10.1):
«Avhandlingen skal være et selvstendig, vitenskapelig arbeid som oppfyller internasjonale standarder med hensyn til etiske krav, faglig nivå og metode.
Avhandlingen skal bidra til å utvikle ny faglig kunnskap og ligge på et faglig nivå som tilsier at den vil kunne publiseres som en del av fagets vitenskapelige litteratur.»
Det er den oppnemnde komiteen som skal vurdera om kravet er oppfylt. Om, og eventuelt kvar, artiklar i ei avhandling er publisert kan umogleg vera relevant. Dette vert stadfesta i The San Francisco Declaration on Research Assessment (DORA). I følgje denne erklæringa skal det leggjast vekt på eit vitskapleg arbeid sin kvalitet, relevans og betydning og ikkje på kvar arbeidet eventuelt er publisert.
Heldigvis har ein del institusjonar slutta seg til DORA, så det vil forhåpentleg etter kvart bli slutt på at institusjonar har eit krav til publisering av i doktoravhandlingar.
Nylige artikler
En drivkraft i nord har forlatt oss
Anne Husebekk har gått bort
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Så mye tjente «kjendisene» i akademia