demonstrasjon

Laga lyd ved Stortinget: — Slik høyrest det ut på Griegakademiet

— Studentane ved Griegakademiet har eit heilt uforsvarleg arbeidsmiljø, seier studentleiar Kaja Hovdenak. Onsdag ettermiddag var det demonstrasjon ved Stortinget.

— Ei veldig viktig sak, seier studentleiar Kaja Hovdenak. Saman med mellom anna dekan Frode Thorsen hadde ho apell ved Stortinget.

I oktober var det demonstrasjon i Bergen. Musikkstudentar spelte side om side, i dur og moll, og ein songlærar prøvde å undervisa ei gruppe studentar. 

Onsdag ettermiddag var det demonstrasjon med lyd utanfor Stortinget. «Nytt bygg til Griegakademiet nå», var meldinga.

— Dette er ei veldig viktig sak for oss, direkte knytt til studentane. Dei har eit heilt uforsvarleg arbeidsmiljø, seier Kaja Hovdenak, som leiar studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB) og var ein av dei som hadde appell under demonstrasjonen.

— Me har oppmoda studentane om å ta med instrument, for å visa korleis det faktisk høyrest ut inne på Nygård skole.

Kan måtte gå ekstrarunde

Som Khrono har skrive, låg det ikkje inne pengar til nybygg for Griegakademiet i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. SV har sagt at dei vil prioritera pengar til prosjektet. Samstundes har regjeringa sendt eit brev til UiB der dei seier at dei vil gjennomføra ei ekstra kvalitetssikring, ein såkalla KS2. 

Det kan bety at sjølv om det kjem ein lovnad om pengar, kan prosjektet verta endå nokre månader forseinka, fryktar Frode Thorsen. Han er dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design.

— Det kan verta eit kvileskjer fram mot revidert nasjonalbudsjett i mai. Eg håpar ikkje dette skjer. Dette er eit prosjekt som er så godt kvalitetssikra, seier han.

— Me sende det inn til departementet i juni, og høyrde ikkje eit pip då.

Thorsen er forsiktig optimist før statsbudsjettet skal handsamast i Stortinget. Det same er Hovdenak.

— Me er veldig glade for at SV har lagt inn pengar til Griegakademiet. No forventar me at regjeringa og SV og prioriterer Griegakademiet i forhandlingene, seier ho.

— Me håpar dei ønskjer å prioritera kulturnoreg utanfor Ring 3. Dersom dei heller ikkje no gjer det, er det eit klårt og tydeleg signal.

Astrid Kvalbein, rektor ved Norges musikkhøgskole, støttar at Griegakademiet treng nytt bygg først, sjølv om musikkhøgskulen òg har trong for meir plass. Her saman med instituttleiar Randi Rolvsjord frå Griegakademiet og dekan Frode Thorsen.

Støtte frå stjernene

NRK har intervjua to av Noregs største klassisk skulerte musikkstjerner. Pianist Leif Ove Andsnes og operasongar Lise Davidsen var begge studentar ved Griegakademiet.

— Desse lokala toler ikkje samanlikning med liknande utdanningsinstitusjonar i Noreg eller i utlandet, seier Andsnes, som var ein av dei første studentane som var med over i Nygård skole i Bergen sentrum.

— Det er trongt, for lite plass, for dårleg lydisolert. Rett og slett for provisoriske lokale.

Davidsen er samd:

— Eg hadde jo kollegaer på akademiet som sleit med pustevanskar og lungekapasitet når dei øvde for mykje på Griegakademiet. Og det vert berre dårlegare og dårlegare for kvart år som går, seier ho til NRK.

Både dekanen og studentleiaren er glade for støtta frå desse to.

— Det betyr enormt mykje. Dei peikar på at Griegakademiet har eit sterkt fagmiljø — og at det er det som reddar oss, seier Thorsen til Khrono.

UiB og Griegakademiet får støtte også frå dei andre institusjonane som utdannar musikarar. Framfor Stortinget var det tilsette og studentar både frå Noregs musikkhøgskole og frå NTNU.

— Det hastar mest for Griegakademiet, sa musikkhøgskulerektor Astrid Kvalbein då Khrono arrangerte debatt om kunstfaga tidlegare denne veka.

Powered by Labrador CMS