Sommar i Khrono

Meiner forskings­politisk uvisse og lite stabile vilkår har prega arbeidsåret

Når Tanja Storsul går på som prorektor ved OsloMet håpar ho statsråden prioriterer langsiktig slik at fagmiljøa kan byggja kompetanse over tid.

Det beste med dette arbeidsåret var at vi fekk tilbake fellesskap og nærvære etter pandemien, seier Tanja Storsul. Førebels er ho direktør ved Institutt for samfunnsforskning, men frå august prorektor for forsking ved OsloMet.
Det beste med dette arbeidsåret var at vi fekk tilbake fellesskap og nærvære etter pandemien, seier Tanja Storsul. Førebels er ho direktør ved Institutt for samfunnsforskning, men frå august prorektor for forsking ved OsloMet.
Publisert Oppdatert

Gjennom sommaren vil du bli kjend med folk i og rundt universiteta og høgskulane våre. I dag møter du Tanja Storsul, påtroppande prorektor for forsking og utvikling ved OsloMet.

Fakta

Tanja Storsul

  • Er tilsett som prorektor for forsking og utvikling ved OsloMet. Ho startar i jobben 1. august 2023
  • Storsul ´kjem frå stillinga som direktør ved Institutt for samfunnsforsking, der ho har vore tilsett sidan 2016.

— Korleis vil du oppsummere arbeidsåret 2022-23?

— Det beste med dette arbeidsåret var at vi fekk tilbake fellesskap og nærvære etter pandemien. Det mest utfordrande har vore forskingspolitisk uvisse og lite stabile vilkår, til dømes i utlysingane frå Forskingsrådet. Slutten av arbeidsåret fram mot sommaren har for meg vore prega av at eg skal over i ny jobb. Det er spanande. 

— Kva vert den største utfordringa i året som kjem?

— Eg byrjar i ny jobb som prorektor for FoU ved OsloMet. Den første utfordringa mi er å bli godt kjend med OsloMet, fagmiljøa og forskarane, så vi saman kan fremje skikkeleg god forsking ved universitetet. Forskinga ved OsloMet er viktig for å løyse store samfunnsutfordringar, for å utvikle og understøtte utdanningane og profesjonane, og for å byggje kunnskap internasjonalt. Eg gler meg til å ta fatt. 

— Framlegg til ferielektyre? 

— «Løpe ulv» av Kerstin Ekman og «De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar er blant dei beste leseopplevingane i år. No les eg bøkene til Elizabeth Strout om Lucy Barton. Strålande! Og så gler eg meg til «Hvis det skulle komme et menneske» av Thomas Korsgaard. 

— Kva (er det beste) håpar du skal kome ut av den ekstreme oppussinga Ola Borten Moe har varsla for universiteta og høgskulane?

— Eg håpar på gode rammer for forskinga. Samfunnet treng ny kunnskap for å møte dei store utfordringane. Eg håpar på langsiktige prioriteringar så fagmiljøa kan byggja kompetanse over tid. Viktige element i dette er rolla til Forskingsrådet, som ikkje må svekkast; og rammevilkåra til institusjonane, som må leggje til rette for forsking og for samspelet mellom forsking og utdanning, og forsking og utvikling. Eg håpar og på tverrpolitisk semje om dei viktigaste grepa så vi kan arbeide langsiktig framover.

Powered by Labrador CMS