samefolkets dag

Meiner universitet og høgskular må ta eit tydelegare ansvar for kunnskap om urfolk

Samisk forskar føreslær øyremerkte forskarstillingar til å forska på urfolk-problemstillingar. 

Fosen-saka vert trekt fram som viktig for interessa for tema knytt til urfolk. Ella Marie Hætta Isaksen (i front) er ei av dei tydelege, unge, samiske stemmene. — Ei kraft av dimensjonar, seier professor Torjer A. Olsen.
Publisert Oppdatert

Då førsteamanuensis Tore Johnsen ved VID vitskapelege høgskule studerte teologi på 1990-talet, var samisk og kvensk heilt usynleg. No må universitet og høgskular ta eit tydelegare ansvar for kunnskap om urfolk og nasjonale minoritetar, meiner Johnsen.

— Ein kan stilla spørsmål ved kor mykje ansvar som skal ligga på enkeltforskaren og kor mykje som er eit institusjonelt ansvar, seier Johnsen, og viser til det Sannhets- og forsoningskommisjonen sa i sin rapport i fjor: 

Kommisjonen føreslo at kunnskapsformidling om fornorskingspolitikken og konsekvensar av denne vert styrka i undervisninga i både grunnskule, vidaregåande skule, høgskular og universitet, og kommisjonen oppmodar universitet og høgskular om å tilby fleire studentar undervisning om urfolk og nasjonale minoritetar.

— Det er eit stort arbeid som må gjerast i akademia med å løfta kunnskapen, og det er inga sjølvfølgje at dette vert følgt opp, seier Johnsen til Khrono.

Auka merksemd

I ein kronikk i Aftenposten skriv han at «alle har en betydelig jobb å gjøre fremover. Det gjelder både kunnskapsformidlingen i undervisningen og hvilke temaer det faktisk forskes på».

Johnsen har fleire konkrete forslag til korleis ein kan få inn kunnskap: Ein kan øyremerka stillingar, som stipendiatstillingar, til å forska på problemstillingar knytt til urfolk, ein kan sjå på pensumlister og på emneskildringar.

Førsteamanuensis Tore Johnsen opplever at fleire kollegaer enn før er opptekne av urfolkstema.

— Når kommisjonen peikar på at manglande implementering av vedteken politikk er eit problem i dag, gjer kommisjonen ei interessant kopling mellom kunnskapen i forvaltninga og den utdanninga som vert gitt ved universitet og høgskular. Kommisjonen peikar difor på universitet og høgskular sitt ansvar for å styrke kunnskapen om urfolk og nasjonale minoritetar og deira rettar i forvaltning i framtida, seier Johnsen.

Kirsti Strøm Bull, professor emerita i juss, skreiv i 2023 i ein artikkel i tidsskriftet Kirke og kultur med samerett som tema. I innleiinga skriv ho at Fosen-dommen frå 2021 har skapt merksemd kring samerett på ein måte ho knapt opplevde i alle dei åra ho har jobba med samiske rettsspørsmål.

«Dette er egentlig nokså selvsagt når man ser et kart over Norge. Det samiske bruksområdet strekker seg fra Femunden i sør til Finnmark i nord. Samisk rettsforståelse er en del av Norges rett. Samisk historie en del av Norges historie og kan ikke skilles fra majoritetsbefolkningens historie», skriv Bull. 

Mikkel Berg-Nordli nemner òg universitet og høgskular sitt ansvar i eit innlegg i Khrono. Her skriv han at norsk vitskap og skuleverk er sterkt medskuldige i at det samiske folket har tapt språk, kultur og land. 

«Derfor har forskning- og utdanningssektoren, og særlig lærerutdanningen, en viktig rolle i den forsoningsprosessen som nå — visstnok — skal komme: nemlig å bøte på skaden som sektoren har forårsaka».

Reiste på ein slags turné

Men kanskje er noko i ferd med å skje. Torjer A. Olsen, professor i urfolksstudier ved UiT Noregs arktiske universitet fortel om ei auka interesse for det samiske.

No vil me gjera noko bra, er tilbakemeldinga professor Torjer Olsen får når han reiser rundt og fortel om kva samiske tema ein bør legga vekt på.

— Eg vert invitert mange stader, det høyrest nesten ut som eg var på ein liten turné i fjor, seier han og humrar.

— Og eg sa ja til nesten alt.

Olsen seier at han ser ei dreiing. Tidlegare var det nokre eldsjeler som tok tak i urfolkstema og underviste om dei. No har ein fått ei meir institusjonell anerkjenning, meiner han.

— Læreplanar og rammeplanar for skulen seier at elevane skal læra om det samiske. Dette gir både skular og lærarutdanning ei stor plikt.

— Er det kommisjonen sin rapport som er utslagsgivande?

— Eg trur nok kommisjonen sitt arbeid spelar inn, sjølv om det har kome kritikk om at dei var lite synlege i media, berre i juni då rapporten vart lagt fram. Men eg opplever ei reell interesse frå mange, tilbakemeldinga er at «no vil me gjera noko bra».

Olsen seier òg at det var ei viktig sak for universitets- og høgskulesektoren i 2023 at NTNU ba sørsamane offisielt om orsaking for langvarig feilaktig formidling om sørsamisk historie, noko som hadde negative konsekvensar for samisk rett til og bruk av land. 

— Ei slik orsaking betyr mykje, ikkje bare for NTNU og sørsamane, men for heile UH-sektoren sin relasjon til Sápmi.

Ikkje berre det triste

Olsen seier at det dei han besøkjer lurer på, er heilt konkret: Kor bør ein byrja og kva bør ein prioritera når ein skal læra yngre generasjonar om det samiske? 

I løpet av «turnéåret» har han endra seg, seier han.

— Eg har tenkt at ein må byrja med å snakka om konsekvensar av fornorskinga. Men no er eg oppteken av at ein må snakka om det samiske samfunnet ein har i dag. I ei bok for barnehagelærarutdanninga er eg heilt konkret: Kva geografisk område snakkar ein om? Kva er den samiske kulturen i dag, og kva skal me gjera her i barnehagen vår?

Som Kirsti Strøm Bull nemner han Fosen-saka, og seier at då den vart kjent, var brått omgrepet «urfolksrettar» sagt i media kvar dag. Sjølv vart han kontakta av særleg vidaregåande skular som ville bruka denne saka som utgangspunkt i geografiundervisninga.

— I den saka har ein òg fått fram unge stemmer, som Ella Marie Hætta Isaksen. Ho er ei kraft av dimensjonar. Så det er ikkje berre den triste historia som skal formidlast, seier Olsen.

Eigen konferanse

Også VID opplever interesse for sine studietilbod som er knytt til det samiske. Frå 2021 har høgskulen hatt eit vidareutdanningstilbod på masternivå; «Sannhets- og forsoningsarbeid i møte med fornorskningen». I fjor fekk dette finansiering av HK-dir, slik at det i år kan givast eit desentralt tilbod. I tillegg har Kirkelig utdanningssenter nord, som er ein del av VID, og der Johnsen er tilsett, utvikla eit eige e-læringskurs for tilsette i Den norske kyrkja.

— Når ein skal skriva historiebøker om femti år, håpar eg ein vil kunne seia at tida me er i no viste både haldningsendringar og ny forståing. Fornorsking er ei mykje meir omfattande sak, ikkje berre eit historisk fenomen, og det er tett bygd saman med den norske nasjonsbygginga og norsk sjølvforståing, seier Johnsen.

Han har samisk åndelegheit og samisk teologi og forsoningsprosessar som nokre av forskingsfelta sine, og han seier han opplever å få fleire og fleire forskarkollegaer som er opptekne av problemstillingar knytt til urfolkstematikk.

— Det rører seg noko i forskargrupper, og ved VID skal me ha ein eigen konferanse 14. februar om utdanningsinstitusjonane sitt ansvar for sanning og forsoning.

Endringslogg: I ein tidlegare versjon var òg utlysingar gjennom Forskingrådet nemnt som tiltak. Dette eksisterer allereie

Powered by Labrador CMS