Debatt ● Toppe, Grung, Eskeland, Breivik, Storehaug, Hjemdal og Barstad
Meir legeutdanning no: Sats på «Vestlandslegen»!
Å utdanne fleire av legestudentane i vårt eige distrikt vil kunne styrke både rekruttering av legar til fastlegeordninga og av spesialistar til sjukehusa våre, skriv stortingsrepresentantar frå seks parti.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Koronapandemien har vist kor viktig det er med nasjonal utdanning og rekruttering av helsepersonell. Norge utdannar i dag mindre enn halvparten av legane helsetenesta treng. Regjeringa sitt Grimstadutval tilrår at på kort sikt treng vi ein nasjonal plan for å utdanne 80 prosent av legane landet treng. Då må kapasiteten på studieplassar aukast frå dagens 636 plassar, til 1076 plassar. Utvalet føreslår 25 nye plassar i Tromsø (UiT), 65 i Trondheim (NTNU), 120 i Bergen (UiB) og 230 i Oslo (UiO). I revidert nasjonalbudsjett 2020 fekk dei fire fakulteta 20 nye studieplassar kvar, ein god start.
På Vestlandet bør ein bygge vidare på det eksisterande samarbeidet mellom UiB og helsetenestene i landsdelen. Allereie no er det ein god samarbeidsmodell der sjukehusa i Haugesund, Førde, Stavanger og Bergen blir brukt som praksisarena. Ved Stavanger universitetssjukehus har 190 legestudentar frå UiB kvart år praksisperiodar ved kliniske avdelingar der, og mange studentar frå UiB har praksis hos fastlegar i Rogaland. Helsetenesta i både Rogaland og Vestland fylke er såleis aktive deltakarar i legeutdanninga ved UiB i dag. Ei utviding av dette samarbeidet for å ta heile Vestlandet i bruk for å utdanne enda fleire legar til regionen vår, er ikkje berre ein god ide. Det er heilt nødvendig.
Det medisinske fakultet ved UiB har i tråd med dette lansert planen om å utdanne «Vestlandslegen»: legar på Vestlandet for Vestlandet, som eit akademisk kompetanseløft for helsetenesta i heile landsdelen. Grimstadutvalet støttar denne modellen, og utvalet tilrår at UiB og UiS , saman med helsetenestene i Stavangerregionen, samarbeider om utforminga av studieløpet. Fleirtalet tilrår at campusløysinga i Stavanger baserer seg på at ei gruppe medisinstudentar blir tatt opp og gjennomfører dei første studieåra i Bergen og dei siste åra i Stavanger, med UiB som gradsgjevande universitet.
Å utdanne fleire av legestudentane i vårt eige distrikt vil kunne styrke både rekruttering av legar til fastlegeordninga og av spesialistar til sjukehusa våre.
Sju stortingsrepresentantar frå Vestland
Det er trong for fleire fastlegar, og i enkelte kommunar er det krevjande å få nok kapasitet på området. Det er også mangel på enkelte spesialistar på sjukehusa. Å utdanne fleire av legestudentane i vårt eige distrikt vil kunne styrke både rekruttering av legar til fastlegeordninga og av spesialistar til sjukehusa våre. Ei satsing på «Vestlandslegen» vil bety å ta i bruk enno fleire praksisarenaer i heile regionen, også ved lokalsjukehus som i Stord, Voss og Lærdal, samt kommunehelsetenesta, i tillegg til den store aktiviteten som er i Rogaland per i dag. Dette vil understøtte heile regionens helsetenester med høgt kompetente fagfolk som er utdanna i og har sine praksiserfaringar blant befolkninga på vestlandet.
Styret i Helse Vest har vedtatt å støtte opp om prinsippa bak «Vestlandslegen». Dei tilrår at UiBs modell blir lagt til grunn for vidare opptrapping av legeutdanning i Helse Vest. Også Vestland fylkesting støttar «Vestlandslegen». Det gjer også vi. I staden for å byggje opp eit eige medisinsk fakultet i Stavanger, som i stor grad berre må overta den kapasiteten som allereie blir brukt der i dag, bør ein utvide dagens samarbeidsmodell for ei slagkraftig medisinutdanning på vestlandet. Slik kan ein sikre heile landsdelen som praksisarena og utdanne legar i tråd med innbyggjarane våre sitt behov. Vi vonar at «Vestlandslegen» får tverrpolitisk støtte.
Innlegget stod først på trykk i Bergens Tidende.
Nyeste artikler
Bygde egen ChatGPT for å formidle forskning. — Vi må tenke nytt
Kunstig intelligens er en avsporing
Universitetet i Bergen vil boikotte eksamensavgift
Lærerutdanning i krise: Mindre undervisning, og undervisere som sliter
Magne Haakstad (1942-2024)
Mest lest
Dag O. Hessen innklaget til forskningsetisk utvalg
For fem år siden vant han nobelprisen. Nå er 13 av artiklene hans trukket
Om min «plagiering» og bruk av egen tekst
Realnedgang for universiteter og høgskoler, mer til fagskoler
Ny rangering: Disse rektorene leder Nordens beste universiteter