kunstig intelligens

NHH-professor om KI-revolusjon og læring:
— Humaniora er viktigast

Vi må demontere ideen om læring og legge puslespelet på nytt, meiner Alexander Selvikvåg Lundervold. Til det treng vi pedagogar, filosofar og historikarar.

Alexander Selvikvåg Lundervold, professor ved NHH
Filosofar, historikarar og pedagogar bør vere i førarsetet i møtet med KI- revolusjonen, meiner NHH-professor Alexander Selvikvåg Lundervold.
Publisert Sist oppdatert

Sjølv høyrer han heime i dei «harde» faga, og forskar og underviser til dagleg i teknologi – med kunstig intelligens (KI) og maskinlæring som spesialitet. Men det er framfor alt til dei såkalla «mjuke» faga vi må sjå for å finne ei farbar rute til læring framover, meiner Alexander Selvikvåg Lundervold, professor ved Institutt for strategi og leiing ved NHH.

— Vi må tilbake til teiknebrettet. I kvardagen har vi ofte lite rom til å tenke djupare gjennom fundamentet for det vi driv med. Men dette er kanskje viktigare enn nokon gong no, seier han.

På dei tre åra som har gått sidan ChatGPT kom på marknaden og snudde opp ned på studentkvardagen, forskarkvardagen, undervisarkvardagen – kort sagt heile forskings- og utdanningssektoren, har universitet og høgskular vore gjennom heile kjensleregisteret, frå mørk pessimisme til høgstemt optimisme, via panikk og maktesløyse.

Det nyttar ikkje å vispe i overflata i møte med utfordringane som gjeld korleis vi tenker om kunnskap og læring, meiner Lundervold – og det er nettopp det – det må tenkast.

Teknologar kjem til kort

— Vi må stille oss dei grunnleggande spørsmåla. Kva er læring, korleis fungerer det, kvifor driv vi med det? Djupast sett handlar det om skape gode, gagns menneske med kritisk sans. Det kan høyrast ut som flosklar, men dette er det vi må forstå og løyse, korleis vi skal få til dette i KI-verda.

Og det er her, for å kunne svare på desse spørsmåla, at han meiner hans eige teknologiske univers åleine kjem til kort.

— Dei som er best plasserte er i stor grad humaniora- og samfunnsfag. Det er ikkje dei som er mest i det praktiske, men dei jobbar med prinsippa. Pedagogar har forståing for det fundamentale, det som er mekanismane i læring. Historikarane forstår korleis ting har vore. Filosofar forvaltar sjølve grunnlaget, ideane og verdiane bak det vi held på med, seier Lundervold.

— Humaniora er ekstremt godt plassert og burde vere i førarsetet i møtet med KI- revolusjonen. Kort sagt, vi må slå opp i dei gamle bøkene, frå og med Platon, og så må vi tenke nytt derifrå.

Kognitiv underbelastning

Eit statleg utval som skal levere innstilling hausten 2026 kom nyleg med nokre anbefalingar om bruk av kunstig intelligens i høgare utdanning. Blant anna rådde utvalet institusjonane til å prøve ut KI som automatisk sensor for studenteksamen.

I den internasjonale handelshøgskuleverda har ein annan omfattande rapport sett fingeren på mange av utfordringane. 

Rapporten frå CEMS peikar på ei «KI-kløft» mellom studentane. Medan nokon brukar teknologien til alt, er andre meir tilbakehaldne. Ifølgje rapporten opplever mange det som urettvist at medstudentar kan oppnå gode resultat med langt mindre «manuell» innsats og eiga tankekraft.

CEMS er ein allianse av 33 handelshøgskular og 70 businesspartnarar verda over.

Rapporten peikar også på faren for kognitiv «underbelastning», altså at bruken av KI skal svekke evna til sjølvstendig, kritisk og kreativ tenking.

— Dette er absolutt ei relevant bekymring, meiner Lundervold.

Men ideen om at det skal vere ei vesentleg kløft mellom tilsette og studentar meiner han er ein myte.

— Det er ein tendens til å tenke at dei unge studentane er skikkeleg gode på dette nye, medan lærarane er nærast for ludittar å rekne. Men dette er ikkje sant, i alle fall ikkje empirisk sant.

Erfaring avgjerande

Lundervold meiner det ligg noko meir grunnleggande bak.

— Verdien i denne forma for KI verkar til å følgje ei U-kurve: Språkmodellane er svært gode til å hjelpe nybegynnarar med å lære noko nytt, og svært gode til å hjelpe ekspertar med å gjere meir, raskare og med høgare kvalitet. Men dei fungerer dårlegare, og stundom med negativ effekt, når folk utan djup kunnskap brukar dei til å produsere noko, seier han.

Det er altså erfaringa og kor fagleg moden ein er som er avgjerande, ikkje alder eller digital kompetanse, meiner Lundervold. Og mønsteret gjeld langt utanfor auditoriet og klasserommet.

— Dette er ei utfordring for heile arbeidslivet, ikkje berre for oss i utdanningssektoren. Men det er kanskje hos oss det blir mest synleg, fordi vi har ansvar for dei som er midt i overgangen frå å forstå til å faktisk gjere.

HF på NHH?

Lundervold er opptatt av å understreke at det blir gjort mykje godt arbeid både nasjonalt og internasjonalt for å finne ut korleis læring skal skje no og i framtida.

— Vi står i ei svært kompleks omstilling, ei omvelting. Etter at ChatGPT kom som ei bombe inn i utdanningssektoren i november 2022, har vi alle tenkt, kva skal vi gjere no? Vi har måtta ta eit sjumilssteg, og det er eit stort skilje mellom før og etter. Eg tenker på det som ei rulletrapp, der vi som sektor står i ei som går nedover, ofte i rykk, og vi skal kome oss oppover. Det er ikkje eit alternativ å slutte å klatre oppover. Men vi snakkar om fleire år med ombygging av utdanningane.

— På tide med eit humanistisk institutt på NHH?

— Kvifor ikkje!

Powered by Labrador CMS