Strengt regulert opnar universitet og høgskular for dei første få, sidan starten på koronakrisa. Likevel er det varsla at heimekontor er det siste som blir avvikla før ein er tilbake til normalen.
Universitets- og høgskulerådet har skissert ei gradvis opning av universitet og høgskular. Det er likevel høgst uvisst når rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, kan ta imot fleire enn dei få naturfag, ingeniør- og jordmorstudentane som får sleppe til neste veke.Tor Farstad
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert)
Den 7. april bestemte regjeringa at dei fysiske lokala på høgskulane og universiteta skulle opnast for ei lita gruppe studentar og tilsette frå måndag den 27. april. Til saman er det, ifølge statsråd Henrik Asheim på pressekonferansen rett før påske, snakk om 16.000 studentar.
— Saman med heile den norske befolkninga har vi fått koronapandemien under kontroll. Difor kan vi opne opp utdanningsinstitusjonane for nokon utvalde grupper, slo forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) fast i ei pressemelding.
Berre dei innanfor fagområda utøvande musikk- og kunstfag, media- og designfag, matematisk-naturvitskapelege og teknologiske fag, samt helsefag som treng tilgang til øvingslokale, laboratorium og andre ferdigheitsrom for å fullføre utdanninga denne våren får tilgang.
Spørsmålet om korleis den større hopen gradvis kan vende tilbake, finst det ingen svar på i dag. Det uroar rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, som også er leiar i Universitets- og høgskulerådet (UHR).
Komplisert for nye studentar
Universiteta er i full gang med plan B for hausten – med studiestart for mange nye studentar. Realiteten kan bli at både sosiale tiltak dei vanlegvis møter, som fadderveker og faglege arrangement, kan bli svært kompliserte å få til.
— Vi er blant anna opptekne av kor mange studentar vi faktisk kan rekne med å samle i august. Vi vil gjerne kunne ta imot dei nye studentane fysisk. Inntil vidare styrer vi etter det helsedirektøren har sagt om at maksimalt 30 personar kan samlast, ut året. Dersom det blir ståande, kan vi ikkje gjennomføre på vanleg måte, seier Olsen.
Han håper regjeringa kjem med signal neste veke om korleis ei gradvis gjenopning kan skje vidare, slik at det blir mogleg å få ei klarare retning på planlegginga av hausten. 29. april held regjeringa pressekonferanse.
Dag Rune Olsen, UiB-rektor og UHR-leiar, førebur seg på ei komplisert semesteropning i haust.Siri Øverland Eriksen
Også Universitetet i Oslo (UiO)-rektor, Svein Stølen, seier han ser fram til ein dialog med Kunnskapsdepartementet om den vidare gjenopninga av universiteta og høgskulane.
— Mange av våre samarbeidspartnarar og konkurrentar i instituttsektoren og sjukehusa, har heile vegen i større grad vore opne. Vi kan ikkje forbli nedstengde i lengda, vi må få til ei gradvis opning med ordentlege smitteverntiltak. Vi håper og trur det blir mogleg i mai og juni. Eg trur det er ein viktig beskjed at vi er optimistiske med tanke på resten av semesteret, hausten og det å finne ein god balanse, seier Stølen.
— Eg håper vi snart kan sjå lyset i enden av tunellen og at vi snart kan arbeide for at universitetet igjen blir ein møteplass for menneske. Å tenke at det skal vere eit nedstengt universitet resten av semesteret og eventuelt året er tungt for oss alle, seier Stølen.
Med seg i ønsket om klareringar frå regjeringa har Olsen og Stølen prorektor for utdanning ved NTNU, Berit Kjeldstad.
— Alle tenker plan A, B og C for hausten no. Vi ser at UiO planlegg for digital undervisning til hausten også, men ved NTNU har vi ikkje tatt ei avgjerd kring dette enno. Men vi jobbar med fleire ulike scenario, som er heilt avhengige av kva slags smittevernhensyn vi blir oppmoda om å følgje. Her treng vi nasjonale signal, seier Kjeldstad til Khrono.
Ho peiker på alle dei vanskelege prioriteringsrundene universiteta og høgskulane må gjennom framover. Den delvise opninga som skjer måndag, er streng og har tydelege retningslinjer, meiner Kjeldstad, det er vegen vidare ho tenker mest på.
— Gitt at vi får ein gradvis oppstart, då må ein inn med andre typer kriterium for kven som skal få prioritet og ikkje. Det er meir komplekst, seier Kjeldstad.
Prorektor for utdanning ved NTNU, Berit Kjeldstad, meiner det må kome tydelege signal frå regjeringa om korleis universiteta og høgskulane skal tenke studiestart til hausten.Skjalg Bøhmer Vold
UHR: Heimekontor heilt fram
Universitets- og høgskulerådet har i samråd med rektorane frå dei største universiteta i landet spelt inn ei skisse til regjeringa som legg opp til ei gradvis opning i fire fasar. Den første fasen er no – og retningslinjene frå regjeringa i første fase bygger på UHR-skissa.
Det er grunn til å tru at departementet vil ta utgangspunkt i scenarioet frå UHR når dei skal stake ut vegen vidare.
I den neste fasen legg skissa opp til «normal tilgang til alle eksperimentelle fasiliteter, verksteder, studios, atelierer og delvis bruk av kontorfasiliteter hvis hjemmesituasjonen eller arbeidsoppgaver krever det», for tilsette og stipendiatar. Det blir her også opna for ein viss tilgang til undervisning for masterstudentar i siste fase av arbeidet.
I fase 3 kan det bli opning for seminargrupper og laboratorieundervisning slik UHR har skissert det, sjølv om det meste framleis skal skje digitalt. For dei tilsette vil arbeidssituasjonen i all hovudsak vere som i fase to – heimekontor blir tilrådd heilt til fjerde fase, den siste før normalsituasjonen. Då ser UHR for seg full tilgang for alle tilsette, med unntak for risikogrupper. Undervisinga blir som vanleg, men med tilrettelegging for risikogrupper for koronavirus.
Tolkar retningslinjer strengt
Khrono har vore i kontakt med ei rad av dei offentlege forskings- og utdanningsinstitusjonane i forkant av den første gjenopninga:
Universitetet i Oslo
Ved Universitetet i Oslo (UiO) er det fakulteta, som basert på retningslinjene frå regjeringa, tek avgjerdene om kva slags studentar og tilsette som vil få moglegheit til å kome tilbake på campus komande måndag.
Difor har dei ikkje sentralt ei fullstendig oversikt over kor mange det er snakk om.
— Vi baserer oss på tillit. Vi er eit stort universitet og vi kan ikkje sitte på toppen å styre dette i detalj. Men vi har ein god dialog ut i organisasjonen og har klare retningslinjer. Det er viktig at vi har denne tillitsbaserte tilnærminga, seier rektor Svein Stølen til Khrono.
Universitetet i Bergen:
Også Universitetet i Bergen vil følgje retningslinjene frå regjeringa strengt.
— Det betyr at dei som får tilgang er masterstudentar, stipendiatar og postdoktorar som er i avslutningsfasen innan helse, realfag, kunst, teknologi og design – det er det som er heilt klart definert i brevet. Blant dei tilsette er det dei som har ein rettleiarfunksjon som er avgjerande for at dei nemnde stipendiatane skal kunne gjere sin jobb som får tilgang, seier rektor Dag Rune Olsen.
Fakulteta får også løyve til å gi tilgang dersom dei meiner det er naudsynt for å kunne halde søknadsfristar for nye prosjekt og anna kritisk viktig forskingsarbeid.
Ved Det medisinske fakultet og Det psykologiske fakultet, vil tilgangen til laboratoria bli tilsvarande som for dei tilsette i Helse Bergen, får Khrono opplyst.
Universitetet i Bergen jobbar med nettbaserte opplæringsmodular som mellom anna handlar om hygienetiltak og kva tiltak som gjeld på dei ulike områda.
— Dei som møter på måndag den 27. skal ha tilgang og både lese, lært og kvittert, seier Olsen.
Og det er snakk om 184 studentar, 186 stipendiatar, 50 postdoktorar, 182 teknisk-administrativt tilsette og 146 vitskapeleg tilsette, får Khrono opplyst måndag.
Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU)
NTNU har heile vegen hatt noko verksemd på campus, som eksperimentell verksemd i laboratorium, noko ekstern FoU-aktivitet, stell av dyrestallar og anna verksemdkritisk aktivitet. Det opplyser kommunikasjonssjef Siv Anniken Røv til Khrono.
Ingen av NTNUs campusar har vore nedstengde for dei med adgangskort med kode, men studentar har ikkje hatt adgang utan avtale, opplyser Røv. Men etter at Kunnskapsdepartementet bad NTNU om å rapportere kor mange studentar som var på campus, stengte universitet kollektivt adgangen for studentar ved å deaktivere adgangskorta.
— Det er studentar og tilsette i rekrutteringsstillingar som er heilt i sluttfasen av sine studium og prosjekt, og som er heilt avhengige av utstyr på campus for å slutteføre, som no får moglegheit til å møte på campus i neste veke, skriv Røv i ein e-post.
Fakulteta hadde frist torsdag til å melde frå om kva slags studentar som skal ha tilgang på campus frå måndag av. Det er snakk om totalt 344 studentar fordelt på NTNU sine campusar i Trondheim.
Ein del av desse dispensasjonane er tidsavgrensa og gjeld berre nokre dagar, opplyser Røv.
— NTNU har ikkje gjort ulike smittevurderingar for dei tre byane Trondheim, Ålesund og Gjøvik. Vi har hatt same vurdering for avgrensing av smitte for alle tre byane, opplyser Røv.
Studiestad Ålesund og Gjøvik har ikkje bede om tilgang for sine studentar, ifølgje oversikta Khrono har fått oversendt.
Ved Norges Handelhøgskule (NHH) er det framleis stengt på campus for alle studentar og tilsette, inntil regjeringa har kome med nye vurderingar. NHH har laga følgjande reglar for dei som har behov for å opphalde seg på campus i kortare periodar. Det betyr mellom anna at studentar som er avhengige av særskilte tenester på biblioteket kan få tilgang, og henting av naudsynte gjenstandar på kontoret er mogleg.
I tillegg gir NHH dispensasjon for jobbing frå NHH sine kontor i særlege tilfelle, etter avtale med nærast leiar og i tråd med retningslinjer for beredskap og retningslinjer.
Universitetet i Agder
Ved Universitetet i Agder vil om lag 100 tilsette og studentar til saman komme tilbake frå måndag av. Det gjeld i hovudsak ingeniørstudentar, kunstfagstudentar og nokre mediefagsstudentar, får Khrono opplyst.
Høgskulen i Molde
Høgskulen i Molde gir ingen av studentane tilgang til campus komande måndag.
— Den einaste relevante kategorien for oss ville ha vore studentar på helsefag. Dei som skal avslutte sitt studium denne våren er inne i ein periode der dei skriv bacheloroppgåve, og har ikkje spesielt behov for tilgang til fysiske fasilitetar som øvingsrom, skriv høgskuledirektør Gerd Marit Langøy i ein e-post.
Når det gjeld tilsette har ikkje campus vore heilt nedstengt for dei den siste tida, får Khrono opplyst.
Langøy ser ikkje vekk ifrå at Høgskulen i Molde kan lette på restriksjonane noko tidlegare enn andre.
Det er lite smitte i vårt område, så vi ser ikkje vekk ifrå at vi på våre kantar gradvis kan lette på restriksjonene tidlegare enn andre delar av landet med meir smitte
Gerd Marit Langøy, høgskuledirektør i Molde
— Det er lite smitte i vårt område, så vi ser ikkje vekk ifrå at vi på våre kantar gradvis kan lette på restriksjonene tidlegare enn andre delar av landet med meir smitte. Det vil likevel ikkje skje utan at sentrale styresmakter opnar for slik differensiering, og at våre lokale kommuneoverlegar også kan tilrå det, skriv Langøy.
Høgskulen på Vestlandet
Det nøyaktige talet på studentar som får kome tilbake på campus komande måndag har ikkje Høgskulen på Vestlandet (HVL) oversikt over. Men frå 27. april opnar campus for nokre få studentar på utvalde emne på ingeniør- og naturfag, som er heilt avhengige av laboratorium på campus for å ferdigstille sine bachelor- og masteroppgåver, og nokre få jordmorstudentar – slik at dei får fullført studieløpet denne våren.
Det blir også laga ordningar for avsluttande studentar på nautikk og dykkarutdanninga, men at dette ikkje vil gå føre seg på campus.
Høgskulen i Innlandet
Heller ikkje ved Høgskulen i Innlandet (HINN) har dei ei samla oversikt over kor mange studentar og tilsette som vil kunne kome tilbake.
Men dei forheld seg strengt til retningslinjene frå Kunnskapsdepartementet, opplyser kommunikasjonssjef Frode Skår.
— Det betyr eigentleg færrast mogleg — berre dei avgangsstudentane innan dei nemnde fagområda som må ha tilgang til spesialrom og utstyr på campus for å ikkje bli forseinka i sine løp, og med føresetnad om at smittevernreglane kan overhaldast. Det same gjeld stipendiatar og andre medarbeidarar, der hovudregelen er at så mange som mogleg framleis skal jobbe heimanfrå, skriv Skår i ein e-post.
Skår opplyser at det i hovudsak er opp til fakulteta å bestemme kven som skal få tilgang og ikkje.
Han minner også om at HINN har bestemt at det ikkje vil setjast i gang ordinær auditorium- og klasseromsundervisning resten av året.
Idrettshøgskulen
Norges idrettshøgskule (NIH) har heile vegen hatt strenge restriksjonar på kven som skal få opphalde seg på campus. Studentar har ikkje hatt tilgang og dei få tilsette som har opphalde seg der, må ha fått godkjenning frå næraste leiar for å arbeide på sitt eige cellekontor.
Det opplyser administrerande direktør Lise Sofie Woie, som seier dei har laga oversikt over kven som har vere på campus samstundes og at reinhald skjer i forlenging av dette.
— Frå mandag 27. april opnar vi opp for nokre få stipendiatar og masterstudentar. Det er snakk om totalt fem stipendiatar, fire internship-studentar og fire- fem masterstudentar, skriv Woie i ein e-post.
OsloMet
Ved OsloMet - storbyuniversitetet er det mellom 50 og 100 studentar og tilsette som vil få kome inn dørene fordelt på dei ulike studiestadane måndag.
— Denne avgrensa opninga er grundig vurdert opp mot smittestatusen i Oslo-området, som er den regionen i landet som er mest utsett. Difor må vi fortsette å vere restriktive, skriv rektor Curt Rice i ein e-post.
Høgskulen i Østfold
Høgskulen i Østfold har tolka den delvise opninga strengt, opplyser informasjonssjef Tore Petter Engen. Rundt 50 studentar og 10 faglærarar vil kunne vende tilbake til campus måndag.
Informasjonssjef på Høgskolen i Østfold Tore Petter Engen.Skjalg Bøhmer Vold
— Vi har nokre svært få inne på campus av tilsette. Dette gjeld ut ifrå ei heilheitsvurdering av den tilsette sin situasjon. Hjå oss er det snakk om enkeltmedarbeidarar i samband med opptak og driftspersonell på campus, skriv Engen i ein e-post.
Engen opplyser også at dei har laga eigne smittevernsprosedyrar for dei gruppene som skal tilbake på høgskulen den 27. april.
UiT - Noregs arktiske universitet
Campusane ved UiT - Noregs arktiske universitet har ikkje vore fullstendig stengt for dei tilsette. Mellom 10 og 15 prosent har hatt tilgang til å arbeide på campus under koronakrisa, opplyser kommunikasjonssjef Hanne Karde.
— Dette talet vil ikkje endre seg vesentleg etter 27. april. Når det gjeld studenttala vert dei regulerte av fakulteta som har studentar som er innanfor dei definerte gruppene som skal få tilgang. Vi har ikkje eit samla tal for institusjonen som heilskap per no, skriv Karde i ein e-post.
Samisk høgskule
Styret ved Samisk høgskule vedtok i dag å opne campus for tre duodjistudentar som skal ta ein avsluttande eksamen i vår og som treng tilgang til tilpassa duodjiverkstad på campus.
Det opplyser rektor Laila Susanne Vars.
— Det vil også bli open for at nokre få fagtilsette med ansvar for gjennomføring av denne utdanninga vil få tilgang til campus for fagleg rettleiing og oppfølging av desse studentane, skriv Vars i ein e-post.
Musikkhøgskulen
Ved Norges musikkhøgskule er det fleire som hamnar innanfor faggruppene som regjeringa gir løyve til å kome tilbake til campus komande måndag.
Det er snakk om ca. 120 studentar og 40-50 tilsette, opplyser Camilla Sønstabø Thorkildsen, som er studie- og FoU-sjef.
— Dette er avgangsstudentar på utøvande studium på bachelor og master som treng tilgang på instrument og øverom for å kunne førebu avsluttande eksamen. Dei tilsette som får tilgang er i hovudsak hovudinstrumentlærarar og akkompagnatørar som er involverte i eksamensførebuingane, nokre stipendiatar i avslutningsfasa, dessutan nokre administrative og driftstekniske tilsette, supplerer Thorkildsen.
Det vil foregå på den måten at studentane sjølve melder inn behov for tilgang på rom og instrument.
— Dei får så tildelt dedikerte øverom, slik at det i lita grad vil vere snakk om deling av instrument og rom, opplyser Thorkildsen.
Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU)
Administrasjonsdirektør og beredskapsleiar ved NMBU, Lars Atle Holm, opplyser til Khrono at universitetet følgjer råda frå regjeringa og helsestyresmaktene.
— Dei som har behov, må grunngi dette overfor leiinga ved fakulteta og avdelingane, og løyve vert gitt deretter, i tråd med KD sine retningslinjer, samt med gjeldande smittevernreglar, skriv Holm i ein e-post.
Administrasjonsdirektør og beredskapsleiar ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, Lars Atle Holm.Siri Øverland Eriksen
Universitetet i Stavanger
Ved Universitetet i Stavanger mellom 200 og 250 studentar og 15-20 tilsette få tilgang på campus måndag.
Dei fleste studentane er frå teknisk-naturvitskapeleg fakultet, men det er også nokre mediestudentar, musikkstudentar frå utøvande kunstfag og nokre stipendiatar på Det helsevitskapeleg fakultetet.
Politihøgskulen
Politihøgskulen vil forbli stengt for all vanleg aktivitet også etter måndag 27. april, får Khrono opplyst.
Likevel vurderer dei fortløpande situasjonen, spesielt for avgangskullet.
— Vi vurderer fortløpande, for alle studiestadar, om vi kan gjennomføre praktisk operativ aktivitet for den delen av avgangskullet som ikkje har gjennomført dette emnet, skriv rektor Nina Skarpenes i ein e-post. Og legg til:
— Enkelte tilsette, som har særleg behov for å vere på arbeidsplassen, kan få moglegheit til det etter avtale med næraste leiar.
Ved Høgskulen i Volda er det om lag tjue studentar som får kome tilbake på måndag, opplyser rektor Johann Roppen til Khrono.
Dette er studentar innan mediefag og kulturfag.
— Tilsette kjem i lita grad attende. Desse studentane skal ikkje få noko rettleiing på høgskulen, den skjer digitalt for alle. Det er snakk om at dei skal få tilgang til utstyr dei kjenner frå før, seier Roppen.
Han opplyser at høgskuleleiinga har vore i kontakt med kommunelegen i Volda i samband med den første opninga.
— No er talet på smitta i Volda null, seier Roppen.
Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, opplyser at smitta i Volda no er null.Øystein Torheim
Universitetet i Søraust-Noreg
Om lag 150 studentar fordelt på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) sine åtte campusar får kome tilbake på måndag, får Khrono opplyst.
Studentane det er snakk om er dei som er avhengige av tilgang til fasilitetar på ein av campusane for å avslutte utdanninga si våren 2020.
— Av våre 1900 tilsette er det til dagleg gjennomsnittleg ca. 150 tilsette til saman på våre åtte campus som er tilstades på campus pga. arbeidsoppgåvene sin art. Vi trur ikkje talet vil endre seg som følgje av den delvise opninga. Talet blir monitorert to gonger per veke, skriv rektor Petter Aasen i ein e-post.
Nord universitet
Etter å ha bede fakulteta ved Nord universitet om å kome med konkrete tilbakemeldingar på kva slags type aktivitetar det kan vere aktuelt å prioritere, så har universitetet konkludert med at det er snakk om kring 125 studentar og kring 60 fagleg tilsette som vil kunne vende tilbake måndag.
Det er studentar i all hovudsak knytt til Fakultetet for biovitskap og akvakultur, samt kunst- og kulturfaga, opplyser kommunikasjonssjef Andreas Førde.
— Det er søkt om løyve frå Helsedirektoratet for ei studentgruppe kor det er utfordrande å overhalde smittevernråda. Dei tilsette som må vere på jobb vil få ei rolle med oppfølging av desse studentane dersom dei får innvilga løyve til å vere på campus, skriv Førde i ein e-post.
(Saka er oppdatert 27.04 kl. 10.26 med tal frå Universitetet i Bergen og NTNU på kor mange studentar som har løyve til å vere på campus frå måndag av.)
På grunn av eit medisinsk inngrep blir rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet sjukemeldt frå 23. januar, skriv universitetet i ei pressemelding.
-- Legane har avdekt at eg har brystkreft. Eg skal gjennom ein operasjon først, og korleis forløpet blir etterpå, er ikkje avklart. Det er derfor uvisst kor lenge sjukemeldingsperioden vil vare, seier Hansen.
Det var deltakinga i mammografiprogrammet som gjorde at kreften blei oppdaga tidleg.
-- Til alle andre kvinner: Følg opp alle screeningar de får tilbod om, oppmodar Hansen.
Prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk, fungerer som rektor i sjukemeldingsperioden.
Khrono har spurt om å få eit intervju med Hansen, men ho meldar at ho treng ro, må lade opp og førebu seg på operasjon på mandag. Difor takkar ho nei til slike førespurnadar.
Nokut (nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) har startet en gjennomgang av kvalitetsarbeidet ved seks vitenskapelige høgskoler.
De seks er: Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO), Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).MF vitenskapelig høyskole (MF), Norges Handelshøyskole (NHH), Norges idrettshøgskole (NIH) og Norges musikkhøgskole (NMH).
— Denne gruppen med institusjoner rommer om lag 10 000 studenter fordelt på en rekke studietilbud på bachelor-, master og doktorgradsnivå, og i oppfølgingen vurderer vi institusjonenes arbeid med å sikre og videreutvikle kvaliteten i alle studietilbudene de tilbyr, sier avdelingsdirektør for høyere utdanning Hege Brodahl.
Dette er fjerde runde i en periodisk gjennomgang av kvalitetsarbeidet ved alle universiteter og høgskoler.
De seks vil få institusjonsbesøk høsten 2026, med tilsynsvedtak og vedtak i Nokuts styre våren 2027, skriver Nokut på sine nettsider.
Representanter fra de seks vitenskapelige høgskolene var på oppstartmøte for oppfølgingen av kvalitetsarbeidet 14. januar.
Universitetet i Agders kampanje Rødt flagg, som er en holdningskampanje med formål å forebygge seksuell trakassering, er en av finalistene til Den store kommunikasjonsprisen.
Prisen deles ut av Kommunikasjonsforeningen, Kom24 og Retriever under et arrangement 5. februar.
— Det er alltid gøy å bli anerkjent av sine fagfeller, og spesielt når det er for et viktig prosjekt med mening. Anerkjennelsen ved å bli nominert er viktigere enn hvilken plass vi ender på til slutt, sier kommunikasjonsdirektør Øyvind Dagsvik Eskedal ved UiA på uia.no.
Rødt flagg-kampanjen ble initiert av UiAs studenter i 2024, og utviklet i samarbeid med Senter for likestilling ved UiA og kommunikasjonsavdelingen.
— Det unike i kampanjen er hvordan den bruker målgruppens eget språk og henvender seg til potensielle overgripere som kanskje ikke er bevisste nok på egne handlinger, sier Eskedal.
UiA (i rødt) ved kommunikasjonsdirektør Øivind Dagsvik Eskedal (t.v.), kommunikasjonsrådgiver Damares Stenbakk og grafisk designer Saara M. Ojanen. under prisutdelingen under EUPRIOs konferanse i Lisboa..UiA/FORTHEM Alliance
For to uker siden åpnet regjeringen for søknader til studiegjeldssletting og har fått massiv respons.
- Jeg er veldig glad for den store interessen, og har tro på at gjeldsslette vil bidra til bedre tilgang på helt nødvendig kompetanse i hele landet, sier forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i en pressemelding.
Regjeringen ble i statsbudsjettet for 2026 enige om gjeldsslette i 189 kommuner. Yrkesaktive låntakere som bor i kommunene, kan få slettet 25.000 kroner fra studielånet. I Nord-Troms og Finnmark er beløpet dobbelt.
Nær 10.000 har søkt om gjeldsslette i Vestland fylke, og det er også tre kommuner der som er på topp i antall søkere. Det er Sunnfjord, 1702 søkere, Sogndal, 1057 søkere, og Kinn, med 1028 søkere.
Da statsbudsjettet først kom, droppet Arbeiderpartiet gjeldssletteordningen i 101 kommuner. Det fikk såpass sterke reaksjoner at regjeringen til slutt måtte snu og innføre gjeldsordningen i alle kommunene de hadde lovet.
Sigrun Aasland er glad for den store interessen på gjeldssletteordningen. Her på Kontaktkonferansen 2026.Ketil Blom Haugstulen
NTNU-styreleder Remi Eriksen har blitt diagnostisert med kreft, og trer derfor midlertidig til side både fra styreledervervet og fra jobben som konsernsjef i Det Norske Veritas (DNV).
I en pressemelding fra DNV opplyses det at Eriksen ble diagnostisert i forrige uke, og at han er optimistisk og håper å komme seg helt.Universitetsavisa viser til en melding på NTNUs intranett der universitetet skriver at det foreløpig ikke er avklart hvem som tar over rollen som styreleder mens Eriksen er til kreftbehandling.
NTNUs styreleder Remi Eriksen, her avbildet sammen med rektor Tor Grande under et tidligere styremøte, trer til side som styreleder mens han får kreftbehandling.Espen Halvorsen Bjørgan
Byrådsleder i Bergen, Christine Meyer (H), tar ikke gjenvalg.
Hun vil tilbake til sin stilling som professor ved Norges handelshøyskole (NHH) etter kommunevalget i 2027. Til Bergens Tidende (BT) sier Meyer at hun alltid har sett for seg å bruke de siste årene av arbeidslivet på NHH. Meyer er straks 62 år gammel og har vært byrådsleder siden 2023.
Meyer har permisjon fra stillingen som professor i strategi og ledelse ved NHH. Hun ble professor i 2007, og fullførte doktorgraden i 1996.
Den siste tiden er det fremmet flere mistillitsforslag mot byrådet i bystyret, blant annet rettet mot Meyer.
– Jeg kan med hånden på hjertet si at disse sakene ikke har hatt noen innvirkning på min beslutning, sier Meyer til BT.
Christine Meyer (til venstre) sammen med ordfører Marit Warncke, som heller ikke tar gjenvalg.Høyre
Totalt gir regjeringen 67 millioner kroner til forskningssamarbeid med ukrainske forskere, og har nå gitt de første elleve forskningsprosjektene til sammen 16 millioner kroner.
— Når krigen tar slutt, vil forskning være avgjørende for å bygge opp landet. Norge er en nær støttespiller til Ukraina, også innen forskningen, og nå knytter vi norske og ukrainske forskningsmiljøer enda tettere sammen, sier forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i en pressemelding.
Hun mener internasjonalt samarbeid er avgjørende for ukrainske forskere og forskningsmiljøer.
Norges forskningsråd har samarbeidet tett med det ukrainske forskningsrådet om utlysningen, som var åpen for alle temaer. Det kom inn mange gode søknader, skriver regjeringen i pressemeldingen sin.
— Gjennom satsingen bidrar vi til å opprettholde og videreutvikle ukrainsk forskning, og legge grunnlaget for internasjonalt samarbeid som vil være avgjørende for Ukrainas fremtid. Det er svært viktig for oss å samarbeide med Ukraina og bidra til å styrke forskningen i en uhyre vanskelig tid, sier administrerende direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit.
Blant prosjektene er et samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og Lviv Polytechnic National University, som skal samarbeide om å utvikle bærekraftige natriumbatterier ved hjelp av avansert nanoteknolog.
Universitetet i Bergen og ukrainske forskere skal samarbeide om å styrke sikkerheten i kunstig intelligens og kryptografi.
Sigrun Aasland sier forskning vil være avgjørende for å bygge opp igjen Ukraina etter krigen. Nå knytter norske og ukrainske forskningsmiljøer seg enda tettere sammen.Ole Martin Wold
Olav Thon Stiftelsen deler ut seks priser for fremragende undervisning i høyere utdanning, melder stiftelsen i en pressemelding.
Hver prisvinner mottar en halv million kroner, medalje og diplom. Se listen over prisvinnerne nederst i saken.
I tillegg gir Olav Thon Stiftelsen støtte til nordisk forskningssamarbeid i medisin. Tre nordiske forskningsprosjekter får 16 millioner kroner over fire år, for å forske blant annet på Parkinson og Alzheimer.
Utdelingen av undervisningsprisene er 5. mars, i Universitetsaulaen til Universitetet i Oslo (UiO). To av prisvinnerne er forskere ved UiO, og rektor Ragnhild Hennum gratulerer.
– Forskning og utdanning er vår kjernevirksomhet og fremste bidrag til samfunnet. Jeg er veldig stolt av det imponerende arbeidet som blir lagt ned av vinnerne – og øvrige undervisere og forskere på UiO – hver eneste dag, sier Hennum på universitetets nettside.
Disse vinner pris for fremragende undervisning:
Professor Jostein Bakke, geovitenskap, Universitetet i Bergen
Dosent Morten Brekke, matematikk/naturvitenskap, Universitetet i Agder
Professor Lars Herfindal, farmasi, Universitetet i Bergen
Professor Karina Bakkeløkken Hjelmervik, matematikk, Universitetet i Sørøst-Norge