Nord-Noreg går tom for lærarar. Skal Gabrikke ha ein skule å gå til i morgon?
Gabrikke-Helen Martinussen (7) er ein av 25 elevar på Sørarnøy skole i Gildeskål kommune. På dei finaste vinterdagane kan ho ta skøytene over skuldra og gå på tur med klassen til Storåstjønna.Foto: Njord V. Svendsen
Studieplassane står tomme. No håper universitetet å finne lærarstudentar der ingen skulle tru.
Ungane avsluttar
dagen med ein song. Raude i kinna, slitne, men fornøgde, med fuktige luer og
varmedressar, stiller dei seg opp på skuletrappa.
Det er
ikkje noko spesielt med dette, ei scene som dagleg utspelar seg på hundrevis av
andre skular i landet. Dagen går. Klokka tikkar. Ein ny dag kjem. På vesle
Sørarnøy skole og barnehage i Gildeskål i Nordland, ser verda likevel litt
annleis ut enn ho gjer dei fleste andre stader.
Her, langt oppe mot nord,
med ei lysande strand, mellom høgfjell og fjord, som det heiter i Elias
Blix’ lengtande strofer, er det så vakkert at det kan gjere vondt. Men
naturen — som læraren, professoren, salmediktaren, og Gildeskåls store son, skildra så presist for hundre og tjue år sidan — er ikkje nok.
På
Sørarnøy skole er det usikkert kor lenge klokka skal tikke, kor mange dagar som
skal kome. Faren for at skulen ein dag blir redusert til eit fjernt
«Barndomsminne frå Nordland», som er tittelen på Blix’ nordnorske
«nasjonalsong», er reell.
— Det er
sårbart, veldig sårbart, seier rektor Eva-Helen Fagermo.
Éi
sjukmelding, og du har ein pressa situasjon, der undervisninga for dei 25
elevane på den fådelte (fleire trinn i same klasse) står i fare. For ei tid
tilbake var meir halve staben sjuk over lang tid. Når staben er på sju, og
ikkje alle i fulle stillingar, er det ikkje mange igjen.
Besteforeldre stilte opp. Mødrer. Fedrar. Ein lokal advokat la
paragrafane til side for å jobbe som assistent og lærar på skulen.
Reknestykket
Då
Sørarnøy skole og barnehage nyleg lyste ut ledig lærarstilling, søkte fire
kandidatar. Ein frå Beiarn. Ein frå Pakistan. Ein frå ein stad i verda rektor
ikkje hugsar namnet på.
Sørarnøy er ein såkalla fådelt skule. Lærar Tiril Birkeli Jerijærvi har ansvaret for klassen med elevar frå 1. -4. trinn, inkludert to av hennar eigne barn. Etter nokre år i Finnmark flytta ho heim til lærarjobb på øya der ho voks opp.Njord V. Svendsen
Ein av
søkarane hadde til overmål kvalifikasjonar, og han var frå Inndyr,
kommunesenteret i Gildeskål, på andre sida av fjorden. Heldigvis takka han ja. Skulen
og kommunen snudde seg raskt, og ein pendlaravtale med hybel tre dagar i veka
gjorde susen.
Sett frå
Arnøyane, med tvillingøyane Sørarnøy og Nordarnøy, som heng i hop med ei bru,
er det ikkje arbeidsplassar det står på. Ei entreprenørånd har ein gong festa
seg i det vêrbitne landskapet og dei 250 innbyggarane, ikkje ulikt mange andre
småstader i Nord-Noreg om dagen. Det første du møter når ferja legg til kai er
ei anleggssone. Lakseslakteriet Salten 950 er i gang med ei storstilt
utbygging.
Næringslivet
er avhengig av skulen, reknestykket er enkelt: Dei som skal bu og arbeide her
treng skule og barnehage til ungane sine.
Men mange
lærarar nærmar seg pensjonsalder. Få utdannar seg for framtida. Nord-Noreg går
tom.
Det skortar ikkje på arbeidsplassar på Sørarnøy, og hjørnesteinsbedrifta, lakseslakteriet, er i gang med ei større utbygging. Spørsmålet er heller kven som skal undervise ungane til dei som skal jobbe der.Njord V. Svendsen
I fjor
haust, då Khrono gjorde i oppteljing på dei 10 offentlege institusjonane som
utdannar lærarar i Noreg, mangla 25 prosent av studentane som var tiltenkt ei
utdanning for 1. — 7. og 5.-10.-trinn i grunnskulen. Nord universitets campus i
Bodø er blant dei aller verst stilte:
I oktober
2022 stod 74 av 100 studieplassar tomme.
«Alvorleg»,
var den gjennomgåande kommentaren, mellom anna frå statsråd Ola Borten Moes
statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Hoel (Sp). Han var «veldig
sikker på at det ikkje er ei enkel årsak». Heller ikkje, sa han til Khrono,
kunne han by på «noko trylleformular eller quick fix».
Svara på
korleis krisa skal handterast, korleis skulen på Sørarnøy skal skaffe
kvalifisert arbeidskraft til å undervise ungane til arbeidarane i det
blomstrande næringslivet, var det heller ikkje lett å få auge på.
Men kva
om det finst nokon der ute, som skulle, men ikkje kunne? Som ville, men ikkje
torde? Som har hatt har for mange plikter der heime? Som når dei berre får
kjennskap til kva som er mogleg, kan ta steget inn i ei lærarutdanning og bli gode
lærarar i lokalsamfunna dei lever i?
Nord
universitetet er i gang med å undersøke dette.
I løpet
av nokre vintermånader har representantar frå universitetet turnert i så godt
som alle kommunar i heile Nordland gjennom prosjektet Lærer i nord. Kommunane
er stort sett ivrige samarbeidspartnarar, til liks med lokale
pizzarestaurantar, i håp om utløyse den berømte effekten, vinn-vinn.
Napoli,
Ørnes
Teamet
består av Hanne Gravrok og Marita Jørgensen Hestnes.
To timar
før dørene opnar i lokala dei har fått låne frå Norske kvinners
sanitetsforeining, avdeling Ørnes i Meløy kommune, har dei ad hoc kontor på
«Napoli». Der får dei samstundes lagt
inn ordren på rikelege mengder pizza.
— Eg har
trua på denne måten å jobbe på. Vi må ikkje risikere å bli oppfatta som ein
sånn universitetskoloss i det fjerne, seier Gravrok.
Dei har turnert
Lofoten, Vesterålen, Salten og Helgeland — heile 37 kommunar har hatt besøk av «Lærer
i Nord». Dei har ikkje planar om stanse før dei har vore gjennom heile Trøndelag.
Opplegget er det same overalt.
Dei
besøker vidaregåande skular som vil ta imot dei, sidan inviterer folk flest til
informasjonsmøte etter arbeidstid. Saman mobiliserer folka frå Nord og kommunen
og inviterer alle som kan tenke seg å lære meir om korleis ein kan bli lærar,
eller som alt arbeider i skulen, men som manglar faglege kvalifikasjonar — kort
sagt alle ressursar som kan tenkast å bidra til at det likevel ikkje går tomt
for lærarar.
Det er
alltid eit spenningsmoment kor mange som kjem.
I Meløy
kommune, nabo og storebror til Gildeskål, er der totalt 200 lærarar, fordelt på
8 skular. Den minste, på øya Bolga, har i dag berre fire elevar. «Er du
pedagog og ønsker deg bort fra byens jag?», spør kommunen på nettsidene sine.
Det gjeld å spele på dei strengane ein har.
Her finst
det meste ein friluftselskar kan ønske seg. Her ligg ei redning for
rushtidsslitne byfolk med nordlandslengt. Men det finst også mange andre
kommunar i Nord-Noreg, som kjempar om dei same, for få, lærarane.
Hanne Gravrok frå Nord universitetet har reist land og strand rundt for å inspirerere både ungdom og godt vaksne til å satse på lærarstudiet. Her på Meløy vidaregåande skuleNjord V. Svendsen
— Eg la
ut ein fellesannonse med 16 ledige stillingar seinast i dag, seier kommunalsjef
for oppvekst i Meløy, Mona Mork, som er optimist, men nøktern.
— Det er
vanskeleg å skaffe kvalifiserte lærarar både på barne- og ungdomstrinnet. Det er stor gjennomstrøyming, og ein god del
ufaglærte som ikkje kan tilsetjast fast.
Kvelden og det blå
lyset legg seg over den gule «Kløverstua» til sanitetsforeininga, og det knirkar frå sko i snøen. To, fem, åtte,
elleve … det teiknar til å bli eit brukbart oppmøte.
Inne i
varmen herskar ei koseleg krisestemning.
Nord-teamet ønsker velkommen. Oppvekstsjefane får ordet.
— Eg blir skjelven når eg tenker på framtida, seier Mona
Morks kollega, oppvekstsjef i Gildeskål kommune, Hilde Wiik, som
humoristisk legg til at det berre er å setje alle klutar til, no er det alvor.
— Vi må
berre reklamere for skitvêret og storman og alt!
Statistisk
sentralbyrå peikte for eit par år sidan på at lærarkrisa kan vere eit
forbigåande fenomen. Fram mot 2040 går barnekulla ned, og då blir det jo ikkje
bruk for så mange lærarar. Men det med reduserte barnekull bit ikkje her. Færre
ungar er ikkje akkurat løysinga på stader som Sørarnøy, Bolga, eller
kommunesenteret Ørnes, for den del.
— Vi må berre reklamere for skitvêret og storman og alt!
Hilde Wiik, oppvekstsjef
Teamet
frå Nord universitet har nokre meir handfaste lyspunkt å bidra med. Frå hausten
skal for eksempel campus i Bodø, til liks med Nesna og Levanger, få samlings- og
nettbaserte alternativ for dei som vil utdanne seg til å undervise i
barneskulen.
Dét er
ein nøkkel som kan låse opp lærardøra for fleire av dei som sit i salen.
Kallet
Som for
eksempel for Linn Meløysund, som allereie har jobba som kontaktlærar i snart
fire år. Ho har lenge ønskt å få dei formelle, pedagogiske kvalifikasjonane i
orden. Men med tre barn og ein mann som jobbar skift, er det liksom ikkje så aktuelt å flytte på hybel.
— For
meg er lærargjerninga nesten som ein lidenskap. Men det er umogleg for meg å
følgje noko anna enn ei samlingsbasert utdanning, helst i Bodø, seier
36-åringen.
Pizza, brus, kaffi. Fast rutine på folkemøta i LæreriNord-prosjektet.Njord V. Svendsen
Over
pizzastykket ved sida av henne sit kollega Hilde Skille. Også ho har jobba i
skulen i fleire år. Situasjonen hennar har om mogleg vore endå meir
fastlåst med tanke på å skulle bli student. Mannen er yrkessjåfør og er for det
meste berre heime i helgane. Dei bur på ein gard med dyr som skal passast på.
Dei har fire barn.
— Men eg
brenn for jobben. Det er veldig meiningsfylt. Eg har jobba ein del med ungar
med særskilde behov, og det vil eg gjerne halde fram med, seier ho.
Begge
smiler ein smule ironisk når utdanningspolitikk og «dei som styrer i Oslo» blir
tema. Forstår politikarane og byråkratane i sentrale strøk korleis kvardagen
utspelar seg her? Svar: simultan risting
på hovud.
— Det er
mykje nedsnakking av læraryrket. Men eg opplever mykje positivitet. Og kommunen
er flink til å finne løysingar for å få ting til å fungere, seier Meløysund.
Litt ut i
møtet dukkar den einaste mannen for kvelden opp.
Verktøykassa
Cato
Olsen er i tvil. Det blir litt som å lære seg butterfly på nytt.
Om ein kunne
konvertere studiepoeng frå livets skule til formelle kvalifikasjonar, skulle
han hatt ei professorstilling. Men konglomeratet av jobbar og utdanning han har
bak seg gir null utteljing der han er no.
— Eg har
ei full verktøykasse, men det er feil verktøy, seier han.
Cato Olsen har all erfaringa og manglar alle papira. På møtet i Ørnes i Meløy kommune får han tips frå studierådgivar Marita Jørgensen Hestnes frå Nord universitet.Njord V. Svendsen
Han gjekk
ut i yrkeslivet på «gamlemåten». Kring konfirmasjonsalderen tok han jobb
i fiskeriet.
— Men eg
blei så sjøsjuk.
Flatare vatn toler han, så då dottera begynte med svømming, tok han like gjerne
trenarutdanning som svømmetrenar. Det førte han, i tillegg til å bli
hovudtrenar i Meløy svømmeklubb, til ti år med ansvar for svømmeopplæringa for
skuleungane i kommunen.
På det
tidspunktet hadde han ei lang yrkeskarriere bak seg i industrien, mellom anna
som kuldeteknikar, mellom anna i Sør-Afrika. Han har jobba i barnevernet og
stilt opp med fosterheim. Men på papiret, i skulen, når han ikkje forbi status
som «fagarbeidar».
— Eg har
mykje erfaring med barn, seier han. — Eg synest jo det burde gi litt utteljing.
Cato
Olsen har tatt turen for å sjå om det likevel finst
ein veg til utdanning for ein som han, og om han kan rekke nokre år som utdanna lærar før
han blir pensjonist.
— Livet
kjem ofte i vegen for utdanning, seier han.
Rundetidene
Vintersola
står framleis lågt, men høgt nok til å gnistre i puddersnøen. På Sørarnøy må
dagen nyttast, det er trass alt ikkje så mange av akkurat denne typen. Vinterstormane
kan vere like brutale som sommarnettene er vakre.
Ungane må
forsere bakkar og knausar, utmark, utsikt til ope hav. Dei ber skøyter over
skuldra, og hockeykøller som er høgare enn kroppane deira.
Sørarnøy skole og barnehage i Gildeskål har storhavet som næraste nabo og klimaet er ikkje for pingler. Desto viktigare er det å nytte dei fine dagane. I midten blir Vilde Annie Olaussen Wilhelmsen tatt imot av lærar Tiril Birkeli Jerijærvi og Leah Victoria Birkeli.Njord V. Svendsen
På den
andre sida av knausen er to timar av skuledagen sett av til leik på isen på
Storåstjønna. Rundetidene på isen varierer. Ungane på første til fjerde trinn
går alle i same klasse. Men meistringskjensla er tilsynelatande stabil og jamt
fordelt.
Kosen
rundt bålet har flat struktur.
For lærar
Tiril Birkeli Jerijærvi er det ein overkomeleg gjeng å halde oversikt over,
blant elevane er hennar eiga dotter og son. Ho er sjølv oppvaksen på øya, før ho drog
til Bodø og utdanna seg til lærar, og deretter jobba ein del år i Kirkenes. No er ho for lengst etablert med mannen og
ungane på heimeøya.
Der er
utfordringar med å vere mini-skule. Spennet, i modning og fagleg nivå, er stort
i ei klasse der det kan vere opp til fire år mellom dei yngste og dei eldste.
Men for Jerijærvi veg alt det andre opp, med god margin.
Ane Aas og Martynas Juskenas går begge på 10. trinn og må snart flytte på hybel for å ta vidaregåande. Ho har lyst til å bli etterforskar. Dersom då ikkje bandet ho spelar i skulle ta av. — Eg blir fornøgd så lenge det blir noko med båt, seier Martynas. På ryggen heng Sean Glomar Laumann.Njord V. Svendsen
— Med så
små klasser kjem du nær elevane. Du rekk verkeleg å sjå alle kvar dag, og møte
behova deira. Eg trur vi raskare kan oppdage konfliktar, og betre kan løyse dei
og hjelpe til på ein betre måte, enn det som er mogleg på store skular. Eg opplever
også eit støttande kollegium. Det er lett å få snakka med kvarandre, og vi kan
støtte og lære av kvarandre, seier ho.
Likevel,
denne ulmande, ubehagelege trusselen som ligg under: Blir det lærarar igjen til
slutt? Blir det ein skule å gå til i morgon, for ungane langt der oppe mot
nord?
Jerijærvi
kan ikkje anna enn håpe, og ærleg love at klisjeen om det enkle og gode livet
på landet langt på veg er sann.
— Det er
lettvint på ein liten plass, å få gjort ting, organisere ting. I går sjekka
eg at isen var trygg. Då var det berre å sende melding til foreldra. Ta med
skøyter. Lån om du ikkje har. Så fær vi på tur!
Eit sørgåande
fly teiknar ei kvit stripe, deler himmelen i to, nokre kilometer over dei unge
skøyteløparane på Storåstjønna.
Løyndomen
Nord
universitetet, som kjempar for
lærarutdanninga, har i alle fall funne ut dette: Når lærarspirane ikkje kjem
til universitetet, må universitetet kome til lærarspirane.
— Dette
er eit gjensidig forpliktande samarbeid. Initiativet er vårt, men forventninga
er at kommunane stiller opp. Målet er å nå ut til folk der ute og fortelje om
kva moglegheiter som faktisk finst: Dei som kanskje allereie jobbar som
ufaglærte vikarar i skular og barnehagar, på SFO. Med å dra ut og møte folk kan
vi bygge relasjonar til oss som næruniversitetet og komme i dialog med dei som
er usikre, seier Hanne Gravrok.
Og
kommunane stiller opp, stort sett med god grunn. Nokre kommunar prøver også med
friske gulrøter.
Delar av det velhaldne inventaret på Sørarnøy skole kunne kanskje ha blitt freda av Riksantikvaren. Biblioteket ligg midt i bygget under kartmodellen av Arnøyane.Njord V. Svendsen
Flakstad
kommune i Lofoten blar opp 110 000 kroner til innbyggarar som fullfører
barnehage- eller grunnskulelærarutdanning. Bø i Vesterålen, i dag med ord på
seg for å vere Nord-Noregs Monaco, etter at kutt i formuesskatten lokka Bjørn
Dæhlie til kommunen, er naturlegvis ikkje dårlegare. Så lenge du tar jobb i
kommunen etter ferdig utdanning, får 25 000 kroner i semesteret, eller
permisjon med full lønn på studiesamlingar.
Om du tar
lærar- eller barnehagelærarjobb i Gildeskål, for eksempel på Sørarnøy, får du
60 000 som startbonus.
Før
pizzamøtet på kvelden har Gravrok og Hestnes vore på besøk på den vidaregåande
skulen i Ørnes for å gjødsle spirane.
— Lærarane kan bli flinkare til å framsnakke sitt eige yrke
Det viser
seg at elevane veit ganske lite om læraryrket, og at ryktet yrket har fått er
frynsete.
— Ofte
høyrer vi frå ungdommane at dei ikkje har lyst til å bli lærar fordi dei «tener
så sinnssjukt dårleg». Når vi fortel at startløna for ein grunnskulelærar er
563 800 og at ein lektor kan komme opp i over 700 000 kroner, får
mange eit positivt sjokk. Og når vi legg til at dei som tar
grunnskolelærarutdanning kan få sletta inntil 160 000 av studielånet, blir
vi møtt av måpande fjes. Dette er slikt dei ikkje veit, det er informasjon som
heilt klart kan påverke yrkesvalet, seier Gravrok.
Kanskje
trengst det fleire slike som Tiril Jerijærvi. Lærarar som formidlar gledene i
jobben.
— Lærarane kan bli flinkare til å framsnakke sitt eige yrke, det
er heilt sikkert, seier Gravrok.
Since
1836
Oppe på
lærarrommet på Sørarnay er der rikeleg med kaffi igjen til å fylle dei to
koppane på bordet. Den eine har påskrifta «Salten Aqua», selskapet som eig
hjørnesteinsbedrifta på øya — den andre «Blix», kommunens merkevare since
1836. Nyrektoren og gamlerektoren tar seg tid til å reflektere litt over
«tingenes tilstand». Ikkje at dei eigentleg er så nye eller gamle i
rektorjobbane, nokon av dei.
Tidlegare rektor, no lærar, Aina Solås (til venstre) og noverande rektor Eva Helen Fagermo (til høgre), på lærarrommet. — Vi taper mot byen i kampen om lærarane, seier Fagermo.Njord V. Svendsen
— Det er
ikkje lett å rekruttere lærarar til vesle Gildeskål. Mange eldre går av, medan
vi taper mot byen i kampen om dei som er igjen, seier rektor Eva Helen Fagermo.
Fagermo
er nettopp tilsett i rektorstillinga, som i realiteten har vore ledig i lang
tid. Kvar dag pendlar ho over med ferja frå naboøya, Sandhornøya. Før Fagermo
kom på plass, steppa Aina Solås inn som rektor, i kombinasjon med
lærarstillinga, i tida det røynde på som verst med sjukmeldingar.
— Når
her ikkje er andre, så er her ikkje andre, konstaterer Solås.
Pedagogisk leiar i barnehagen, Tonje Olsen, har gitt sitt bidrag: Dottera Martine (3) er for tida 1 av 3 tre born her. For nokre år sidan var det 14 barn i barnehagen.Njord V. Svendsen
Ho kom
som turist for ein god del år sidan, og fall pladask for Arnøyane. Sidan vart
det hytte, og mange feriar og helgar. Ryktet gjekk, så å seie, om at denne dama
frå Bodø var lærar, kanskje kunne ho lokkast til å bli. Då mannen vart
pensjonist, vart valet enkelt. Bylivet var historie.
— Eg har
aldri angra. Eg får vere så tett på naturen. På spaserturen til jobb ser eg
ørn, oter, sel, kval … Og på skulen, tett på elevane.
Ho smiler
lurt.
— Jau då,
eg prøver sjølvsagt å reklamere for skulen og øya. Men det er ikkje
vanskeleg. Eg er ferdig med byen, eg er ærleg talt sjeleglad for å få vere her.
Ei
liknande innstilling har Tonje Olsen, som tittar innom til matpause, frå
barnehagen der ho er pedagogisk leiar.
— Då eg
kom hit i 2008 var her 40 elevar, fortel ho.
No, 15 år
seinare er det altså 15 færre.
Hit eit steg
Olsen er
frå ein fiskarfamilie i Rødøy, ein kommune lengre sør på Helgelandskysten, med
eit tusental øyar og holmar i porteføljen. Men mannen er herifrå, dei skulle
berre «prøve eit år». No kombinerer han styrmannsjobb og sjarkfiske.
I
barnehagen er det berre tre ungar for tida. Ein av dei er Tonje Olsens eiga
jente på tre år.
— Eg
blir ikkje sitjande på gamleheimen og tenke at eg fekk for lite tid med ungane,
i alle fall!
Det finst
håp i hengande snøre. Opptil fleire graviditetar skal vere i gang på øya. Brått
kan barnetalet vere dobla! Håpet om eit oppsving er høgst levande, sjølv om
toppnoteringa med 14 barnehagebarn for nokre år sidan verkar vanskeleg å slå.
Olsen
minner om at Arnøyane er avsides, og samstundes ikkje. Det tar ein times
tid med hurtigbåten til Bodø. Nokon gonger klaffar rutene. Tonje Olsen og mannen rekk fint å reise inn og sjå Bodø/Glimt banke eitt eller anna europeisk storlag, synge Blix’ «Barndomsminne frå Nordland» med supporterane, ete middag, og reise heim same kveld.
Englar i snøen har sin eigen song. Men kvar blei det av lærarane i alt mylderet?Njord V. Svendsen
På veggen på lærarrommet heng ein kopi av stasjonsuret på Grand Central, den store jernbanestasjonen på
Manhattan i New York.
Utanfor stiller ungane seg opp på skuletrappa og avsluttar dagen med ein song. «Klokka tikker dagen går, det er slutt på dagen vår».
Dei luktar bål og frisk luft.
Retting 19.3.2023, kl. 13.50: Ved ein inkurie var kommunesenteret i Meløy kommune, Ørnes, i artikkelen omtalt som Rørvik. Vi beklagar feilen.
Forskningsrådet tildeler støtte til 23 innovasjonsprosjekter i norske bedrifter.
Bedriftene skal blant annet utvikle ny løsning for høytemperatur varmepumper, batterisystemer for storskala solcelleanlegg og undersøke hvordan kunstig intelligens kan brukes for å overvåke oljesøl.
185 millioner kroner går til næringslivsaktører innen miljøvennlig energi og 86 millioner til petroleumsforskning.
— Energiforskning er avgjørende for å styrke Norges økonomi, miljø og energisikkerhet. Næringslivet spiller en nøkkelrolle. Jeg ser frem til å følge prosjektene som skal utvikle ny energiteknologi som vi trenger for å øke energieffektiviseringen og konkurransekraften, sier energiminister Terje Aasland.
Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) skal bygge studentkollektiver bestående av 93 leiligheter med 119 boenheter i St. Olavs gate 23 i Oslo. Det har hovedstyret i SiO nå bestemt. Eiendommen ble opprinnelig kjøpt med formål om å etablere et nytt studenthus i sentrum av Oslo.
St. Olavsgate 23, OsloSiO
Boligene vil få kort avstand til blant annet OsloMet og UiO, og blir et godt alternativ for studenter som ønsker å bo i sentrum, ifølge en pressemelding.
– De planlagte studentboligene vil få en sentral beliggenhet. De blir sosiale og trivelige, med gode fellesarealer for beboerne. Dette tror vi blir et populært sted å bo, sier Eilif Tanberg, student og styreleder i SiO.
Hvis alt går som planlagt, skal boligene stå ferdig i 2027.
Karl Henrik Storhaug Reinås ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo (UiO) fortsetter som leder for Stipendiatorganisasjonene i Norge (SiP), melder organisasjonen i en pressemelding. Claire Degail ved helsevitenskapelige fakultet ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT) slutter som nestleder.
SiP er en paraplyorganisasjon som samler interesseorganisasjoner for doktorgradsstipendiater og tidlig karriereforskere (som postdoktorer) ved norske universiteter og høgskoler.
— Det er svært viktig at alle i midlertidig vitenskapelige stillinger i Norge har en tydelig stemme som løfter de utfordringene vi står i, samtidig som vi får økt anerkjennelse for hvor viktig vi er som rekruttering til forskning, noe som er avgjørende for at Norge skal være en solid og tydelig kunnskapsnasjon framover, sier Reinås i pressmeldingen.
Ved utgangen av 2025 vil 69 kandidater ha disputert for doktorgraden ved OsloMet. Det er universitetets toppår hittil for avlagte doktorgrader.
Under årets andre kreeringsseremoni ble 28 kandidater hedret for gjennomført forskerutdanning. Det skjedde under en høytidelig seremoni på Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, melder OsloMet på sine nettsider.
— OsloMets utdanninger og forskning tar fram kunnskap som svarer på behovene i samfunnet, og bidrar til utvikling av velferdstjenester, innovasjon og verdiskaping. Deres doktorgradsarbeid er eksempler på dette viktige bidraget, sa rektor Christen Krogh i sin tale til de nyslåtte doktorene.
De nye doktorandene kommer fra alle fire fakulteter ved universitetet, samt fra Senter for profesjonsstudier.
Kreering av nye doktorander foregikk ved OsloMet 11. desember 2025.Foto: Skjalg Bøhmer Vold/OsloMet
Forskningsrådet fordeler nå 277 millioner kroner til helseforskning og institusjon, skriver Forskningsrådet i en pressemelding.
120 millioner kroner gis til åtte prosjekter for å styrke bærekraften i de kommunale helse- og omsorgstjenestene. Blant annet får OsloMet 15 millioner til å utvikle løsninger for digital hjemmeoppfølging av eldre immigranter.
Universitetet i Oslo (UiO) med partnere får 20 millioner kroner for å utvikle forsyningssikkerhet av legemidler, står det i pressemeldingen.
— Samarbeid mellom forskning, offentlige aktører og næringsliv er viktig for å drive frem teknologi og innovasjon som helsetjenesten trenger. Disse prosjektene viser hvordan slike partnerskap gir smartere løsninger, skaper verdier og bidrar til omstilling, sier forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
— Det er viktig å øke forskingsinnsatsen i de offentlige helsetjenestene og i samarbeid med forskere og næringsliv. Disse prosjektene er gode eksempler på dette, sier Mari Sundli Tveit, administrerende direktør i Forskningsrådet.
Se oversikt over hvilke prosjekter som får midler her.
Desse gleda studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda fredag. Framme: høgskuledirektør Oddrun Rangsæter og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.privat
Med rektor Odd Helge Tonheim i spissen gjekk det eit Lucia-tog gjennom Høgskulen i Volda sine ulike bygg fredag 12. desember. 150 lussekattar, ein kasse mandarinar og ein god del twist gjekk med. Tilbake fekk toget, med rektor, høgskuledirektør og representantar for velferdsgruppa og studentparlamentet, både smil og gode ord.
— Dette har me gjort i fleire år, eg var med også som prorektor, seier Tonheim til Khrono.
— Er det sjølvsagt at det er rektor som skal få bera luciakruna?
— Nei, det har berre vorte slik, seier Tonheim og humrar.
— Men det er fleire som seier at dei likar godt at det er ei mannleg Lucia som kjem.
Og dersom nokon lurte: Brannvernet er teke hand om. Både Lucia og hjelparane har gått over til batterilys.
Svein Jarle Horn blir ny dekan ved Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitenskap (KBM) ved NMBU i et åremål på fire år.
Horn har vært konstituert dekan siden sommeren, og er nå ansatt av Universitetsstyret, melder universitetet i en pressemelding. Planen var ikke å bli dekan, sier Horn, men etter å ha prøvd seg i rollen syns han det har fungert bra.
— Jeg har et svært godt team rundt meg på KBM, både administrasjonen og forskningsgruppene gjør en glimrende jobb. Jeg synes også samarbeidet med rektoratet og de andre dekanene på NMBU fungerer svært godt. Jeg ser derfor frem til å fortsette i rollen som dekan i 4 år til, sier Horn.
Horn er professor i bioprosessteknologi, og har publisert over 150 forskningsartikler.
Svein J. Horn har vært konstituert dekan ved Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitenskap, og ser fram til fire nye år.Charlotte Bless
Studenter og politikere feiret med både G-ballonger og G-muffins ved Stortinget i dag, at studiestøtten skal knyttes til G i neste statsbudsjett.
Sigve Næss Røtvold, leder av Norsk studentorganisasjon, er svært fornøyd med at studiestøtten skal knyttes til G, som betyr at studiestøtten skal knyttes til grunnbeløpet i folketrygden. Det innebærer i praksis at støtten reguleres i takt med prisveksten.
– Det er en utrolig gledelig nyhet for landets studenter, som i framtiden får en forutsigbar studentøkonomi, sier Røtvold. Han kan også bekrefte at det var gode muffins, av typen sjokolade med smørkrem og marsipanlokk.
Studentene har ønsket seg studielån knyttet til G i flere år. De har kjempet for å knytte den til 1,5 G, men det er ikke kjent hvilken G det blir. Dagens studiestøtte er på 166.959 kroner, mens 1,5 G er 195.900 kroner.
Feiring ved Stortinget at studiestøtten skal knyttes til G. Sigve Næss Røtvold, leder av Norsk studentorganisasjon, og Lise Lyngsnes Randeberg, leder av Akademikerne.Akademikerne/Hanna Hagenes
Studentpolitikere og Akademikerne møtte i dag representanter fra SV, MDG, Rødt, Senterpartiet og Arbeiderpartiet for å feire.
– Det her er en seier for studentene! Det er veldig fint å kunne feire det på en hustrig desemberdag sammen med studentorganisasjonene. Dette sikrer at nivået på lån og stipend følger utviklingen, sier Hege Bae Nyeholt (R), som er medlem av Utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget.
Å feste studiestøtten til G vil gi studenter en mer forutsigbar økonomi, mener leder av Akademikerne Lise Lyngsnes Randeberg.
– Etter flere års kamp for å knytte studiestøtten til G var det på sin plass å feire gjennomslaget med politikere fra de fem partiene som gjorde det mulig, sier Randeberg.
Feiring ved Stortinget at studiestøtten skal knyttes til G. I midten foran står Lise Lyngsnes Randeberg, leder av Akademikerne, og Sigve Næss Røtvold, leder av Norsk studentorganisasjon.Akademikerne/Hanna Hagenes