arbeidsmiljø
Nord universitet: 75 tilsette har opplevd «uakseptabel oppførsel»
Fersk arbeidsmiljøundersøking avdekker diskriminering, mobbing og seksuell trakassering. Mange veit ikkje korleis dei skal melde ifrå.
Arbeidsmiljøet ved Nord universitetet er samla sett akseptabelt, og «på nivå med sektoren». Det er konklusjonen i saksframlegget som blir lagt fram for styret ved Nord universitet på deira møte i Bodø torsdag.
Folg styremøtet fra klokka 8.15.
I undersøkinga kjem det samstundes fram at 75 av dei 846 tilsette som har svart på undersøkinga — 1 av 12 tilsette — har opplevd det som blir kategorisert som uakseptabel oppførsel.
Utrygt å seie ifrå
Størst førekomst er det av trakassering, og dernest diskriminering, mobbing, vald og/eller truslar og seksuell trakassering.
Berre halvparten av dei som har opplevd uakseptabel oppførsel, har sagt ifrå om det.
Mange har ikkje visst korleis dei skal gå fram, eller opplever det som utrygt å seie ifrå, går det fram av saka som blir presentert for styret.
Khrono har spurt leiinga ved Nord universitet om å kommentere funna i arbeidsmiljøundersøkinga.
I ein e-post skriv konstituert kommunikasjonssjef Nina Kjeøy at dei er i gang med å utvikle tiltak:
— Nå skal styret ved Nord universitet først behandle denne saken 6. mars. Før de har behandlet den, ønsker vi ikke å kommentere enkeltfunn.
Anbefalt leiaropplæring
Arbeidsmiljøundersøkinga har også sett nærare på korleis dei tilsette opplever samspelet med leiarane sine:
«Ved gjennomgang av alle mottatte rapporter for Nord universitet, ser man at kategorien medvirkning og informasjonsflyt er den kategorien som er gjennomgående lav for alle enheter», står det i saksframlegget om rapporten.
Frå dei som har gjennomført undersøkinga, er Nord universitet derfor blitt anbefalt «å jobbe med opplæring av ledere, slik at ansatte opplever en ledelse som er aksepterende og verdsettende».
Dei anbefalar også at rutinar for å melde ifrå om uakseptabel åtferd og avvik blir gjort betre kjent blant dei tilsette. I tillegg blir det tilrådd at handtering av varsling og oppfølging blir inkludert i Nord universitets leiarutviklingsprogram.
På nivå med sektoren
Ei tilsvarande arbeidsmiljøundersøking, med visse variasjonar, vart gjennomført ved Nord universitetet i 2019. Sidan den tid er dei tilsette som har svart blitt meir positive i sine svar, ifølgje saksframlegget Nord-styret.
Tilbakemeldingane er dessutan «på nivå med sektoren innen alle områder», heiter det i saksframlegget til styret.
Undersøkinga vart sendt til 1463 tilsette i oktober 2024. 846 svarte, noko som utgjer ein svarprosent på knappe 60. Denne varierer betydeleg mellom avdelingane. Ved Fellesadministrasjonen har 73,5 prosent av dei tilsette svart — ved Institutt for biovitskap og akvakultur berre 43,3.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager