samisk
Nord universitet og UiT tar historisk masterprogram-grep
Skal samarbeide om masterprogram i samisk språk- og litteraturvitskap spesielt tilpassa for sør- og lulesamiske studentar.
— Vi
ønskjer å bidra til å utdanne og gi formell kompetanse til lærarar i sør- og
lulesamisk.
Det seier koordinator for sørsamiske utdanningar ved Nord universitet, Inger Johansen.
I ein nyheitsartikkel på Nord universitets nettside kjem det fram at Nord universitet og Uit Noregs arktiske universitet frå hausten av skal samarbeide om eit nytt masterprogram i samisk språk- og litteraturvitskap spesielt tilpassa for sør- og lulesamiske studentar.
Samlingsbasert
Dette er første gong at det blir oppretta eit masterprogram spesielt tilpassa for sør- og lulesamiske studentar. Tilbodet føreset at nok studentar søker seg inn på programmet, som har søknadsfrist 15. april.
Undervisninga er samlingsbasert, med fysiske samlingar i Levanger i tillegg til digitale samlingar.
— Vi vil bygge opp eit fagmiljø innafor samisk språk og litteraturvitskap. For å gjera dette er det særs viktig at det finst eit tilbod om master både i sør- og lulesamisk, og planen på sikt er å få på plass eit permanent tilbod, seier Inger Johansen.
Rekruttering
Sidan undervisningsspråket i det ordinære masterprogrammet er nordsamisk, vil det nødvendigvis minske moglegheitene for sørsamiske studentar.
På det nye og tilpassa studiet blir undervisningsspråket norsk, men med seminar på sør- og lulesamisk, informerer Nord universitet.
Professor i samisk språkvitskap ved UiT, Lene Antonsen, uttalar at det er eit enormt behov for kvalifiserte fagfolk med kunnskap og kompetanse innan sør- og lulesamisk språk.
— Masterkandidatar kan rekrutterast til undervisningsstillingar både ved universitet og i vidaregåande skule, samt til forskarstillingar på universitet, seier ho.

Nylige artikler
Sigrun Aasland: — Forskere har den samme ytringsfriheten som alle andre
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)
Flere lovforslag etter Charlie Kirks død skal beskytte ytringsfriheten
Ja takk til mer og bedre nordisk forskningssamarbeid
Canvas rammet av datainnbrudd igjen
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar