Gjenvald som dekan med hårfin margin

Njord V. Svendsen
uib kortnytt dekanvalg dekan camilla brautaset

Camilla Brautauset held fram som dekan ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Camilla Brautaset er gjenvald som dekan. Foto: Eivind Senneset

Med knapp margin vann Brautaset og hennar lag valet med 51,2 prosent av stemmene, mot Anne Beate Maurseth og hennar lag, som endå på 48,8 prosent.

Valdeltakinga var på 73 prosent. Men berre 3,3 prosent av studentane røysta i valet.

Med seg i dekanatet får Brautaset Eivind Heldaas som ny prodekan for forsking og formidling og Heming Gujord som visedekan for utdanning og internasjonalisering.

Det var første gong på 16 år at to lag stilte til val som dekan og prodekan ved Det humanistiske fakultet, melder Universitetet i Bergen (UiB). Ikkje sidan 1993-1998 har ein dekan ved fakultetet sete i to periodar.

— Vi vil vere eit dekanat for alle ved HF og halde fram med å vere lydhøyre, seier Camilla Brautaset på uib.no.

Powered by Labrador CMS