Dette Lucia-toget gleda høgskulen

Hilde Kristin Strand
kortnytt jul høgskulen i volda
Desse gleda studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda fredag. Framme: høgskuledirektør Oddrun Rangsæter og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Med rektor Odd Helge Tonheim i spissen gjekk det eit Lucia-tog gjennom Høgskulen i Volda sine ulike bygg fredag 12. desember. 150 lussekattar, ein kasse mandarinar og ein god del twist gjekk med. Tilbake fekk toget, med rektor, høgskuledirektør og representantar for velferdsgruppa og studentparlamentet, både smil og gode ord.

— Dette har me gjort i fleire år, eg var med også som prorektor, seier Tonheim til Khrono.

— Er det sjølvsagt at det er rektor som skal få bera luciakruna?

— Nei, det har berre vorte slik, seier Tonheim og humrar.

— Men det er fleire som seier at dei likar godt at det er ei mannleg Lucia som kjem.

Og dersom nokon lurte: Brannvernet er teke hand om. Både Lucia og hjelparane har gått over til batterilys.

Powered by Labrador CMS