Høgskulen i Volda
Ønskje for 2027: Studieplassar for sjukepleie
At Høgskulen i Molde fekk tilbake studieplassane i sjukepleie, gjer at Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim vågar å håpa på at også Høgskulen i Volda kan få i gang sjukepleieutdanning.
«HVO må imidlertid også sette søkelyset på aktivitet og handlinger som øker inntektene våre fremover. Det er på disse områdene vi kan vise at vi har en sunn og forutsigbar finansiell stilling fremover, som også vil kunne gi oss handlingsrom til å utvikle oss».
Dette heitte det i saksframstillinga då Høgskulen i Volda (HVO) skulle vedta budsjett for 2026. Som Khrono har omtalt tidlegare, er det nokre mørke økonomiskyer over horisonten. Spørsmålet er om sjukepleieutdanning er noko av det som kan gi inntekter framover.
I juni sa høgskulestyret, etter ein lang prosess, nei til å gå vidare med planane om å utdanna sjukepleiarar. Men nokre månader seinare sette det same styret sjukepleieutdanning på ønskelista dei sendte til Kunnskapsdepartementet.
Skal sjå på studieportefølje
— Me treng studieplassar over statsbudsjettet for å kunne gå i gang, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Det er slike pengar som bidreg til drift av nye fagmiljø, seier han, og viser til at sjølv om høgskulen til våren skal i gang med ein stor gjennomgang av studieporteføljen, er det ikkje så lett å omprioritera til eit fagmiljø ein ikkje har i dag.
— Dilemmaet vårt er at me ikkje har noko klinisk fagmiljø. Sjølv om me omprioriterer internt, må me jobba for å behalda dei dyktige fagfolka me har. Å øydelegga eit fagmiljø kan gå fort, seier rektoren.
Som Khrono nyleg har skrive, har både Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder fått pengar frå næringsliv i området. Pengane skal gå til oppstart av profesjonsstudium i psykologi.
— Det er positivt med slike midlar. For Høgskulen i Volda kunne ein til dømes bruka dei til å bygga opp eit laboratorium. Men dei bidreg ikkje til drift av nye fagmiljø.
Samarbeid kan vera løysinga
Då styret vedtok å setja studieplassar for komande sjukepleiarar på ønskelista for 2027, hadde både Nord universitet og Høgskolen i Molde mista studieplassar. Grunngivinga frå regjeringa var at dei ikkje fylte opp plassane sine, medan det var venteliste andre stader i landet. Men i samband med forhandlingane om statsbudsjett, fekk begge desse universiteta studieplassane sine tilbake.
Dette var viktig også for Høgskulen i Volda, seier rektor.
— Det seier noko om framtidsutsiktene.
Då styret handsama saka om å oppretta sjukepleieutdanning tidlegare i år, vart det peika på fleire ting: At ein allereie har ei sjukepleieutdanning i Ålesund, omlag sju mil og ein ferjetur nord for Volda, og at ein er redd for at Volda, som planlegg eit fireårig løp på deltid, skal få eit B-stempel.
«Det er behov for fleire sjukepleiarar og vernepleiarar i vår region. Men det må arbeidast
aktivt med rekruttering av studentar inn mot eventuelle slike utdanningar i nærområdet,
særleg retta mot dei målgruppene som har behov for ei deltidsutdanning», heiter det i saksframstillinga.
Rektor Tonheim seier at det er kommunane rundt Volda som særleg har ivra for ei sjukepleieutdanning. Det er sjukehus både på Nordfjordeid og i Volda, men det er særleg dei kommunale tilboda som skrik etter sjukepleiarar.
— Kan ein samarbeida med til dømes Molde for å få til ei slik utdanning lenger sør i fylket?
— Ja, me må vurdera arbeidsdeling og sjå på kva me kan få til saman. Det er mange spor her — og det kan vera like fornuftig å ha eit samarbeid med Molde som at Høgskulen i Volda skal starta sjukepleieutdanning åleine, seier Tonheim.
