høgskulen i volda
Parkerte planane om sjukepleieutdanning
Leiinga ved Høgskulen i Volda uttrykte at dei er svært skeptiske til at høgskulen skal gå i gang med ei heilt ny utdanning. Styret vedtok at ekstern finansiering er ein føresetnad for at ein skal kunne gå vidare med planane.
Sjukepleieutdanning eller ikkje sjukepleieutdanning? Saka har rulla ved Høgskulen i Volda sidan 2023.
19. juni vedtok høgskulestyret at ekstern finansiering er ein føresetnad for at ein skal kunne gå vidare med planane. Det betyr at høgskulen treng eigne studieplassar som er øyremerka dette, studieplassar ein får frå Kunnskapsdepartementet.
— Under møtet i Kunnskapsdepartementet i går var departementet opptekne av arbeidsdeling i sektoren og av at ein skal dyrka det me er gode på. Er dette å dyrka det me er gode på, spurde rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Tok sjølvkritikk
Rektor starta debatten i saka med å beklaga.
— Prosessen har vore for dårleg. Dette er ei sak som starta i det gamle styret, i ei økonomisk tid som såg annleis ut. Saka har starta heilt feil og har kosta organisasjonen mykje. Eg tek sjølvkritikk, sa rektor.
Irene Sandlie, som er ekstern representant i styret, sa at ho synest det var på sin plass å beklaga prosessen. Ho sa i møtet at ho les saka som at det er stor entusiasme for å få på plass ei sjukepleieutdanning frå dei einingane som skal etablera utdanninga, men usikkerheit frå dei andre.
— Men kva meiner leiinga, spurde ho.
Uroa for kvaliteten
Konstituert direktør Oddrun Rangsæter sa innleiingsvis at ho ikkje meiner ein ikkje kan forsvara å gå for ei sjukepleieutdanning utan at ekstern finansiering er på plass.
— Personleg er eg usikker på om dette er rett for ein så liten høgskule. Eg trur det hadde vorte betre om ein kunne ha eit samarbeid med Førde og Ålesund om ei sjukepleieutdanning på deltid i Volda, sa Rangsæter.
Ho sa òg at ho var usikker på tala som låg i saka. Det er lagt inn ei gjennomføringsgrad på 75 prosent, noko direktøren meiner er for optimistisk.
— Eg er òg uroa for at det vert eit lite fagmiljø og at me får svake søkjarar. Kommunen ønskjer ei sjukepleieutdanning mellom anna for å kunne tilby sjukepleieutdanning til helsefagarbeidarane sine. Det kan vera bra, men mange av dei har ikkje studiekompetanse. Eg er redd for at Høgskulen i Volda kan få eit rykte om å vera ein stad der ein kjem inn med realkompetanse, sa Rangsæter.
Redd for at ein misser studieplassar
Styret hadde ein lang debatt.
— Det er vanskeleg å pressa dette gjennom frå styret dersom det ikkje er entusiasme i leiinga, sa ekstern representant Kjersti Kleven.
Rasmus Stokke, også han ekstern representant, stilte spørsmål ved om det er mogleg å ha sjukepleieutdanning i mindre omfang, til dømes med opptak kvart fjerde år.
Bjørn Gunnar Tafjord, representant for tekniske og administrativt tilsette, var den som var tydelegast for ei sjukepleieutdanning.
— Me kjem ikkje til å få nye studieplassar. Korleis kjem departementet til å sjå på at me ikkje utnyttar det potensialet me har? I verste fall risikerer me at ubrukte studieplassar vert dregne inn, sa han.
Saman med studentrepresentant Noah Aarseth stemte han mot forslaget til vedtak.

Nylige artikler
Khronos store julequiz
NTLs halvsannheter gagner ingen
Bør kriteriene for merittert underviser vurderes i lys av stillingskategori?
At Trump ble president gjorde avhandlingen mer aktuell
Reagerer på «voksende mistillit til etablert kunnskap»: — Jag etter likerklikk
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene