Høgskulen i Volda

Fryktar andre vil lida dersom det vert sjukepleieutdanning i Volda

Éi avdeling er svært negativ, to andre er meir tvilande, og tilrådinga som ligg i bordet er å ta ein pause. Torsdag skal høgskulestyret igjen drøfta  sjukepleieutdanning ved Høgskulen i Volda.

Jorunn Sem Fure er dekan ved avdeling for kulturfag, avdelinga som har jobba lenge med å få på plass rammene for ei sjukepleieutdanning i Volda. Jon Arne Steen og Silje Ims Lid er dekanar på avdelingar som er uroa over konsekvensane for resten av høgskulen.
Publisert Sist oppdatert

For tredje gong i år skal styret ved Høgskulen i Volda (HVO) drøfta sjukepleieutdanning. Å få ei slik utdanning på plass på høgskulen på Søre Sunnmøre er noko også det førre styret ønskte. 

Avdeling for samfunnsfag og historie utdannar allereie både sosionomar og barnevernspedagogar og har i tillegg fleire masterutdanningar og eit doktorgradsprogram innan helsefag. Det er her ei sjukepleieutdanning er tenkt plassert.

Spørsmålet er korleis ei ny utdanning skal finansierast. Høgskulen reknar ikkje med å få friske studieplassar til dette. Ei omfordeling av dei studieplassane ein allereie har, må difor truleg til — men ikkje no. Det går fram av saksframstillinga styret har fått.

Møtet kan du sjå direkte her frå klokka 9.45:

Vil setja på pause

I framlegg til vedtak heiter det at «ut frå venta økonomiske utvikling på HVO må ekstern finansiering vere ein føresetnad for at bachelor i sjukepleie kan akkrediterast. Vidare utvikling av bachelor i sjukepleie vert sett på pause til ekstern finansiering er på plass».

Dette framlegget kjem etter at styret i mai bad om ein finansieringsplan.

I eit styremøte i mars var Roar Tobro, eksternt styremedlem og seniorrådgjevar ved NTNU, skeptisk til å etablere sjukepleieutdanning. Han stemte rett nok for, men i ein protokolltilførsel slo han fast at høgskulen tek høg risiko ved å starte ei slik utdanning, og han peika på utfordringane som oppstart av sjukepleiarutdanning ved høgskulen gir for fordelinga av praksisplassar mellom institusjonane som har sjukepleiarutdanning i regionen.

No kjem det fram at dei tre andre avdelingane ved høgskulen er uroa over konsekvensane av ei sjukepleieutdanning. 

Finansieringsalternativa er eigenfinansiering og bruk av satsingsmidlar frå høgskulen. Men det kan gå ut over både det ferske doktorgradsprogrammet i utdanning, språk og kultur og satsinga på nynorsk skriftkultur, fryktar avdeling for humaniora og lærarutdanning.

«Om ein i ei tid med knappe ressursar vel å kanalisere det meste av dei frie midlane til éi utdanning, vil det skje på bekostning av drifta av resten av institusjonen. Etter AHL sitt syn kan dei føreslegne alternativa til finansiering svekkje HVO sitt strategiske handlingsrom og gjere det vanskelegare å vidareutvikle fleire av dei fagmiljøa som i dag er viktige for institusjonen sin profil og faglege breidde», skriv dekan Silje Ims Lied i eit notat.

Også avdeling for mediefag og avdeling for kulturfag åtvarar mot å legga opp til å bruka satsingsmidlar i mange år. Mediefag meiner ein må få på plass ei anna finansiering før 2010, medan Avdeling for kulturfag ønskjer å vera positive — samstundes som dei er uroa over kva ei ny utdanning vil bety for eiga avdeling.

Dekan: Styret har bede om saka

Avdeling for samfunnsfag og historie er svært kritiske til at arbeidet kan stoppa opp. Dekan Jorunn Sem Fure viser til at det er leiinga ved høgskulen som har bede om at ei sjukepleieutdanning vert greidd ut, og at det er forventa av kommunen og omlandet at dette kjem på plass.

I dag er det sjukepleieutdanning i Ålesund og Molde, og i Førde i gamle Sogn og Fjordane. I Volda er planen ei fireårig utdanning på deltid, som ein trur først og fremst vil trekka til seg søkjarar frå Nordfjord og Søre Sunnmøre.

Fure skriv:

«Signala frå leiinga har heile tida vore prega av tvil om både det økonomiske og faglege grunnlaget for oppstart av denne utdanninga, men ASH har ikkje på noko tidspunkt vore oppmoda til å pause arbeidet i påvente av finansieringsløysing. Styret har likeins heile vegen løyvd naudsynte prosjektmidlar, og ASH tilsette hausten 2024 ein prosjektmedarbeidar for å drive arbeidet framover. Alle naudsynte avtalar med eksterne partnarar vart underteikna i løpet av våren 2025».

Leiartilsetjing

Høgskulestyret skal òg mellom anna tilsetja ny studiedirektør og drøfta korleis ein skal løysa leiarkabalen på avdeling for kulturfag. Der har dekan Jon Arne Steen sagt opp stillinga si.

Her finn du sakspapira:
54/25 — Godkjenning av innkalling og sakliste
55/25 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 8.5.2025
56/25 — Orientering frå rektor
57/25 — Revisjon styrande dokument
58/25 — Ny forskrift for opptak, studiar og eksamen ved Høgskulen i Volda
59/25 — Rekneskapsrapportering 1. tertial 2025
60/25 — Samansetjing forskingsutval og utdanningsutval
61/25 — Styringsdokument ved HVO
62/25 — Finansieringsplan bachelor i sjukepleie
63/25 — Orientering til høgskulestyret — oppsummering etter ARK 2024—2025
64/25 — Orientering frå etatsstyringsmøtet
65/25 — FoU-prisen 2025
66/25 — Tilsetjing av vikar for dekan ved AKF
67/25 — Tilsetjing i st.nr. 11/2025 — Studiedirektør
68/25 — Styreevaluering 2025
69/25 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
70/25 — Ymse

Powered by Labrador CMS