styremøte
Vurderer sjukepleiarutdanning i Volda
Volda ligg midt mellom to byar med sjukepleiarutdanning. Men no skal Høgskulen i Volda vurdera om dei skal be om studieplassar innan sjukepleie eller vernepleie.
— Bur ein på Grodås, kan ein ikkje pendla til Molde eller Ålesund.
Det sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim då høgskulestyret i Volda hadde studieårets første møte torsdag.
For dei som ikkje er lokalkjende på Søre Sunnmøre: Grodås var senteret i gamle Hornindal kommune i Nordfjord. No er bygda ein ytterkant i Volda kommune, ein halvtimes biltur unna kommunesenteret. Men skal ein reisa til Ålesund, må ein plussa på halvannan time til i reisetid — inkludert ferje.
Det er innbyggjarar i bygder som Grodås Volda-rektoren først og fremst tenkjer på når det no vert drøfta om høgskulen skal be om studieplassar anten til sjukepleiarutdanning eller vernepleiarutdanning: Dei som av ulike grunnar ikkje kan reisa vekk for å studera, men som gjerne vil gjera det dersom det er mogleg å gjera det utan å flytta på seg.
Spørsmål frå politikarane
Høgskulen sette av 200.000 kroner i budsjettet for 2023 som skal gå til ei utgreiing. Når styret har neste møte i slutten av oktober, skal dei ta stilling til om høgskulen skal be om studieplassar til sjukepleie eller vernepleie i statsbudsjettet for 2025.
Khrono skreiv tidlegare denne veka at fleire helseutdanningar må stramma inn, sjølv om regjeringa i fjor bad om at nettopp studieplassar innan dette feltet skal prioriterast.
— Her hos oss har både lokalpolitikarar og helsemiljø spurt om det er aktuelt for oss å starta opp slike studium, seier Tonheim.
Det er sjukehus i Volda, og det er òg sjukehus på Nordfjordeid, som ligg ein times reisetid unna. Tonheim sa i styremøtet at praksisplassar er noko av det ein må få på plass dersom det vert eit helsestudium i Volda.
Utdanning på deltid
I dag har NTNU sjukepleiarutdanning i Ålesund og Høgskulen på Vestlandet utdannar sjukepleiarar i Førde. Frå Førde til Volda reiser ein på tre timar.
— Trengst det eit studietilbod til i dette området?
— Om ein er godt nok dekka er noko utgreiinga må seia noko om. Me skal ikkje vera ein konkurrent til NTNU i Ålesund, og ser føre oss ei deltidsutdanning, seier Volda-rektoren.
Kor raskt ein kan koma i gang dersom styret vedtek at ein ønskjer seg studieplassar, må ein ifølgje Tonheim koma tilbake til. Per no har ikkje høgskulen lokale som utan vidare kan brukast til desse utdanningane, så før 2025 er uansett vanskeleg, seier han.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager