eksamen
Over halvparten strauk på eksamen. No hamnar saka hos klagenemnd
53 prosent av BI-studentane strauk. Svært mange har klaga, men får ikkje støtte frå den private høgskulen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
For ei knapp veke sidan vart det kjent at 41 prosent av dei som tok eksamen i finans på BI midt i oktober, strauk. 66 prosent av dei 127 studentane fekk karakteren E eller F.
No skriv VG at under ein eksamen i vår, var strykprosenten nesten 53 prosent. Forklart med andre tal: 268 av 544 studentar fekk karakteren F.
Studentane har klaga til studieadministrasjonen, men fekk ikkje medhald. No får BI si klagenemnd saka på sitt bord.
For vanskeleg, seier studentane
«Dette tærer på både snitt og motivasjon. (...) Flere anser eksamen som altfor vanskelig, langt utenfor det forventede kunnskapsområdet», skriv studentane i klagen, ifølgje VG.
Studentane skulle løysa to oppgåver med til saman 21 delspørsmål. Dette skulle gjerast i løpet av fire timar, heime. Dette er ganske likt om ein samanliknar med eksamenen frå våren 2020, men den gong var strykprosenten låg.
Fleire av studentane VG har snakka med, synest eksamen var for vanskeleg, og dei meiner dei fekk for kort tid. Det vert òg peika på at oppgåvene kom overraskande sett i forhold til kva som hadde vorte fokusert på under førelesingane.
Til klagenemnd
Saka frå oktober skal først handsamast internt. Saka frå i vår skal til BI si klagenemnd, ei nemnd universitet og høgskular er pliktige til å ha. I universitets- og høgskulelova heiter det at ei slik nemnd skal ha fem medlemmer. Leiar og nestleiar skal fylla lovbestemte krav for lagdommarar, medan to av dei andre medlemmene skal vera studentar.
Laila Ulstein, avdelingssjef for studiekvalitet ved Handelshøyskolen BI skriv i ein epost til Khrono at BI vil gjera ei vurdering av behov for ekstra kontinuasjon dersom det skulle vera enkelte eksamensgjennomføringar med ekstra store avvise når det gjeld oppmøte.
— Det er ikkje unaturleg av karaktersnitt varierer frå år til år, men ved gjennomføring av eksamen der det er større avvik i strykprosent samanlikna med føregåande år, vil ein ta ein fagleg gjennomgang av kurs- eller programansvarlege for å vurdera om ein må setja i gang spesifikke tiltak, skriv Ulstein.
Til VG seier den private høgskulen at eksamensoppgåva er innanfor dei formelle krava og dekkjer pensum.
(Oppdatert 29.11 kl 15.19 med svar frå BI)

Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager