ntnu
Pålegg karantene i Trondheim
Smittevernkontoret i Trondheim pålegg studentar som har vore i gitte rom å gå i karantene etter at ein student som har fått påvist covid-19, har gått rundt på campus.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Trondheim har for tida to pågåande smitteutbrot, begge truleg med den britiske varianten av koronaviruset. Fleire hundre er i karantene. Dette skriv Nidaros.
Nokre av dei som no må gå i karantene er studentar og tilsette ved NTNU. Universitetsavisa skriv at smittevernkontoret i Trondheim kommune pålegg studentar som var i enkelte rom i Realfagsbygget på Gløshaugen fredag 19.februar å gå i karantene.
Må testa seg om ein var på kafé
Også studentar og tilsette som var i fleire ulike rom på Gløshaugen 16. og 17.februar får pålegg om karantene. Det skreiv Universitetsavisa tysdag. I tillegg vert personar som har vore innom fleire kafear på campus bedne om å testa seg denne veka. Desse personane treng ikkje å gå i karantene, men må halda avstand til andre dersom dei er på campus.
Munnbind
Som Khrono har skrive, er det no fleire av utdanningsinstitusjonane som opnar for fysisk undervisning - sjølv om dei ikkje trur at alt vil vera attende til normalen dette semesteret heller. NTNU ventar på attendemelding frå kommunen, og rektor Anne Borg seier til Universitetsavisa at studentar må bruka innsjekkingssystemet og i tillegg bruka munnbind når det er vanskeleg å halda avstand.
Munnbind og innsjekking er også tema i Kristiansand for tida, etter eit utbrot der. Men campus ved Universitetet i Agder er så langt open.
Nylige artikler
Vi må lære å forstå teknologien «skriftspråk»
Lønnsforhandlingene er i gang: Dette krever partene
Krumsvik gjør comeback som styreleder i Khrono
Trond Mohn og jakten på den hellige gral
Skal lage strategi. — Nødt til å få opp interessen for realfag
Mest leste artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Medisinstudent strøk på eksamen — saksøker UiT
Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho
Anklaget for fusk av KI-detektor. — Folk er redde
Skulle stå ved Livsvitenskapsbygget. Nå ligger kunstverket på et lager