kunstig intelligens

Professor i Noreg brukte KI i vurdering av søkar til professorat i Sverige

Professoren var utnemnd til sakkunnig og skulle vurdere søkarar til ei stilling som historikar ved Linköpings universitet.

Person går foran inngangen til Linköpings universitet med logo på bygget
Linköpings universitet har fått stadfesta feil som stamma frå KI i ei sakkunnig vurdering, men ikkje gjort vidare undersøkingar i saka.

Fleire av søkarane til eit professorat i historie ved Linköpings universitet i Sverige oppdaga vesentlege feil i rapporten frå ein av dei sakkunnige som skulle vurdere søknadene. Det skulle vise seg at den sakkunnige, som er professor ved eit norsk universitet, hadde brukt KI i arbeidet med å skrive si vurdering av kandidaten.

Det skriv Universitetsläraren.

Som i Noreg er ei vurdering av tre sakkunnige fagekspertar ein del av grunnlaget når kandidatar til høgare akademiske stillingar i Sverige skal veljast ut.

— Eg kunne ikkje heilt tru mine eigne auge. Eg las fleire gonger for å forsikre meg om at eg ikkje las feil, seier ein av søkarane til Universitetsläraren.

Feil om fleire

Ifølgje søkaren var det feil informasjon i notatet om både kvar hen tok doktorgrad og kvar hen arbeider i dag.

Både denne søkaren og andre fann ifølgje Universitetsläraren omfattande feil i det som var skrive om dei, og fleire mistenkte at KI hadde blitt brukt. Ein av søkarane meiner artiklane hans er omtalt på ein måte som viser at den sakkunnige ikkje kan ha lese dei, eller forstått kva dei handlar om.

På bakgrunn av bekymringane frå søkarane gjorde universitetet sine eigne undersøkingar og kom fram til same konklusjon som søkarane. Den sakkunnige professoren som var mistenkt blei deretter kontakta av universitetet og stadfesta å ha brukt KI.

Skuldar på tidspress

Vedkomande beklaga, ifølgje universitetet. Den sakkunnige professoren skal også ha forklart korleis og til kva KI vart brukt og at det har oppstått feil som ikkje skulle vere med i fråsegna. Professoren skuldar på stor arbeidsbyrde og tidspress.

Linköpings universitet valde å sjå bort ifrå bidraget, sidan det er nok med to sakkunnige for å kunne gjennomføre tilsettinga. Universitetet har ikkje sett i gang noko form for vidare undersøking eller gransking av hendinga.

Universitetsläraren har kontakta den sakkunnige professoren, som er tilsett ved eit norsk universitet, men hen har ikkje svart.

Det er andre gong på kort tid at bruk av KI i arbeidet med sakkunnige rapportar er kome fram i Sverige. I januar vart fråsegna frå ein professor ved Lunds universitet, som var oppnemnd som sakkunnig, funne å vere delvis KI-generert

Powered by Labrador CMS