rettssak
Professor Leif Hem ankar dommen i saka mot NHH
Professor og tidlegare instituttleiar Leif Egil Hem nådde ikkje fram i saka mot arbeidsgivaren. No vil han ha ein ny runde i retten.
Leif Egil Hem stilte i Oslo tingrett i mars der han kravde at ordensstraffa arbeidsgivaren la på han måtte bli kjent ugyldig. Men Hem tapte. I tillegg vart han dømt til å betale sakskostnadene.
No ankar han dommen.
Dermed kan det bli ein ny runde i den langvarige striden mellom Hem og Noregs handelshøgskole (NHH).
— Vi er ikkje samde i domspremissane og har derfor kome fram til at vi vil anke saka. Utover dette ønsker eg per i dag ikkje å kommentere saka, seier advokat i Forskerforbundet, Mariann Helen Olsen, til Khrono.
Det er Forskerforbundet som fører saka på vegne av Hem, medan Regjeringsadvokaten representerer NHH (formelt sett Kunnskapsdepartementet).
Ordensstraff etter varsling
— Vi vil førebu ei ankebehandling på vanleg og grundig måte. Men som eit generelt utgangspunkt, så vil Kunnskapsdepartementet sitt hovudstandpunkt vere det same som for tingretten, seier advokat hos Regjeringsadvokaten, Kristoffer Nerland.
Hem vart i januar 2024 omplassert og fråteken åremålsstillinga han hadde som instituttleiar, med heimel i ein paragraf i statsansatteloven om ordensstraff.
Bakgrunnen var ei varsling mot han hausten 2022 frå ein stipendiat som han var rettleiar for.
Hem har heile tida nekta for skuldingane som vart retta mot han frå varslaren og som vart lagt fram i ei faktaundersøking som høgskulen bestilte etter varslinga. Han har i tillegg retta skuldingar tilbake mot arbeidsgivaren og rektor Øystein Thøgersen, og hevda at han er blitt utsett for utfrysing og fryktkultur.
Dom: «Grovt klanderverdig»
Tingretten kom derimot fram til at det var solid juridisk grunnlag for ordensstraffa fordi «Hems handlemåte er så grovt klanderverdig, at han utvilsomt og samlet sett grovt har krenket sine tjenesteplikter».
Bakgrunnen for varselet og striden mellom Hem og NHH skriv seg tilbake til 2021. Stipendiaten hevda mellom anna at ho vart trekt inn i ei samlivskonflikt mellom Hem og kona hans, som på dette tidspunktet jobba på NHH. Varselet var retta mot begge.
Hem hevdar derimot varselet bygger på misforståingar, og at det ikkje er grunnlag for ordensstraffa som førte til at han blei fråteken åremålsstillinga som instituttleiar.

Nylige artikler
Rødt og SV bekymret for konsekvensene av ny finansieringsordning
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
UiS skal utrede overgang til valgt rektor. Knapt flertall
Hvordan vinne tillit til vitenskapen?
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
Mest leste artikler
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Benedikte Moltumyr Høgberg er Årets navn i akademia
Eg vil vere ein langsam ambulansesjåfør
Omdiskutert læringsapp trakk hundrevis før fryktet eksamen