khrono helg

Ho gir samandrag av klassikarar på fire minutt. Men når professor Janne Stigen Drangsholt skriv sjølv, er det om eit liv som på sett og vis liknar hennar eige.

Ho vaks opp i Sandnes, og kjem ikkje frå ein akademikarheim. Men lesegleda kom tidleg, og Janne Stigen Drangsholt, som er professor i engelsk litteratur, brenn for å formidla litteratur og leseglede. Klassisk litteratur kan vera utilgjengeleg, seier ho, og slær eit slag òg for det som vert sett på som lågkultur.

Professor med hemmeleg agenda

Ingrid Winter har vorte professor. Vegen dit har vore humpete, med eit innhald av både New Public Management, FAU-møte, baking av Toro-kaker i det ein eigentleg skulle vore på veg ut av døra til avslutning nummer x, masterstudentar som meiner dei ikkje treng skriva teoridel og ein nabo som deler eit irriterande perfekt liv på ein mammablogg. No har den eldste dottera flytta ut, og korleis går det med resten av familien då?

Fakta

Janne Stigen Drangsholt

  • Fødd i 1974, vaks opp i Sandnes
  • Professor i engelsk ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger
  • Har som skjønnlitterærforfattar gitt ut fem romanar, fire av dei om Ingrid Winter
  • Har òg gitt ut Fra Shakespeare til Knausgård - 66 klasssikere du naturligvis har lest, saman med illustratør Therese Eide
  • Kjent frå Janne og Jostein-show og frå Utakt i NRK P1, der ho byrja å presentera kjende bøker på 4 minutt

Ingrid Winter lever berre mellom to permar. Men kvinna bak, Janne Stigen Drangsholt, fortel at det livet Winter lever, ikkje er heilt ulikt hennar eige.

— Eg har eigentleg tenkt at akademia ikkje eignar seg for romanar. Det skjer så mange rare ting der, livet overgår på mange vis kunsten. Men samstundes er akademia ei verd mange tek del i, og det er ei verd som liknar andre. Ein har framandgjering og gjenkjenning på same tid, seier Drangsholt.

Kva skal eg lesa? Alt!

Ho kjenner akademia godt. Janne Stigen Drangsholt har vore tilsett ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger sidan 2009 og vart professor i engelsk litteratur i 2019.

Ho underviser unge menneske i litteratur, og har oppdaga at dei ikkje les på same måten som før.

— Eg har fått tilbakemeldingar om at eg ikkje har sagt kva sider av ein roman eg forventar at dei les. Heile, svarar eg då, seier professoren.

— Men eg ser at når eg går skikkeleg gjennom ein tekst, så synest studentane det er kjekt, og dei er ikkje uvillige. Det er likevel slik at ein må tilnærma seg litteraturen på ein annan måte enn før, fordi mange har lese mindre enn tidlegare før dei kjem til oss.

Det uskuldsreine 1990-talet

Drangsholt viser til ein artikkel i The New Yorker, der det kjem fram at talet på studentar som tek mastergrad i engelsk litteratur har gått drastisk ned dei siste åra. Journalisten har snakka med fleire studentar som er interesserte i litteratur, både italiensk og engelsk, men som har valt å studera heilt andre ting.

— Det er fokus på kven som vil tilsetja deg, seier ein av studentane.

Fleire Khrono har snakka med tidlegare seier det same: Studentane er meir opptekne av kva dei kan verta.

— Studentane i dag vert ikkje lukkelege over den valfridommen eg fekk, sa prisvinnar Helge Jordheim til Khrono.

— Eg har alltid elska litteratur. Så eg ville studera engelsk fordi eg ville studera litteratur, og deretter tok eg japansk og litteraturvitskap. Eg tenkte ikkje på kva jobb eg kunne få. Dette var den uskuldsreine tida på tidleg 1990-tal, der ein studerte det ein ville, seier Drangsholt og humrar.

Khrono har skrive både om teatervitskap spesielt og om andre humaniorafag som har vorte lagt ned ved norske universitet dei siste tjue åra.

— Studentar tek ikkje etnologi lenger fordi dei synest det høyrest spanande ut. Det var ein fridom i dei vala eg og dei som studerte samstundes med meg hadde, me tok fag for å ta fag. No er det meir fokus på å få eit yrke. Det er synd, seier Drangsholt.

Ho meiner at denne utviklinga gjer at ein ikkje får den same mengda av universitetsfag, og at det er ein del av småfaga som kjem i fare — dei er ikkje interessante i eit slikt perspektiv.

148 bøker på 4 minutt

For om lag tjue år sidan kunne ei ny, norsk bok selja 37 000 eksemplar på ein månad. Årsaka var De norske bokklubbene, som på det meste hadde 750 000 medlemmer, skreiv Morgenbladet nyleg.

Slik er det ikkje lenger, og Khrono har hatt fleire debattinnlegg på trykk som handlar om evna til å lesa lange, samanhengande tekstar.

Men så kan det henda at ein hamnar i eit sosialt lag der det vert snakk om litteratur. Då har Janne Stigen Drangsholt eit partytriks i ermet: Ho har laga 148 episodar av podkasten «Kjente bøker på fire minutter». Podkasten finst hos NRK, og oppstod i programmet Utakt på NRK P1.

— Eg har ein hemmeleg agenda: At folk skal verta interesserte, seier Drangsholt om podkasten, der ho gir ein samandrag og nokre gode sitat frå kjende romanar.

— Det er ikkje vanskeleg å lesa Dostojevskij. Men det er vanskeleg å skriva namnet hans — og å uttala det, seier ho og ler.

— For meg er det eit poeng at programmet vert sendt på P1, ikkje på P2. Kanskje det fører til at fleire tek opp ei bok? Eg vil visa at det som vert sett på som høgkultur ikkje er farleg, og eg slår òg eit slag for det som vert sett på som lågkultur. Det er òg verdifullt.

Men, seier ho, den kulturelle statusen knytt til å lesa bøker, den har endra seg.

Forfattarane Janne Stigen Drangsholt og Erlend Loe i samtale med journalist Silje Nordnes på Deichman Tøyen under Bokbane 2019. Drangsholt har formidla 148 bøker på fire minutt. Ho vil gjera klassikarane tilgjengeleg for alle, og seier ho har plukka ut ein del bøker til dette prosjektet som kanskje ikkje elles vert plukka ut til ein litterær kanon, som science fiction. — Og eg har trekt fram kvinnelege forfattarar, seier ho.

Ein ny fase i livet

Romanfiguren Ingrid Winter forskar på noko som ikkje er særleg allment tilgjengeleg. Det er nemleg «theom», eit religiøst bilete på avgrunnen eller det djupet som var før alt vatn då Gud, ifølgje Bibelen, skapte himmel og jord. Då er det kanskje ikkje så greitt når ein får studentar på kontoret som ikkje har så mange idear.

— Hvar er du interessert i?

— Vet ikke.

— Hva slags bøker liker du å lese? spurte jeg.

— Jeg liker egentlig ikke så godt å lese, svarte hun med rynket nese, som om tanken gjorde henne litt kvalm.

— Ingrid Winter er ein dinosaur, kommenterer Janne Stigen Drangsholt.

— Ho meiner det var best slik det var før i tida.

— Korleis får du tid til å skriva bøker i tillegg til professorliv og familieliv?

Svaret ligg nok, som hos Ingrid Winter, i at også forfattaren og professoren har fått eldre barn. I familien Drangsholt har den eldste dottera flytta ut, hos familien Winter er det det som er i ferd med å skje i den siste romanen; Winterferie.

— Eg brukar både kjensler og konfliktar eg kjenner frå mitt eige liv, seier Drangsholt.

— Mange par opplever ei krise når barna flyttar ut. Ingen generasjon har vore så engasjerte i barna sine som me er. Me bakar og køyrer og trenar, så kva skjer når ein ikkje skal gjera dette lenger? Er ein eit «barnepar» som berre er god på logistikk, eller er ein framleis to menneske?

Fordi professoren no berre har tenåringsbarn, har ho fått betre tid, seier ho, med friare ettermiddagar og kveldar og helger.

— Og morgonar, om eg klarar å stå opp før dei andre. Eg likar å koma i gang, sjølv om det kan vera litt krevjande.

VI-møte — kva det no er

For tida skriv Janne Stigen Drangsholt på noko anna. Men ho håpar det vert meir frå Ingrid Winter etter kvart.

— Kva tilbakemeldingar får du frå kollegaer og sjefar?

— Nokre synest eg tek litt hardt i. Men det skal vera litt karikert. Samstundes ser eg eit anna universitet enn då eg var stipendiat. Endringane skjer fort, og dei siste ti åra har universiteta vorte drive meir som vanlege verksemder. Det skaper konflikt, seier Drangsholt.

Ingrid Winter vert til dømes kalla inn til noko som vert kalla VI-møte. Ho skjønar rett og slett ikkje kva dette er:

— «Virkelighet og Innovasjon», forklarte han, — det er den nye forkortelsen for prosjektet. Den representerer møtet mellom universitetet og Kapittel, i tillegg til at den inkorporerer samholdstematikken. Ganske genialt, spør du meg.

— Genialt, gjentok jeg, — og hva er nå dette møtet igjen?

Forfattaren meiner det er sunt å stilla spørsmål om kva ein vil med akademia. Handlar det berre om gjennomstrøyming og effektivisering?

Då Janne Stigen Drangsholt skulle ha føredrag på Sølvberget i Stavanger, dukka det opp tenåringsjenter med notatblokk. For sjølv om færre enn før har lese alle bøkene ein «bør» lesa, gjer tenester som BookTok at interessa for gamle klassikarar vert som nye.

Håpet

Ingrid Winter landar på mystisk vis stort sett på beina, sjølv om ho får meldingar av typen «Ingrid Winter, jeg er forbannet og sint og såret. Du bør holde deg i ro. Veldig i ro».

Janne Stigen Drangsholt er håpefull. Og då først og fremst på vegner av neste generasjon.

— Ein har jo BookTok (bøker som trendar på TikTok, journ.anm), der til dømes Sylvia Plath har vorte populær. Eg skulle ha eit føredrag om Donna Tartt si «The secret history» på Sølvberget i Stavanger. Der stilte det elevar frå vidaregåande skule med romanen og med notatblokk. Eg trur det er håp.

(Utdraga i kursiv er henta frå den tredje boka om Ingrid Winter; Winterkrigen)

Powered by Labrador CMS