lærarutdanning

Professor: Skulen har vore ein sekk ein har lagt alle samfunns­problema oppi

Eg undrast over om det er mogleg for eitt menneske å fylla alle rollene ein lærar skal ha i dag, seier pedagogikkprofessor Lars Petter Storm Torjussen.

Formidling av fag, men læraryrket er meir enn det. Både ein professor og ein fagforeiningsleiar meiner ein må ha fleire vaksne inn i skulen.

«Det er politikernes jobb å skrelle ned alle oppgavene lærerne har i dag. Nå forventes det ikke bare at læreren skal formidle kunnskap, men også at de skal være sosialarbeidere. Det blir mye til slutt, og det fører til et negativt fokus på lærerrollen, som igjen påvirker rekrutteringen til læreryrket. Denne trenden må snus».

Dette er eit sitat frå pedagogikkprofessor Lars Petter Storm Torjussen ved Universitetet i Bergen (UiB) under emneknaggen #valgetforklart.

— Skulen har vore ein sekk ein har lagt samfunnsproblema oppi. Både når ein har snakka om integrering, språkproblem og tidleg innsats har ein peika på skulen. Det betyr at ingenting har gått ut av skulen, men meir har gått inn, seier Torjussen til Khrono.

Nedgang også for lektorutdanninga

Khrono skreiv nyleg om møtt-tala til lærarutdanninga denne hausten. Søkjartala som kom i vår var ikkje noko å ropa hurra for, og nokre veker ut i semesteret viser tal frå utdanningsinstitusjonane at fire av ti studieplassar står tomme.

— Når det er ledige studieplassar til lærarutdanningane over heile landet, skuldast dette at for få ønskjer å verta lærarar. Det må altså verta meir attraktivt å vera lærar, sa Asle Holthe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet og leiar for UHR lærarutdanning, til Khrono.

Tala Khrono samla inn gjeld grunnskulelærarutdanning. Men Lars Petter Storm Torjussen, som sit i programstyret for lektorutdanninga ved UiB, seier at det også på lektorutdanninga er nedgang i studenttalet. Særleg gjeld dette praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

— I toppåret 2018 hadde me over 200 studentar som tok PPU. No har me rundt 40. At færre vel læraryrket er ein tendens over heile linja, seier professoren.

Færre enn før vil verta lektorar, seier Hans Petter Storm Torjussen, professor ved Institutt for pedagogikk ved UiB.

Vil læra om livet der ute

Torjussen har ikkje praktiske, konkrete løysingar på korleis ein skal få fleire unge til å velja ein jobb i skulen. Men han peikar på fleire problemstillingar:

— Kva er formålet med skulen og kva er læraren sin jobb? Er ein fagformidlar, eller er ein omsorgsperson? Politisk kan ein skilja mellom høgresida sin kunnskapsskule og venstresida sin omsorgsskule, seier Torjussen.

Han viser til 1960- og -70-talet, der ein snakka om fagrestaurasjon.

— Då snakka ein om å gå «back to basic».

Når pedagogikkprofessoren og kollegaene hans underviser studentar som skal ut i skulen, er det først og fremst fagkompetanse dei gir frå seg.

— Eg trur at både me som utdannar, og studentane, tenkjer at læraryrket er å halda kateterundervisning av fagleg art. Men når studentane kjem ut i praksis, ser ein at det er ein bitte liten bit av læraryrket, og dei kjem tilbake til oss og seier at «de må førebu oss på …».

For ferske lærarar er forventa å kunne undervisa og vera klasseleiarar frå dag ein. Torjussen viser til legeyrket, der ein etter lenger utdanning framleis ikkje vert sett på som klare for å jobba heilt sjølvstendig.

— Eg meiner ein må ta ein diskusjon om kva skulane si oppgåve er, og eg undrast over om det er mogleg for eitt menneske å fylla alle rollene ein lærar skal ha i dag.

Laget rundt læraren

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, har lese saka i Khrono. Han legg ikkje skjul på at han er uroa — og har vore det lenge.

— Kva potensielle studentar er det me ikkje trekkjer til oss? Jo, det er studentar som har opplevd ein skule dei sjølve ikkje ønskjer å jobba i. Dei har òg sett at kven som helst kan undervisa i skulen, seier Handal.

Han er samd med Torjussen i at det det er for mange oppgåver som i dag ligg til lærarane.

— Me treng mange nok og lærarutdanna lærarar. Men me treng òg eit sterkt lag rundt læraren; vaktmeister, sosialarbeidarar, helsesjukepleiarar og IKT-ansvarlege. Lærarane må få vera lærarar, seier Handal.

Han viser til at ein dei siste åra har hatt ei rettleiarordning, og seier at denne fungerer. Men ordninga er ikkje forskriftsfesta.

— I tillegg er tilbakemeldinga frå lærarstudentar at dei får for lite og for dårleg praksis. Nyutdanna lærarar risikerer å stå i praksissjokket åleine, seier Handal.

Veit ein kva ein går til?

Handal vil gjerne snakka om lønsutvikling. 

Men lærarar tener ikkje så dårleg i kroner og øre, samanlikna med til dømes universitetslektorar eller andre tilsette på universiteta, seier pedagogikkprofessor Torjussen. Det han stiller spørsmål ved, er om skildringa av stillingane ferske lærarar går inn i er realistisk.

— At ein har omsorgsoppgåver i skulen, er det noko ein berre ser for dei yngste trinna?

— Det er ei spenning mellom oppdragarbiten og undervisningsbiten, og oppdragarbiten et seg oppover — heilt til universiteta, seier Torjussen.

Han legg til:

— Dette skjer paradoksalt nok etter at ein har fjerna «oppdragelse» frå føremålsparagrafen.

Powered by Labrador CMS