usa
Professorar ved Harvard går til sak mot Trump
Donald Trumps truslar mot universitetet møter motstand. Ulovleg og i strid med akademisk fridom og ytringsfridom, ifølgje søksmål.
Den amerikanske samanslutninga av universitetsprofessorar mobiliserer mot Donald Trumps åtak på Harvard-universitetet. Lokale medlemmer av the American Association of University Professors, går no saman om eit søksmål mot Trumps regjering.
Søksmålet er i første omgang eit forsøk på å stanse Trumps planar om å kutte finansieringa til universitetet, ifølgje The New York Times.
Søksmålet, som er levert til tingretten i Massachusetts, beskriv Trump-regjeringa sine handlingar som «misbruk av føderale midlar» med «føremål å undergrave akademisk fridom og ytringsfridom».
Nei til Trump
Tidlegare denne månaden fekk Harvard brev frå styresmaktene om at dei kom til å miste om lag ni milliardar dollar, tilsvarande nær 100 milliardar norske kroner, dersom dei ikkje aksepterte ei liste med krav.
Krava likna dei som først vart lagde fram for Columbia University og seinare fleire andre eliteuniversitet i USA.
I korte trekk går krava ut på at universiteta, for å behalde finansieringa, må stanse alle tiltak for mangfald og inkludering, slå ned på pro-palestinske ytringar og demonstrasjonar og endre pensum og studieprogram i tråd med Trump-regjeringas ideologiske preferansar.
Harvard går motsett veg av Columbia, som gav etter og prøvde å tilpasse seg krava. Columbia har inntil vidare fått behalde milliardane Trump trua med å fjerne.
Sist laurdag demonstrerte om lag 300 studentar og tilsette ved Harvard mot Trump, kutt i finansiering og til støtte for internasjonale studentar som står i fare for å bli deporterte. Så langt har 500 studentvisum blitt trekte tilbake, ifølgje CNN.
«Frykt og sjølvsensur»
Harvard, er til liks med fleire andre universitet, blitt skulda av Trump for ikkje å ha tatt grep mot antisemittisme og på grunn av dette blitt sett under gransking.
Dette har ifølgje søksmålet frå Harvard-professorane allereie gjort alvorleg skade og lagt band på den frie forskinga, også på felt som ikkje kan setjast i samanheng med skuldingane om antisemittisme.
Truslane mot Harvard har skapt «eit klima prega av frykt og sjølvsensur», heiter det i søksmålet.
Jusprofessor ved Harvard og rådgivar for saksøkarane, Andrew Manuel Crespo, meiner politikken er meint å skremme tilsette frå å ytre seg på måtar som ikkje samsvarer med Trumps syn.
— Dei tilsette på Harvard har ein konstitusjonell rett til å ytre seg, undervise og forske utan frykt for at staten skal straffe dei ved å kutte i tilskota, seier Crespo til New York Times.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager