USA
Tar pengar frå Princeton. Skulda for «overdrivne og usannsynlege klimatruslar»
USAs president Donald Trump fjernar finansiering av program for klimaovervaking ved Princeton-universitetet.
Trumps regjering har gjort det klart at dei kuttar nær fire millionar dollar i tilskot til Princeton-universitetet, som svarar til vel nesten 45 millionar norske kroner med dagens kurs.
Kutta rammar program som forskar på og overvakar havnivåstigning og flaum langs kysten. Ifølgje The New York Times var det det amerikanske handelsdepartementet som melde om kutta tidlegare i veka.
Tidlegare har fleire forskingsstipend ved Princeton blitt sett på pause.
«Klimaangst»
Ifølgje pressemeldinga frå handelsdepartementet promoterer klimaforskinga ved Princeton «overdrivne og usannsynlege klimatruslar, som bidrar til eit fenomen kjent som ‘klimaangst’, som har auka betydeleg blant amerikansk ungdom».
Klimaforskinga som styresmaktene no vil legge ned, handlar blant anna om å vidareutvikle avanserte klimamodellar. Ein av dei som har jobba med dette, er ifølgje New York Times Princeton-fysikaren Syukuro Manabe, som i 2021 fekk nobelprisen for arbeidet sitt med klimamodellering.
Det er venta at det vil bli fleire kutt i finansiering av klimaforskinga både ved Princeton og andre stader.
Ein stor del finansieringa av klimaforsking i USA blir fordelt gjennom The National Oceanic and Atmoshperic Administration. Årleg støttar dette organet klimaforskinga i USA med om lag 220 millionar dollar, som svarar til nær 2,4 milliardar norske kroner med dagens kurs.
Donald Trump har signalisert at dette er pengar som skal trekkast tilbake.
Fleire kutt i vente
Kutta i klimaforskinga på Princeton kjem som eitt av dei siste i rekka av massive kutt og inngripande krav ved amerikanske universitet. Tidlegare denne veka kom nyhenda om at Cornell University og Northwestern University til saman får lagt finansiering tilsvarande nesten 20 milliardar norske kroner på is.
Fleire andre kjende universitet, som Harvard, Columbia og Stanford har blitt utsett for liknande kutt og inngripande krav i strid med den akademiske fridomen.
I Harvards tilfelle truar Trumps regjering med å trekke støtte tilsvarande nesten 100 milliardar norske kroner.
Endringslogg 11. april kl, 21.36: Retta til at 220 millionar dollar tilsvarer nær 2,4 milliardar kroner, ikkje 240 milliardar som det sto i ein tidlegare versjon.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager