null Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Slaktar rangeringar mellom universitet

I ein rapport til Kunnskapsdepartement slaktar norske forskarar internasjonale rangeringar mellom universiteter.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dei internasjonale målingane Shanghai-rangeringa (ARWU) og Times Higher Education kan ikkje brukast som grunnlag for informasjon og tilbakemelding verken innanfor utdanning eller forsking, dersom målet er at norske universitet og høgskularar skal bli betre.

Dette slår NIFU-forskarane Frederik Piro, Gunnar Sivertsen, Elisabeth Hovdhaugen, Mari Elken, Mats Benner og Bjørn Stensaker fast i forskingsrapporten «Nordiske universiteter og internasjonale universitetsrangeringer». 

Rapporten er laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

— Rangeringane er ikkje særleg brukande verken til å styra institusjonane eller dei nasjonale prioriteringane. Det seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet etter at norske forskarar har dissekert både Shanghai- og Times Higher Education-målinga.

(Bjørn Haugstad og Ole Petter Ottersen sammen ved en tidligere anledning.)

Lite tilgjengelege og lite gjennomsynlege

Funna i rapporten viser også at rangeringane i stor grad er baserte på datagrunnlag som er lite tilgjengeleg og metodar som ikkje er gjennomsynlege. Dei seier heller ingenting om utdanning, kjem det fram i rapporten.

Dei norske universiteta sin låge plassering er eit resultat av låg publisering per tilsett, låg siteringsrate, få enkeltforskarar som publiserer i dei fremste tidsskriftene, og få publikasjonar som når opp mellom dei ti prosent mest siterte artiklane i verda. Det einaste som universiteta kan gjera noko med er å påverka den enkelte forskaren sin produktivitet.

Forskaren Fredrik Piro viste til korleis ein enkelt Nobelpris i 1943 held Stockholms universitet høgt oppe på målingane i dag. 

— Det interessante er at dette var ein jødisk forskar som hadde flykta til Sverige frå Freiburg i Tyskland. Men det var Stockholms universitet som fekk registrert han som sin Nobelprisvinnar, fortalde han.

Regjeringane kan påverka

Det er faktisk mogleg for regjeringane å påverka plasseringane til institusjonane. Etter forskarane si meining kan det gjerast gjennom den nasjonale forskings- og utdanningspolitikken, mellom anna gjennom å gi meir pengar til forsking,  laga større institusjonar, oppfordra til meir internasjonalt samarbeid og sampublisering og ved å satsa på framifrå forskarar i staden for berre på senter for framifrå forsking.

— Me vil likevel rå frå å lata plasseringa på internasjonale rangeringar bestemma korleis desse forskingspolitiske verkemidla skal sjå ut. Heller vil me rå til at desse blir retta inn mot klart definerte mål for korleis kvaliteten på forsking og utdanning kan betrast, sa Fredrik Piro.  

–Universitetet i Noreg ville gjera det bra

Han gav også oppskrifta på korleis norske institusjonar kan klatra høgare opp på desse rangeringane.

— Då må alle norske universitet slå seg saman til Universitetet i Noreg/University of Norway, og så vil dei tre Nobelprisane til Universitetet i  Oslo bli inkluderte. Då ville dette nasjonale universitetet ha klart å koma på 25. plass på Shanghai-rangeringa, smilte han. 

Både Shanghai-rangeringa si vektlegging på Nobelprisar og Fields-medaljen og Times Higher Educations vektlegging på omdømme, gir eit heilt feil bilete av kvaliteten til eit universitet. Det er Fredrik Piro overtydd om. 

— Fekk ikkje utlevert data

— Times Higher Education nekta å gi oss data frå omdømeundersøkinga deira. Og dei ville heller ikkje visa oss metodane dei har brukt. Det kan vera så enkelt at ein forskar frå Peru blir beden om å lesa opp namnet på dei universiteta han meiner er dei 15 beste i verda. Då er det stor sjanse for at det blir Harvard, Berkeley eller Massachusetts Institute of Technology (MiT), slo Ferdrik Piro fast og la til:

— Det kan berre skilja 10-20 stemmer mellom eit universitet som er rangert som nummer 140 og eit universitet rangert som nummer 290 på omdømmeundersøkinga. Om desse tala hadde blitt offentleggjort , ville truleg tiltrua til Times Higher Education blitt undergrave fordi nettopp omdømmeundersøkinga er styrande for over ein tredel av det endelege resultatet i Times Higher Education.

Rangerer meir forsking enn universitet

Den fellande dommen for desse to universitetsrangeringane er at dei heller er forskingsrangeringar enn universitetsrangeringar.

— Dei seier nemleg lite om undervisning. Det er den opplagt største veikskapen ved rangeringane, konstaterer NIFU-forskarane.

Shanghai-rangeringa legg vekt på artiklar i vitskaplege tidsskrift som Nature og Science og i Web of Science som mål på forsking.

Forskarane konkluderer med at det same er tilfellet med Times Higher Education. 60 prosent av rangeringa er knytt saman med forskingsindikatorar, medan 7,5 prosent seier noko om det internasjonale mangfaldet og 2,5 prosent seier noko om i kor stor grad universiteta skaffar seg inntekter frå næringslivet. Utdanningsindikatoren tel 30 prosent, men halvparten er basert på resultat i omdømmeundersøkinga.

Forskarane peikar også på at det finst ingen mål på ting som har å gjera med kvaliteten på undervisninga.  

Sunn skepsis

— Institusjonsleiarane som har vore skeptiske til desse målingane, har altså vore svært fornuftige, sa statssekretær Bjørn Haugstad (bildet over) i Kunnskapsdepartementet i ein kommentar til funna i rapporten.

Han trudde likevel ikkje universitetsrangeringane ville forsvinna, sjølv om dei til dei grader blir dissekerte av NIFU-forskarane.  

— Dei er nok komne for å bli, men me kan bidra til at dei blir betre gjennom kontakt med dei som står bak dei.  Me skal heller ikkje lata rangeringane påverka politikken vår. Men om nokre av institusjonane våre blir verdsleiande og av den grunn går opp på rangeringane, vil det sjølvsagt vera ein positiv konsekvens, tykte han. 

Leiaren for Universitets- og høgskulerådet, Ole Petter Ottersen, meinte at funna i denne rapporten var ein del av dødsstøyten til universitetsrangeringane, spesielt Shanghai-målinga.

— Det er den mest ekstreme forma for tabloidisering ein kan tenkja seg. Rangeringane er heilt lineære, og måler berre ein einaste ting av alt det som universiteta driv på med.  Eg skal gjerne vera med på å skriva nekrologane over desse rangeringane. Tre gonger i året må våre tilsette lida seg gjennom den diagnosen som desse målingane stiller for universiteta våre, trekte han fram.

Roste U-Multirank

Etter hans meining var den einaste målinga det vil vera mogleg å stola på i framtida U-Multirank.

— Der blir universiteta inviterte til å vera med. Dessutan blir det sett på forskjellige oppgåver, som oppdragsforsking, grunnforsking og utdanning. Difor må U-Multirank ynskjast velkomen,  sa Ole Petter Ottersen. 

Les også: U-Multirank gir store muligheter for HiOA

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS