autonomi

Redd politisk styring berre vil verta debatt om lokalisering

Styresmaktene skubbar frå seg ansvaret, seier professor emeritus Jan Fridthjof Bernt. Styra i det store, ikkje i det små, er svaret frå politikarane.

Politikarane bør bestemma kva utdanning som skal vera kor, meiner professor emeritus Jan Fridthjof Bernt, han meiner det ikkje er noko som skal vera opp til utdanningsinstitusjonane åleine. Biletet er frå Nesna, som er eit døme på at politikarane greip inn. Her er det forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe som talar.

Politikarane må seia noko om kva utdanning ein skal ha, og kor ein skal ha henne.

Det sa Jan Fridthjof Bernt i samband med 80-årsdagen sin 6. juli. 

Vidare sa Bernt at styresmaktene skubbar frå seg ansvaret for vanskelege val.

— Det er ansvarslaust, både forskingspolitisk og utdanningspolitisk, å sjå universitet og høgskular som verksemder i ein verksemdsøkonomisk konkurransemarknad, sa Bernt.

Politikarane Khrono har snakka med etter at intervjuet med Bernt vart publisert, er samstemde i to ting: Professoren kjem med interessante standpunkt, men det er likevel eit «men» her.

— Med ein gong ein vil at politikarane skal seia noko om kva utdanning ein skal ha kor, vil det verta ein debatt om lokalisering. Og sjølv om det er politikarane på Stortinget som skal ha noko å seia, vil det fort verta ei lokalpolitisk sak uansett. Bystyrepolitikarane i Bergen vil til dømes sjølvsagt vera interesserte i å ha utdanning i eigen by. Saker om utdanningstilbod må handla om kvalitet, ikkje verta ein debatt om distriktspolitikk.

Det seier Kari-Anne Jønnes (H).

Stolar på kloke val

Høgrepolitikaren, som sit i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, seier ho er oppteken av at politikarane skal peika ut ein retning.

— Me skal styra i det store, ikkje i det små. Langtidsplanen og tildelingsbreva er gode styringsdokument, men Stortinget kan ikkje bestemma kva fag institusjonane skal tilby, seier Jønnes.

— Me skal gi ei tydeleg bestilling til sektoren, og så stolar me på at dei tek kloke val.

Jan Fridtjof Bernt nemnde saka med teatervitskap i Bergen, som var aktuell i vår. Forslaget var at fagmiljøet skulle mista to av tre vitskapelege stillingar. Jønnes er tydeleg på at utdanningsinstitusjonane òg skal tilby små fag.

— No er til dømes russisk eit svært aktuelt fag. Men det er ikkje alle år det har hatt mange studentar, illustrerer ho.

Utdanningsinstitusjonane må få meir ut av det dei har. Det er ikkje usunt å tenka seg om ein ekstra gong, og eg skjønar at det kan vera krevjande å flytta pengar mellom fakultet, seier Kari-Anne Jønnes (H) om økonomi og verksemdstenking.

Heller ikkje komitékollega Marit Knutsdatter Strand (Sp) vil at politikarar skal styra på mikronivå.

— Men når me løyver pengar til nye studieplassar, ligg det sterke føringar der. Institusjonane skal ha hovudansvar for kva fag dei skal tilby, og slik bør det vera, seier ho.

Jan Fridthjof Bernt meiner styresmaktene til dømes må seia noko om kor ein skal ha lærarutdanning.

— Søkjartala til lærarutdanninga er låge, og ein vil truleg ikkje fylla alle plassane. Skal ein tilby lærarutdanning så mange stader som ein gjer i dag?

— Når det gjeld lærarutdanning, er det ei heilskapsvurdering. Me diskuterer både opptak til praktisk-pedagogisk utdanning og krav til master — og heile diskusjonen er kompleks. Eg kan ikkje seia at me har for mange som tilbyr lærarutdanning, men det eit viktig spørsmål, seier Strand.

Kari Anne Jønnes seier at ho langt på veg følgjer Bernt.

— Men dersom ein seier at ein skal ha lærarutdanning ved til dømes Nord universitet, så er det Nord universitet som har ansvar for kor denne lærarutdanninga skal ligga, seier ho.

Uroa for dei små

— Ein kan ikkje prioritera økonomi som ei verksemd, seier Lise Selnes (Ap).

Som regjeringskollega Strand peikar ho på utviklingsavtalane som eit viktig verktøy.

Portrett av Lise Selnes
Interessant å lesa kva Bernt meiner, seier Lise Selnes (Ap).

— Men ein viktig premiss er at det er ein viss autonomi hos universitet og høgskular, seier Selnes.

— Korleis skal ein sikra at nokon tek ansvar for dei små faga?

— Det er noko eg har vore uroa for sidan Røe Isaksen si humanioramelding kom. Der var det sagt at ein ikkje skulle prioritera dei små spesielt, men eg har mellom anna vore uroa for dei små språkfaga. Burde ein hatt ein eller anna beredskap for dei små, spør Ap-politikaren.

Igjen peikar ho på utviklingsavtalane og seier at det er der ein legga inn noko om små fag for å sikra dei — igjen på grunn av autonomien hos institusjonane.

— Det er viktig at me ikkje berre har fag som sikrar god økonomi. Eg ønskjer ein diskusjon om det er andre måtar å gjera på velkommen, seier Selnes.

Powered by Labrador CMS