Debatt ● Oddgeir Osland

Regjeringa si blindsone. Og tre vegar ut av den.

Omgrepet «utdanning for heile landet» fører tankane til Nesna, ikkje til ungdom i segregerte byområde i Oslo og andre byar. Utdanningspolitikken manglar eit integreringsperspektiv, meiner Oddgeir Osland.

Høgare utdanning, som skal vurdere deg utifrå kva du presterer og ikkje korleis du flanerer, skal vere ein nøkkel til likeverd og sosial mobilitet, skriv kronikkforfattaren.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er ikkje vanskeleg å forstå regjeringa sitt engasjement for eit godt utdanningstilbod for heile landet. Sjølv vaks eg opp i ei lita bygd ytst i Sogn og Fjordane, og det var heilt opplagt for mange av oss som gjekk ut ungdomsskulen i siste halvdel av 1970-åra at vi burde dra heimanfrå for å ta vidaregåande skule. Eller for å arbeide. Det var sjølvsagt ein del som fant arbeid heime, men dei fleste av oss måtte reise bort, for ei tid eller permanent.

Det som stod klart for oss var at vi kunne få oss arbeid og utdanning. Og vi fekk jobb. Eit relativt sterkt regionalt utdanningstilbod — frå landbruksskular, lærarskular og landsgymnas som kom som perler på ei snor frå seint 1800-tal, via ulike fag- og yrkesskular, til utbygging av distriktshøgskular i 1970-åra — har vore avgjerande for mange livsløp. Og truleg har denne geografiske og sosiale mobiliteten vore ei medverkande årsak til at vi tradisjonelt har hatt relativt stor grad av samforstand på tvers av sosiale lag og geografiske og politiske avstandar i Norge. Eit godt regionalt utdanningstilbod er slik sett vel verd å forsvare, og har betydning langt utover at det er med og sikrar arbeidskraftbehov i distrikt og regionar.

Samtidig har vi dei siste tiåra stått ovanfor nye utfordringar og moglegheiter som liknar på dei vi tidlegare har hatt i utforminga av utdanningstilbodet for landsungdom, kvinner og barn av arbeidarklassen: integreringa av nye ungdomskull med foreldre frå andre land, foreldre som kvar kom hit med to tomme hender og lite av dei nettverka som vi som har budd her i generasjonar har. Bygde- og arbeidarungdom kunne og kan nok oppleve at andre har språklege forsprang, men dette er ungdom som har vakse opp med eit heilt anna morsmål, med den enorme ekstra innsatsen det krev for å prestere på lik linje med dei som har fått språket inn med morsmjølka. Og det er ungdom som møter eit arbeidsliv der det som burde vere irrelevant for vurderinga av arbeidssøkjarar, som kor du kjem frå, kva du heiter og kva du trur på, ofte gjer at dei vert plasserte lengre bak på søkjarlista enn dei burde stått.

Her bør høgare utdanning, som skal vurdere deg utifrå kva du presterer og ikkje korleis du flanerer, vere ein nøkkel til likeverd og sosial mobilitet. Og på nokre område har det blitt slik. Den store andelen innvandrarungdom i høgstatusprofesjonar som lækjar og jurist er gode døme på det. Og på vårt fakultet ser vi at 15—20 prosent av dei som begynner på utdanningar i økonomisk-administrative fag og sosialfaga kjem frå dei austlege bydelane i Oslo, og om lag ein tredjedel har innvandrarbakgrunn. Men i mange viktige og store fag på vårt og andre universitet er biletet annleis, og samla sett har vi stort potensial for meir mangfald i rekrutteringa til høgare utdanning.

I eit slikt perspektiv er det eit forstemmande tankekors i kor liten grad regjeringa prioriterer denne delen av utdanningspolitikken — samanlikna med distriktsperspektivet. Både Hurdalsplattforma, utdanningspolitiske dokument og dei faktiske omprioriteringane av ressursar, viser at ein har følgt opp lovnaden om å prioritere mindre studiestadar, og dermed presumptivt ungdom og arbeidsliv i distrikta. Men lite eller inkje tyder på at ein så langt ser høgare utdanning i eit integreringsperspektiv. Held denne politikken fram har ein langt på veg forlate intensjonen om høgare utdanningspolitikk som sosial utjamningsmekanisme, som vi har hatt tverrpolitisk semje om her i landet.

Korleis kom vi dit? Det er neppe tilsikta. Det er ikkje eit plott pønska ut av ei lita gruppe senterpartistar på hyttetur med litt vel mykje karsk innabords. Men det er eit uttrykk for at omgrepet «utdanning for heile landet» for mange fører tanken til Nesna, men ikkje til ungdom som veks opp i segregerte byområde i Oslo og andre byar.

Men det kan og bør endrast. Og det bør vere mogleg.

Det finst sterke krefter både i regjeringspartia og i opposisjonen som er vel kjende med og har forvalta ein utdanningspolitisk arv der vi trur på at lik rett til høgare utdanning gjev oss det beste frå begge verder: meir rettferd og meir kompetanse til gagn for både velferdsstat og næringsliv. Og som forstår at dette i vår tid ikkje berre handlar om bygdeungdom, men også om ungdom med innvandrarbakgrunn.

Så kva må gjerast? Her er tre forslag:

For det første: Styrk kunnskapsgrunnlaget. Korleis står det eigentleg til med det sosiale mangfaldet i høgare utdanning? Vi kan gjere endå betre bruk av administrative registerdata for å få ei samla oversikt over sosiale skilnader i rekrutteringa til ulike fagretningar og institusjonar innafor høgare utdanning. Her bør ikkje berre vi som leiar institusjonane, men også Kunnskapsdepartementet kjenne si besøkstid. Så finst det mengder av gode rapportar og undersøkingar gjort av gode kunnskapsmiljø som kan nyttast i breiare kunnskapsoppsummeringar for det vi vel ut som målretta tiltaksområde.

For det andre: Kunnskapen på området, både den akademiske og den erfaringsbaserte, må brukast — i samråd. Vi er mange som har eit ansvar på dette saksfeltet og tilgrensande saksfelt, og som strevar med å utvikle gode tiltak for å endre rekrutteringsmønster og redusere fråfall. Dette er overlappande kunnskapsfelt, anten ein søkjer å endre kjønnsbalansen eller innvandrardelen eller begge deler. Mange av oss har gjort litt, dei fleste av oss truleg alt for lite. Og vi vil tene på å styrke samarbeidet og koordineringa oss i mellom, skape gode fagpolitiske miljø på tvers av etatar, høgare utdanningsinstitusjonar og ulike politiske nivå for å utvikle ein heilskapleg integrerings- og høgare utdanningspolitikk.

For det tredje: Integrerings- og mangfaldspolitikken bør gjennomsyre politikken for høgare utdanning — og dermed alle sentrale politiske dokument. Døme: Vi kan nok vere trygge på at distrikts- og regionperspektivet blir sentralt i den nye profesjonsmeldinga som Kunnskapsdepartementet arbeider med. Men integrerings- og mangfaldsperspektivet bør ha minst like sentral plass. Det er avgjerande for auke rekruttering av motiverte ungdommar til sentrale velferdsprofesjonar, og for kvaliteten på velferdstilbodet. Og det er avgjerande for at ungdom som veks opp i alle delar av landet vårt, også i dei meir segregerte byområda, kan tenke slik 15-åringar i Askvoll kunne tenke for over 45 år sidan. Eg får nok ei grei utdanning og ein grei jobb og dermed økonomisk tryggleik i livet mitt.

Powered by Labrador CMS