lærarutdanning

Rektor får bestemme om lærarstudentar kan komme til Bodø neste år

Det er framleis usikkert om nye lærarstudentar får studere på Nord universitets campus i Bodø neste år. Styret vedtok å la rektor få avgjere saka.

Hanne Solheim Hansen, rektor Nord universitet, styremøte oktober 2023
Hanne Solheim Hansen, rektor Nord universitet, åtvare styret mot å gå imot leiinga sitt forslag til opplegg for lærarutdanningane neste år. Her saman med styreleiar Øyvind Fylling-Jensen under møtet i Bodø torsdag.
Publisert Oppdatert

Reaksjonane frå fagforeiningar og fakultet var krasse etter at leiinga ved Nord universitet før møtet fram forslag om setje campusbasert undervisning for lærarstudentar neste år på pause. 

I staden ønskte Nord å gi tilbod om nett- og samlingsbasert undervisning.

Konsekvensen av planen som låg på bordet ville vere at det ikkje ville finnast tilbod om campusbasert undervisning for nye lærarstudentar mellom Levanger og Tromsø — ein køyredistanse på 1000 kilometer.

Etter omfattande diskusjonar og fleire alternative forslag på bordet landa styret på rektor Hanne Solheim Hansens modifiserte versjon. 

Nord universitet skal neste år lyse ut seks tilbod for master i grunnskulelærarutdanning på dei tre studiestadene Levanger, Nesna og Bodø. «For Bodø gis rektor fullmakt til å beslutte om det skal lyses ut campusbasert eller nettbasert studietilbod».

Det vart ikkje presisert når rektor skal ta denne avgjersla.

Levanger får dermed ha campusbasert undervisning også neste år, medan Nesna berre vil tilby nett- og samlingsbasert.

— Ser skitdårleg ut

Under debatten åtvara ho styrerepresentantane mot å utsetje vedtaket fordi tidsfristen for å setje opp studieporteføljen for neste år då ville ryke.

— Det ser skitdårleg ut om vi gjer det, sa rektor.

Khrono var i Bodø for å dekke møtet, men fekk ikkje tilgang til møtelokalet og måtte følgje møtet digitalt frå eit naborom.

I vedtaket ligg også ein reduksjon av utlyste lærarutdanningar frå dagens åtte til seks. I eitt av motforslaga som kom opp på styremøtet låg tvert imot ei utviding til ti, men dette fekk berre to stemmer.

Talet på lærarstudentar stuper i Noreg, men Nord universitet er særleg hardt ramma av studentsvikten. Det er dette som er bakgrunnen for at yniversitetsleiinga ville setje campusundervisning på pause. Målet var å skape «handlingsrom» for å gjere nødvendige og meir djuptgripande endringar av lærarutdanningane.

To arbeidsgrupper har no fått i oppdrag å jobbe fram forslag til korleis både grunnskulelærar- og lektorutdanningane skal leggast opp i framtida.

Til Khrono har rektor Hanne Solheim Hansen sagt at dei no prøver å tilpasse seg studentgrunnlaget ved å lyse ut tilbod for lærarutdanninga

Frå 2023 til 2028 forventar Nord eit fall i talet på kandidatar frå lærarutdanningane på nærare 60 prosent, basert på fråfallet dei siste åra.

Universitetet viser også til at det generelt er betre søking på nettbaserte enn campusbaserte studieum på Nord universitet.

Styremedlem Hanne Thommesen (representant for fast tilsett undervisnings- og forskingspersonale) var kritisk til å berre satse på fjernundervisning med samlingar i 2024.

Rektor Hanne Solheim Hansen og styremedlem Hanne Thommesen (sittende) styremøtet Nord universitet 26. oktober 2023
Rektor Hanne Solheim Hansen (ståande) og styremedlem Hanne Thommesen under styremøtet i Bodø. Thommesen stemte imot rektors forslag.

— Eg vil bli veldig bekymra om 19-20-åringar skal sitje på gute- eller jenterommet heime hos mamma og pappa. Det gir ikkje den same relasjonskompetansen. Dette er kanskje gunstig for dei som er 30 år og eldre. Men eg trur vi med dette kan miste dei gode arbeidstakarane. Vi lever i eit fylke som treng lærarar, sjukepleiarar og sosialarbeidarar, sa Thommesen.

Ho var ein av dei to som stemte for å utvide lærarstudia, og imot rektors modifiserte forslag.

Thommesen er ikkje åleine om si bekymring.

— Som å viske ut lærarutdanninga

— Dersom eg ikkje kunne kome til campus og studere, ville eg ikkje ha vore student her, seier Amalie Pauline Steindal Johansen (25) til Khrono.

Johansen går andre året på grunnskulelærarutdanninga (5—10) i Bodø og er sterkt engasjert på vegner av yrket ho skal inn i. Ho åtvarar rektor mot å fjerne moglegheita for å kunne vere student på undervisningsstaden neste studieår.

— Eg fryktar det vil øydelegge det psykososiale miljøet og tryggleiken til mange studentar. Å ta steget frå ungdomstid og inn i student- og vaksenliv er utfordrande i seg sjølv, og det blir ikkje enklare om det skal skje digitalt. Samværet og samhaldet med andre studentar, aktivitetar i studietida, deltaking i studentforeiningar — alt dette er kjempeviktig for danning og utvikling, seier Johansen.

Amalie Pauline Steindal Johansen, lærerstudent Nord universitet
— Læring er eit samspel, seier Amalie Pauline Steindal Johansen, lærerstudent Nord universitet.

— Det blir som å viske ut lærarutdanninga, legg ho til.

Ho meiner også studentane vil tape reint fagleg på å måtte ta meir av lærarutdanninga heime ved kvar sin skjerm.

— Læring er eit samspel. Særleg i pedagogikktimane har vi ofte eksempel vi diskuterer og drøftar. Vi lyttar og deler. Dette er relasjonsbygging. Relasjonskompetansen er jo akkurat det vi har bruk for når vi skal ut til elevar og kollegaer i skulen, seier Johansen.

Lærarstudenten har sjølv engasjert seg i rekrutteringsprosjekt og skal ut og snakke med ungdomsskuleelevar om læraryrket. Studenten, som er frå Stokmarknes i Vesterålen, arbeidde som ufaglært lærar på heimstaden før ho valde å satse på yrket.

— Eg trur vi må ut og fortelje meir om kvifor læraryrket er både bra og viktig. Og det må vere ei nasjonal oppgåve å satse meir på skulane enn før. Der i den enden vi må begynne, seier Johansen.

Fryktar tap av tillit

Under styremøtet torsdag tok rektor sjølvkritikk for måten endringsforslaga vart lagt fram på.

Både Forskerforbundet, Utdanningsforbundet og Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag (FLU) var imot forslaget om å droppe campusundervisning. I tillegg meinte dei Nord-leiinga gjekk altfor fort fram, og ikkje hadde sørgd for å informere dei tilsette innan fastsette fristar.

FLU skal ha arbeidd i to år med forslag til endringar i studieplanen då Nord-leiingas planar kom på bordet, 12 dagar før styremøtet.

Dette fekk styremedlem Bjørn Olsen til å peike på faren for tap av tillit.

— Sånn eg har sett saka og støyen rundt, har fakultetsleiinga og fagforeiningane opplevd det som ei overkøyring. Der er også negative reaksjonar frå kommunane. Og om vi berre skal ha nett- og samlingsbasert undervisning i Bodø — korleis påverkar det dei levande campusane? Er der eit knekkpunkt, der det ikkje lenger blir interessant å studere her? Der noko som skurrar i mitt hovud når eg ser for meg campus utan lærarutdanning. Og kva vinn vi på å ha det så travelt, sa Olsen.

No blir det opp til rektor åleine å avgjere om nye lærarstudentar blir å sjå på campus i Bodø neste år eller ikkje.

Ho seier til Khrono at ho vil gå i dialog med dei involverte partane om å finne dei beste løysingane. 

Powered by Labrador CMS