jubileum

Først kjempa ein for å verta høgskule, så kjempa ein for sitt eige bygg. No kastar rektor Astrid Kvalbein eit blikk mot ein nabo når ho skal sjå inn i dei neste femti åra for Noregs musikkhøgskule.

Musikkhøgskulen sine studentar og tilsette er årleg med på 400 konsertar i året. Under bursdagfeiringa 3. september var det åleine 50 arrangement. Her paraden gjennom gatene i hovudstaden, med rektor Astrid Kvalbein i front.

Rektor: Kunst og kultur må vera med når ein skal møta samfunns­utfordringane

Publisert Oppdatert

Det byrja med dei ein kunne venta på den tida: Wergeland, Ibsen, Bjørnson og gjengen. Kvifor i alle dagar hadde ikkje Noreg eit eige musikkonservatorium, spurde dei. Wergeland argumenterte for dette allereie i 1831, Ole Bull donerte pengar i 1838, og Bjørnstjerne Bjørnson skreiv eit innlegg i avisa Bergensposten i 1859. Her kravde han eit nasjonalt musikkinstitutt.

Seinare engasjerte både Henrik Ibsen og Edvard Grieg seg, men det skulle likevel gå meir enn 150 år før Astrid Kvalbein kunne gå først i paraden som feira Noregs musikkhøgskule (NMH) 50 år. Det skjedde 3. september — i år. 

Men festen er ikkje over, og denne helga er det meir markering i hovudstaden.

Organistskule frå 1883

Tanken om at Noreg burde ha ein eigen institusjon for musikkutdanning, melde seg ikkje så lenge etter 1814. Det fortel Alfred Fidjestøl, som har skrive den ferske boka «Noregs musikkhøgskole. Femti år med notar, unotar og fotnotar». Her skildrar han først kampen for å få ein eigen høgskule, så striden om plassering, og deretter prosessen for å få samlokalisert seg i eigna lokale i Oslo.

I 1883 starta den første norske musikkutdanninga opp. Det var ein organistskule i dåverande Christiania.

Kanskje ikkje så rart at det var nettopp organistar far og son Ludvig Mathias og Peter Lindeman ville utdanna — dette var ei yrkesgruppe det var behov for i heile landet. Litt seinare kom dei første profesjonelle, filharmoniske orkestera i Noreg. Her var problemet at det ikkje var norske musikarar å henta; verken fiolinistar, trompetistar eller andre vart utdanna i Noreg.

Ein fekk ein eigen institusjon. Men Noregs musikkhøgskule var ikkje samla under eitt tak før i 1989, og kampen for å få det til var lang. Dette biletet er frå 1983.

Dei første som kjempa for norsk musikkutdanning, var døde. Men på 1950-talet vart kampen teke opp att. Komponistane Arne Nordheim, Gunnar Sønstevold og Finn Mortensen skreiv eit brev til departementet der dei føreslo å etablera ein norsk musikkhøgskule. Og for å gjera det enkelt kunne ein byrja med komposisjon, klaver og fiolin, meinte dei.

Desse tre, saman med pianist Kjell Bækkelund, klaga si naud i Dagbladet i påska 1959: «16—17-åringer slippes ut i livet, og den store kommersialiserte underholdningsindustrien står klar til å gripe fatt i dem. Hvilket forsvar har de unge, har de noe å sette imot dette underholdningspresset, dette enorme tilbudet av tredjerangs saker».

Det var fleire som fylte både 16 og 17 før det vart fatta noko vedtak. I 1966 opplyste statsråd Kjell Bondevik at Kulturrådet arbeidde med musikkhøgskulespørsmålet. På dette tidspunktet fanst det musikkutdanning i Noreg. Ein hadde musikkonservatorium i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim, ein hadde kommunale musikkskular, ein hadde private musikkskular som Barratt Due og Veitvet musikkskole, og ein hadde musikklærarutdanning både i Bergen og Trondheim. Men dei fleste av desse tilboda var private, så noka offentleg musikkutdanning på høgare nivå hadde ein framleis ikkje.

Fem røyster unna Bergen

Dei første hundre åra hadde debatten handla om Noreg skulle få ei eiga, statleg musikkutdanning. I tillegg hadde det i periodar handla om ein høgskule skulle ligga i Oslo eller i Bergen. Den ballen var lagt død — trudde mange. Men i 1972, då saka om musikkhøgskule endeleg skulle handsamast i Stortinget, hadde noko skjedd. Innstillinga frå kyrkje- og undervisningskomiteen hadde eit fleirtal for Oslo. Men fem medlemmer, frå tre ulike parti, støtta ein musikkhøgskule i Bergen.

— Det var frykteleg nær, seier Alfred Fidjestøl.

— Den endelege avstemminga vart lagt til fredagen før 1. mai, og alle partia hadde fristilt representantane sine. Då røystene vart talde opp, var det fem røysters fleirtal for alternativet i Oslo.

Det viste seg at det var 41 representantar som ikkje møtte i Stortinget denne fredagen.

Dåverande kronprinsesse Sonja under den offisielle opninga av Noregs musikkhøgskule sitt første, eigne bygg. Her er kronprinsesse Sonja saman med administrerande direktør i Statens bygge-og eigedomsdirektorat, Per T. Eikeland og rektor Harald Jørgensen.

Må kutta

Attende til korleis det gjekk utover 1970- og -80-talet om litt. Men først eit frampeik frå noverande rektor Astrid Kvalbein.

Ho gjekk nemleg først i ein parade gjennom oslogatene no i høve jubileumsfeiringa.

— Eg har ikkje spelt i korps — men eg er korpsmamma. Og eg har marsjert på 17. mai saman med korpset vårt, Christiania blåseensemble. Me går saman med Slemdal skole, og då er det rektor som får bera fana. I år bar eg henne òg i Pride-paraden, der Musikkhøgskolen gjekk med eiga fane for første gong — og det seier kanskje noko om det som kjem, seier Kvalbein.

Sjølve jubileet vart ikkje så påkosta som først tenkt. I vår skreiv Khrono at Musikkhøgskulen sitt budsjett må kuttast med 25 millionar kroner. I tillegg vende dåverande forskings- og utdanningsminister Ola Borten Moe tommelen ned for det planlagde nybygget. Vel 7 000 kvadratmeter skulle det vera.

— I dag leiger me kontorlokale andre stader i Oslo. Desse vurderer me no å seia opp, me kan nok lirka til slik at me får nok kontorplass. Men det me treng meir av, er rom til å driva musikk i. I dag har me ikkje eigna lokale for storband og heller ikkje nok rom for kor og store ensemble. Me ønskjer oss òg lokale som mellom anna kan brukast til kunstnarlege ph.d.-prosjekt, som ein black box. Det me har mest av, er salar for klassisk musikk og mindre øvingsrom, seier Kvalbein.

Tiril Eirunn Einarsdotter spelar hardingfele. Lynkurs i folkedans var eitt av arrangementa under bursdagsfeiringa 3. september.

Frå speletimefabrikk til høgskule

Musikkhøgskulen fekk eit tilbygg i 2007. Då hadde det gått om lag tretti år frå høgskulen endeleg vart samla. Dei første 15 åra hadde institusjonen nemleg ikkje noko eige bygg.

— Heilt fram til 1989 heldt ein til i provisoriske lokale, seier Alfred Fidjestøl.

I tillegg til bygg var det nokre andre ting som vart utfordrande ved å vera ein fersk institusjon: Ein måtte få tak i vitskapeleg personale. Forfattaren skildrar korleis det særleg var vanskeleg å få tak i ein professor i fiolin.

— I Europa er det ganske vanleg at det å vera professor ved ein musikkhøgskule er ei slags æreseutnemning. Arve Tellefsen ville til dømes gjerne vera professor ved Noregs Musikkhøgskule, men han hadde ikkje tid til å vera det, seier Fidjestøl.

Å vera professor i Noreg gir nemleg nokre krav, både til oppmøte og til administrativt arbeid. Det enda med at Tellefsen trekte seg. Også seinare professorar hadde solistkarrierar som gjorde at dei ikkje flytta til Noreg, slik dei hadde sagt at dei skulle.

— For den ferske institusjonen vart dei første åra ei læring i det å gå frå å vera ein speletimefabrikk til å verta ein vitskapeleg høgskule, seier Fidjestøl.

Ein elgitar og eit mangesysleri

I 1982 skjedde det noko: Nålauga for å koma inn var trongt, fire av fem studentar fekk avslag, og den vitskapelege høgskulen tok inn om lag 90 studentar i året. Men i året 1982 var det ein student som søkte om å ha elgitar som hovudinstrument. Det hadde ingen hatt før.

Det enda med avslag. Høgskulen meinte at ein førebels ikkje burde «sette av studieplasser for studenter som vil søke opptak med utgangspunkt i en utenomeuropeisk musikktradisjon».

Men likevel skjedde det noko.

— Musikkhøgskulen utvida, sjanger for sjanger, seier Fidjestøl, og nemner jazz, musikkterapi og folkemusikk.

Pianist og professor emerita Liv Glasner og organist, tidlegare studieleiar og førsteamanuensis emeritus Einar Solbu saman med rektor Astrid Kvalbein. — Dei som var 30 då musikkhøgskylen opna, er 80 no, seier Kvalbein.

No, femti år etter opninga, skal ein inn i ein ny strategiprosess. Rektor Kvalbein vil gjerne ha inn meir mangfald — men ho vil òg ta vare på dei klassiske faga.

— I tillegg til jazz og folkemusikk har me frie masterstudier, der ein til dømes kan studera persiske instrument eller innanfor singer songwriter-tradisjonen, seier ho.

— Då ein drøfta ein eigen musikkhøgskule, var omsynet til dei filharmoniske orkestera viktig. Får studentar frå dykk jobb der i dag?

Det er eit langt svar på dette spørsmålet. Kvalbein byrjar:

— Ja, dei får jobb.

Noregs musikkhøgskole skal vera ein eliteinstitusjon og utdanna klassiske musikarar, seier ho, men legg til at ho er spent på åra som kjem.

— Kva skjer når youtube-generasjonen vert studentar? Er det mange nok som er flinke nok til å øva nok? For nokre år sidan frykta me — sett på spissen — at kinesiske studentar skulle koma og konkurrera ut dei norske i kampen om orkesterjobbane. Men no er dei norske musikkutdanningane samla mot skulepengar, for me ser at studentane som kjem utanfrå hevar kvaliteten vår.

Men mange av dei som har utdanninga si frå Musikkhøgskulen i Oslo, men òg frå dei andre musikkinstitusjonane, jobbar ikkje fulltid som musikarar. Ja, høgskulen leverer til dei profesjonelle korpsa, kora og til operaen, men dei utdannar òg frilansarar innan mange sjangrar, musikkterapeutar og ikkje minst til kulturskular og amatørkulturen.

— Det er eit mangesysleri — og det kan det godt det vera, seier Kvalbein. 

— For å justera inntrykket ein kan få i utsynsmeldinga: Studentane våre er arbeidslivsrelevante, dei får jobb, men dei får ikkje nødvendigvis hundre prosent fast jobb.

Eigne krefter

Sjølve 50-årsdagen vart feira med 50 konsertar. Fordelen med å vera ein vitskapeleg høgskule for musikk er at ein har eigne krefter som både kan spela og synga — og det vart gjort. Dagen starta med parade og vart avslutta med festkonsert. 

— Når ein er i ei tid der ein må kutta, er det ekstra viktig for oss å vera synlege, seier ho.

I jubileumstalen sin stilte Kvalbein eit retorisk spørsmål: Kva hadde skjedd om alle med utdanning frå Noregs musikkhøgskule ikkje gjekk på jobb i ei veke?

Forfattar av jubileumsboka Aldref Fidjestøl vart intervjua av Ida Habbestad. Fidjestøl har mellom anna òg skrive Oslo-filharmonien si historie.

Det hadde vorte stille:

Ein hadde fått elevar som stod utan lærar, toppleiarar hadde ikkje kome på jobb, jazzklubbar hadde vorte tynna ut, dei profesjonelle kora og orkestera hadde mangla musikarar, psykisk sjuke hadde ikkje fått musikkterapi og demenskora måtte tatt pause, sa Kvalbein i talen.

Vidare sa ho følgjande: «Kanskje må vi akseptere at vi en stund framover må fortsette å utvikle oss uten at det nødvendigvis betyr å vokse. Men det politikerne ikke må få glemme, er at kunst og kultur må være med når vi skal møte de store samfunnsutfordringene. Kunst og musikk kan blant annet gi mening og skape tilhørighet for mennesker som må gjennom store omstillinger — individuelt eller som fellesskap».

Då ideen om og kampen for ein eigen musikkhøgskule var heilt ung, var omsynet til dei filharmoniske orkestra noko av det som vart trekt fram. Her er musikkhøgskulen sitt eige orkester under festkonserten på 50-årsdagen. Rolf Gupta er dirigent.

Når naboen skal flytta

Denne helga startar Ultima-festivalen, med både opningskonsert og fleire andre arrangement på Noregs musikkhøgskole. Utover hausten vert det fleire arrangement som har fått jubileumsstempel på seg.

Og sjølv om rektoren er tydeleg på at ein kanskje går inn i ei tid utan så mykje vekst, veit ho at noko skal skje om ikkje så mange år:

— NRK skal flytta, og der har Kringkastingsorkesteret ein konsertsal og fleire øverom, få minutt unna oss, seier Astrid Kvalbein.

Powered by Labrador CMS