Rotevatn langar ut mot leiinga etter at dekanstilling i Volda må lysast ut på nytt
Tilsetting. Det vert ikkje tilsett ny dekan for mediefag i Volda i denne omgang. Han som var innstilt takka nei til stillinga. Omplassert dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn meiner at hennar søknad ikkje er behandla objektivt.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Høgskulen i Volda må lysa ut stillinga som dekan ved Avdeling for mediefag på nytt. Høgskulestyret handsama tilsetjing av dekan i torsdag.
I ei melding frå høgskulen, sendt ut til alle tilsette ved Avdeling for mediefag, kjem det fram at det var førsteamanuensis ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved BI. Tor Bang (64) som var innstilt til stillinga.
Han takka nei til stillinga av personlege årsaker, heiter det i meldinga.
No kan Samfunnsviterne og eg berre vente på at Kunnskapsdepartementet tek stilling til den ankesaka mi.
Slik Khrono forstår det skal han ha takka nei allereie før styret skulle handsama saka. Bang sjølv ønska ikke å stadfesta dette då Khrono snakka med han torsdag.
Det var totalt sju søkjarar til stillinga, og Bang var den einaste som vart innstilt.
Rotevatn søkte
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er i dag dekan ved avdelinga. Åremålet hennar går ut i august.
Det siste halve året har det vore mykje bråk knytt til stillinga hennar; like før studiestart vart ho mellombels omplassert mot si vilje. Bakgrunnen er ei arbeidsmiljøsak ved avdelinga. Rotevatn har klaga, og saka ligg no hos Kunnskapsdepartementet.
I oktober vedtok styret at stillinga som dekan skulle lysast ut, og Rotevatn stod på søkjarlista då den vart offentleggjort i januar.
Khrono har skrive at det vart stilt spørsmål ved rektor Roppen sin habilitet i samband med tilsetjing i denne stillinga.
I ein SMS til Khrono skriv Rotevatn at ho ikkje overraska over at ho ikkje fekk nytt åremål som dekan.
— Alt før søknadsfristen var ute sa direktøren klart frå om at eg aldri kom til å få halde fram. Dermed kunne ikkje søknaden min verte behandla så objektivt og ryddig som slike prosessar krev. I staden vart dette for meg endå meir av det som har prega denne saka.
I ein SMS til Khrono skriv direktør ved Høgskulen i Volda, Karen Lomeland Jacobsen, at påstanden frå Rotevatn ikkje stemmer.
Rotevatn peiker på at sjukefråveret på Avdeling for mediefag tredobla seg til 14.2 prosent etter at rektor fjerna meg som dekan.
— Det står i grell kontrast til ei rekkje utsegner frå leiinga til meg det siste halvåret om kor mykje betre alt er blitt i det same tidsrommet.
Ho skriv i meldinga at det var rektor Johann Roppen som i si tid bad ho søkje stillinga som dekan.
— Sist han veksla eit ord med meg, var i juli 2019. No kan Samfunnsviterne og eg berre vente på at Kunnskapsdepartementet tek stilling til den ankesaka mi. Ut over dette har eg ingen kommentarar.
Meiner ein har tid til ny prosess
I meldinga heiter det at høgskuleleiinga er leie seg for at ein ikkje klarte å få til ei avklaring for avdelinga i denne omgang, men at det framleis er seks månader att til åremålet tek til og dermed tid til å gjennomføra ein ny tilsetjingsprosess.
Rektor Roppen svarar i ein e-post at dei vil utlyse stillinga på nytt innan få dager. Fungerande dekan Odd Ragnar Hunnes vil ha stillinga inntil vidare.
— Kva skal ein gjera for å få fleire søkjarar?
— Vi kjem nok heilt sikkert til å nytte oss av ekstern ekspertise også denne gongen.
(Oppdatering 15.55: Saka er oppdatert med kommentar frå Rotevatn. Oppdatering 16.45: Saka er oppdatert med kommentar frå rektor Roppen og direktør Lomeland Jacobsen)
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager