disputas
Samisk høgskole feirar sin første doktorgrad
Ho er den første som disputerer på Samisk høgskoles eige ph.d.-program. Berit-Ellen Juuso har undersøkt korleis samisktalande barn lærer å lese.
Fredag 27. september var historisk ved Samisk høgskole. For første gong disputerte ein kandidat frå høgskulens
eige program for doktorgraden.
Berit-Ellen Juuso får æra av å representere milepålen.
Ho har studert leseevna til barn som har nordsamisk som talemål. Utgangspunktet er utbreidde haldningar blant foreldre om at samisk er eit særleg vanskeleg språk — så vanskeleg at ein del foreldre er redde for å la barna sine gå i samiskspråklege klasser.
Det har Juusos forskingsprosjekt slått fast at det ikkje er nokon grunn til.
Mytar om samisk
— Det viktigaste bidraget frå arbeidet mitt er at det viser at det ikkje er noko ved samisk språk som gjer det vanskelegare å lære å lese. Og barn som snakkar samisk lærer å lese like lett som barn som snakkar majoritetsspråket, seier Juuso til Khrono.
Juusos forsking viser at elevane når gjennomsnittleg leseevne det året dei fyller åtte år, som er det forventa tidspunktet.
I arbeidet med studien har Juuso følgt 36 elevar som var åtte år gamle om våren på 2. trinn i Noreg, og på 1. trinn i Finland.
Forskinga viser samstundes at det er nødvendig å ta omsyn til særtrekk i samiske språk på ulike stadium av læringa. Til dømes finst ikkje Y og X i samisk, og bokstavane i det samiske alfabetet er ikkje like godt kjent fordi det ikkje blir høyrt eller sett så ofte. Juuso trur dette er ein av grunnane til at mange trur det er vanskeleg å lære samisk.
— Men det samiske språket er ikkje vanskelegare enn andre språk, seier Juuso.
Jubileumssår
Arbeidet med å utvide utdanningstilbodet ved Samisk høgskole har vore i gang sidan etableringa for 35 år sidan, i 1989. I 2009 etablerte høgskolen masterstudiar i samisk språk og litteratur. I 2016 kom doktorgradsprogrammet på plass.
Det er i år 50 år sidan opprettinga av Nordisk Samisk institutt, som seinare blei del av Samisk høgskole/Sámi allaskuvla.
Rektor ved Samisk høgskole, Liv Inger Somby, rosar Juusos arbeid.
— Forskinga ho har gjort er både viktig og relevant, og vi treng meir av denne typen forsking på samisk opplæring og samiske språk, seier ho.
Berit-Ellen Juuso er frå Karesuvanto i Lappland i Finland. Ho har sjølv fire barn og har undervist i samisk i grunnskulen og i vidaregåande skule i 17 år.

Nylige artikler
Mer forskningsmidler fra stiftelser og fond? Slik kan det gjøres.
66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet
Gir regjeringa skylden for dårlig norsk på studier
Spesialpedagog må bli en beskyttet tittel
For første gang på 10 år startet færre på IT-studier
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene