Han skulle eigentleg bli psykolog. I staden er Viktor Båssa blitt ein av verdas tre første grunnskulelærarar i lulesamisk.

De tre nybakte grunnskolelærerne i lulesamisk, fra venstre, Viktor Inge Paulsen Båssa, Robin Nick Allan Paulsen og Trond Edvard Paulsen. Foto: Hanne Gravrok
Viktor Inge Båssa (til venstre) kan saman med Robin Nick Allan Paulsen og Trond Edvard Paulsen, kalle seg verdas første grunnskulelærar i lulesamisk.

Dei er pionerar i norsk utdannings­historie

— Eg hadde eigentleg aldri sett for meg at eg skulle gå lærarstudiet. Men då eg høyrde om lærarutdanninga i lulesamisk, tenkte eg at eg i alle fall skulle søke, seier Viktor Inge Båssa til Khrono.

I 2018 kom han inn på det aller første kullet til masterutdanninga: Lulesamisk grunnskulelærarutdanning 1-7.

— Då eg kom inn, var det gjort. Eg har aldri sett meg tilbake, seier Båssa.

Denne sommaren, fem år etter, har han og dei to medstudentane Robin Nick Allan Paulsen og Trond Edvard Paulsen, fullført – og kan med det skrive seg inn i norsk utdanningshistorie: Dei er dei første med grunnskulelærarutdanning i lulesamisk.

Minoritet i minoritet

Enno er det ukjent for mange i Noreg, at det i det heile finst eit språk som heiter lulesamisk. Samisk har, for dei uinnvigde, mange greiner.

Ei av dei heiter lulesamisk, og er saman med nordsamisk, sørsamisk, nynorsk og bokmål eitt av dei offisielle skriftspråka i Noreg. Lulesamisk er førstespråk for mellom 650 og 100 personar i Noreg, av ei etnisk gruppe på mellom 7000 og 8000.

Lulesamisk er dermed eit minoritetsspråk i det minoritetsspråklege. Nordsamisk dominerer og blir tala av cirka 90 prosent av dei samiskspråklege.

Lulesamisk er hjartespråket mitt

Viktor Båssa, lærar i lulesamisk

For Viktor Båssa er lulesamisk ikkje det opphavlege førstespråket. 

Han gjekk ei kort tid i den lulesamiske barnehagen på Drag/Ájluokta i Hamarøy kommune i Nordland, der han opphavleg kjem ifrå. Deretter gjekk han dei fem første åra på skulen på Holsnøy utanfor Bergen. Det samiske var knapt på horisonten.

Det var Viktor sjølv som ønskte å lære lulesamisk, då han vart større, og etter kvart begynte på vidaregåande. Der fekk han for første gong undervisning i språket.

— Eg har lært lulesamisk i vaksen alder. Språket er under utvikling, og slik sett ikkje morsmål, fortel han.

Det gjer ikkje språket mindre viktig, heller tvert imot.

— Lulesamisk er hjartespråket mitt, seier Båssa.

Generasjon samisk

Den lidenskapelege haldninga til det samiske språket er ikkje tilfeldig, og ikkje noko Båssa er åleine om.

— Eg vil gi noko tilbake til samfunnet eg kjem ifrå, seier Viktor Båssa. Før hausten og lærarjobben venter, kan han nyte dagar i spektakulær nordnorsk natur. Her frå Hovdsundet utanfor Bodø.

Båssa høyrer til ein generasjon samar som ikkje har nokon planar om å la språka, kulturen – eller snarare kulturane – forvitre og stille forsvinne i dragsuget etter fornorskingspolitikken. Det er politiske Fosen-protestane og filmen Ellos eatnu/La elva ferske prov på.

Med rapporten frå Sannningskommisjonen er verknadene av uretten som det norske storsamfunnet har påførte samane (og kvenar, norsk-finnar og skogfinnar) for alvor blitt sett på dagsorden.

På universitet og høgskular jobbar andre meir i det stille og langsiktige med den livsviktige infrastrukturen: med språk, musikk, litteratur, kunst, historie. Nord universitet har fått det nasjonale ansvaret for lulesamisk og sørsamisk.

Infrastrukturen

I 2018 etablerte Nord universitet mastergraden som Viktor Båssa har tatt. 

I spissen stod ein amerikansk lingvist, Bruce Morén-Duolljá, som er blitt avgjerande for eksistensen til lulesamisk som akademisk disiplin – og kanskje for skriftspråket generelt: Lulesamisk (og sørsamisk) er av UNESCO rekna som eit sterkt trua språk. 

Utan denne innsatsen står språka med andre ord i fare for å forsvinne. 

Bruce Morén-Duollja forskar og underviser på lulesamisk ved Nord universitet.

Mange, som Viktor Båssa, ønskjer å «ta språket tilbake». For hans del var det ei slags oppvakning som gjekk føre seg gjennom ungdomstida, der han vart opptatt av bakgrunnen og røtene sine, identiteten, og med det språket. 

— Mange foreldre som ikkje har vakse opp med språket sjølve vil no at ungane skal gjere det. Det er ein heilt annan situasjon no enn for 30-40 år sidan. Eg opplever at fleire og fleire unge ønskjer å lære og halde fram med lulesamisk, seier Båssa.

Fakta

Lulesamisk

  • Lulesamisk er eitt av tre offisielle samiske språk i Noreg, saman med sørsamisk og nordsamisk. UNESCO reknar pitesamisk, umesamisk og austsamisk/skoltesamisk som språk som ikkje lenger er aktive i Noreg. Det blir arbeidd for å revitalisere språka.
  • Lulesamisk er førstespråk for mellom 650 og 1000 personar i Sverige og Noreg, av ei etnisk gruppe på mellom 7000 og 8000. Lulesamisk er alvorleg utryddingstrua.
  • Tradisjonelt strekker det lulesamiske språkområdet i Noreg seg frå Ballangen i nord til Bodø i sør og omfattar mellom anna Tysfjord, Hamarøy, Steigen og delar av Fauske kommune i Nordland fylke.
  • Nord universitet har nasjonalt ansvar for lulesamisk (og sørsamisk). Universitetet har bachelor i lulesamisk og master i lulesamisk grunnskulelærarutdanning (kjelder: regjeringen.no, snl.no, Bruce Morén Duolljá)

Det er dei han no skal møte i klasserommet.

Han har flytta heim, og frå hausten har han fått jobb på Drag skole, der han hovudsakleg skal arbeide som andrespråkslærar i lulesamisk.

Lukrativt stipend

På Drag/Ájluokta, som ligg i det tradisjonelle kjerneområdet for lulesamisk på norsk side, aukar interessa for språket på, meiner Båssa.

— Blant anna finst det eit tilbod på ettermiddagstid her, der barn og unge møtest til ulike aktivitetar, og der målet er å snakke samisk. Tilbodet blir leia av unge, samiskspråklege, instrukturørar. Det er eit bra tiltak!

Båssa er glad for at lærarutdanninga på Nord universitet held fram. For omgrepet lærarmangel er i lulesamiske område ofte synonymt med total mangel. 

For å stimulere unge til å bli lærarar, spyttar fylkeskommunen i eit lukrativt stipend: 150 000 kroner i året under studiet. I tillegg til 50 000 i språkstipend frå Sametinget.

— Eg skal ikkje nekte for at dette var viktig for meg då eg bestemte meg, seier Båssa.

På den lulesamiske lærarutdanninga på Nord universitet er det venta tre nye studentar til hausten. For Viktor Båssa venter arbeidslivet og lærarlivet.

— Eg gler meg til å kome i gang, seier han.

Powered by Labrador CMS