Debatt ● Steinar Vagstad
Sass (og NTL?) og bakkekontakten
I Forskerforbundet er det kjøpekraft og reallønn som står i fokus, ikkje kor mange kroner ein får, svarar Steinar Vagstad på frontalangrepet frå Katharina Sass i NTL.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Katharina Sass har gått til frontalangrep på Forskerforbundet, vår lønnspolitikk og Unios streik i staten i to oppslag i Khrono.
Argumentasjonen synest å vere basert på at arbeidstakarar bryr seg om kor mange kroner dei får i lønn, ikkje kva dei kan kjøpe for desse kronene.
Det kan hende dette er gangbart i Sass sine sirklar. I Forskerforbundet er det kjøpekraft og reallønn som står i fokus, ikkje kor mange kroner ein får. Viss alle prisar og lønningar aukar med 5 prosent betyr dette auka forskjellar i Sass sitt hovud. Vi ser det ikkje slik, sidan ingen har fått endra kjøpekraft.
Derfor kjenner vi oss heller ikkje igjen når Sass ser streiken vår som ein streik for auka forskjellar.
Vi er for ytringsfridom og Sass må sjølvsagt få lov til å gje uttrykk for sine tankar (for ikkje å seie forvirring) både på dette området og om andre ting. Vi er også for organisasjonsfridom og syns det er flott at dei som er einige med Sass organiserer seg deretter.
Det er litt pussig at Sass så sterkt kritiserer andre fagforeiningar sin måte å kjempe for medlemmene sine på, og eg lurer litt på om dette også er NTL og LOs haldning?
I NTLs lokallag ved UiB har ikkje Sass (eller nokon andre frå det store fleirtalet av UiB-tilsette som har vitskapleg stilling) nokon formell posisjon, så det er kanskje berre noko ho sjølv meiner.
Nylige artikler
Khronos store julequiz
NTLs halvsannheter gagner ingen
Bør kriteriene for merittert underviser vurderes i lys av stillingskategori?
At Trump ble president gjorde avhandlingen mer aktuell
Reagerer på «voksende mistillit til etablert kunnskap»: — Jag etter likerklikk
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene