Debatt ● Sju instituttleiarar i språkfag

Sats på framandspråka!

Nyleg føreslo regjeringa å fjerne tilleggspoeng for framandspråk ved opptak til høgare utdanning. Det er grunn til uro over at regjeringa svekkjer framandspråka si stilling, no som verda kjem oss nærmare.

Vi fryktar at vi er inne i ein vond sirkel, skriv forfattarane. — Sviktande rekruttering til framandspråkstudia gir færre kvalifiserte framandspråklærarar, noko som igjen vil gjere det vanskelegare for skulane å tilby god undervising i breidda av dei framandspråka Noreg treng.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Noreg treng fleire som kan andre framandspråk i tillegg til engelsk. Dette gjeld ikkje minst språk som fransk, tysk og spansk, som ikkje berre er avgjerande for vår relasjon til vår viktigaste politiske allierte og handelspartnar, EU, men som òg er avgjerande for å følgje med på utviklinga i andre delar av verda. Kombinasjonen av solide praktiske og teoretiske språkstudiar hos oss med utvekslingsopphald gjer at våre studentar har ein kompetanse norske arbeidsgivarar treng. 

Vi som jobbar med framandspråk i høgare utdanning opplever at regjeringa sin politikk ikkje bidrar til å sikre at Noreg har denne kompetansen.

Nyleg la statsråd Oddmund Hoel fram stortingsmeldinga om opptak til høgare utdanning. Her føreslår regjeringa å fjerne moglegheita for tilleggspoeng for opptak til høgare utdanning til dei som har tatt framandspråk som såkalla programfag på vidaregåande skule. Det sterkaste argumentet mot ordninga i stortingsmeldinga, er at det finst eit smetthol som gjer at elevar kan ta privatisteksamen i framandspråk og få med seg ekstrapoenga. Det er eit paradoks at det at nokon kan skaffe seg meir formalkompetanse er eit argument mot ei ordning som skal sikre at vi har folk som kan andre framandspråk enn engelsk.

Ordninga med ekstrapoeng var innført fordi ein såg eit behov for å styrke framandspråka. I meldinga seier regjeringa ingenting om at dette behovet har vorte mindre, men heller ikkje noko som helst om kva dei vil gjere for å styrke framandspråka, som kompensasjon for at ekstrapoeng fell vekk.

Vi er verdsmeistrar i engelsk, til den grad at når vi snakkar om språk i norsk skule så omtalar vi ikkje lenger engelsk som eit framandspråk. I denne samanhengen er det særleg fransk, tysk og spansk det er snakk om.

I stortingsmeldinga meiner regjeringa at det «ikkje er grunnlag for å seie at språkpoenga har ført til at fleire tek framandspråk som programfag i VGO.» Det er ikkje i tråd med vår forståing av tala frå Utdanningsdirektoratet. Tala for nettopp programfag viser ein tydeleg oppgang i dei siste åra før pandemien, altså etter at tilleggspoenga vart innført. Elevtala fall tydeleg under pandemien, men vi ser no at dei er i ferd med å byggje seg opp att.

Om vi no fjernar tilleggspoenga for framandspråk risikerer vi at situasjonen vert enno verre.

Sju instituttleiarar

Det er altså grunn til å meine at ordninga har hatt ein effekt og til at det å fjerne tilleggspoenga for språk kan føre oss inn i ein situasjon som liknar på det vi ser i ungdomsskulen. Analysar frå Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa syner at talet på elevar i grunnskulen som vel framandspråk har vore fallande dei siste to tiåra.

Vi som jobbar med desse framandspråka på universitetsnivå opplever ein nedgang i søkartala. Det gjeld òg lærarutdanningane. Vi fryktar at vi er inne i ein vond sirkel kor sviktande rekruttering til desse studia gir færre kvalifiserte framandspråklærarar, noko som igjen vil gjere det vanskelegare for skulane å tilby god undervising i breidda av dei framandspråka Noreg treng. Om vi no fjernar tilleggspoenga for framandspråk risikerer vi at situasjonen vert enno verre.

Vi oppmodar difor Hoel om å snu i spørsmålet om tilleggspoeng og gå i ein dialog med oss som jobbar med framandspråka, for å sikre at Noreg har den kompetansen vi treng i åra framover.

Innlegget er skrive av:

Martin Paulsen, instituttleiar, Institutt for framandspråk, UiB

Gerard Doetjes, leiar, Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa

Tale Margrete Guldal, instituttleiar, Institutt for framandspråk og omsetjing, UiA

Christine Meklenborg Nilsen, instituttleiar, Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk, UiO

Lars August Fodstad, instituttleiar, Institutt for språk og litteratur, NTNU

Ola Goverud Andersson, instituttleiar, Institutt for språk, litteratur og kultur, Høgskolen i Østfold

Cathrine Theodorsen, instituttleiar, Institutt for språk og kultur, UiT

Powered by Labrador CMS