språk

Seier nei til språkkrav for utlendingar. — Kan skremme talent og svekke norsk forsking

Regjeringa inviterer til «krafttak for norsk fagspråk». Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, fryktar byråkrati og regelrytteri.

Universiteta bør sjølv få bestemme og tilpasse krav til norskopplæring for sine tilsette, meiner rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen.

— Vi vil gjerne vere med og styrke norsk fagspråk. Men det får vi ikkje til med byråkrati og firkanta regelverk, seier rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen til Khrono. 

Han er sterkt kritisk til regjeringas «Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia» som vart lagt fram onsdag. 

Blant tiltaka i handlingsplanen er eit krav om at fast tilsette som underviser, må kunne norsk på såkalla B2-nivå innan tre år etter at dei starta i jobben. På dette nivået skal språkbrukaren mellom anna kunne «forstå komplekst språk og uttrykke seg saklig, klart og nyansert om et vidt spekter av allmenne emner og emner innenfor eget fagfelt og egne interesseområder», ifølgje læreplanen.

UiO-rektoren har ikkje tru på tiltaka til regjeringa, som samla omfattar ei liste på 21 punkt. 

— Skremmer

— Vi har mange postdoktorar og ph.d.-studentar som er i Noreg i tre år. Det blir meiningslaust å krevje at dei skal måtte lære norsk. Det har ikkje noko poeng, dersom dei ikkje har planar om å bli i Noreg. Eg anbefaler alle av dei internasjonale eg møter å lære norsk. Men å anbefale er noko heilt anna enn å krevje, seier han.

Stølen meiner ein med kravet risikerer å gjere allereie store utfordringar med gjennomstrøyming på doktorgrads- og postdoktornivå endå større. 

Han er også bekymra for internasjonaliseringa.

— Eg er redd tiltaka skremmer vekk internasjonale talent. Det treng vi verkeleg ikkje i norsk akademia. Eg er redd dette kan svekke norsk forsking, seier UiO-rektoren. 

Han synest heller ikkje det er nokon god ide å pålegge fast tilsette å lære seg norsk på B2-nivå innan tre år, som kravet i handlingsplanen er. 

— Lat oss seie at vi har ein japansk forskar som kjem til Noreg for å vere her. Det blir feil å pålegge denne forskaren å lære seg norsk. Eg vil absolutt anbefale denne personen å lære seg norsk, det trur eg hen vil tene på. Men å gjere det til eit krav blir heilt feil, seier Stølen.

Stølen peikar på at det vil vere langt vanskelegare å lære norsk med japansk som morsmål, enn det vil vere for nokon som for eksempel snakkar tysk eller nederlandsk.

— Derfor meiner vi at krava til å lære norsk må vere mykje meir differensierte, og helst leggast til rette individuelt og tilpassa fagområdet ein skal arbeide i. One size fits all funkar sjeldan.

Stadig meir engelsk

Bakteppet for regjeringas handlingsplan er den stadig høgare andelen undervisning og forsking ved universitet og høgskular som føregår på engelsk.

På dei statlege universiteta og høgskulane har delen undervisningsemne med norsk som planlagt undervisningsspråk gått ned frå 85 prosent i 2010 til 72 prosent i 2021, medan engelskdelen har auka om lag tilsvarande, frå 15 prosent til 28 prosent. I den same perioden har delen studentar på emne med norsk som planlagt undervisningsspråk gått ned i alle fagområde.

I ein oversikt frå Språkrådet hausten 2022 kom det fram at halvparten av undervisninga til masterstudentane ved NTNU, Noregs største universitet, skjer på engelsk. I matematisk-naturvitskaplege fag var 75 prosent på engelsk. 

Ved Universitetet i Oslo (UiO) skjer over halvparten av undervisninga på masternivå i samfunnsfag på engelsk.

Regjeringa vil at «norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg», heiter det i forordet til handlingsplanen, signert forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Får å få det til må «akademia, og særleg universiteta og høgskulane», ta eit stort ansvar, er omkvedet. 

Det ansvaret seier Stølen at han gjerne vil ta, men på ein heilt annan måte enn regjeringa tenker seg. 

— Firkanta

— Vi vil gjerne vere med og styrke norsk fagspråk. Men det får vi ikkje til med byråkrati og firkanta regelverk. Det er mykje bra i handlingsplanen, og vi er opptekne av at vi skal ha godt fagspråk og utdanne studentar som brukar det i samfunnet, seier UiO-rektor, Svein Stølen.

— Bakgrunnen for denne planen er behovet for eit krafttak for norsk fagspråk. Er ikkje det nødvendig, slik du ser det?

— Det er fint med merksemda ein handlingsplan gir. Eg tenker ikkje at vi har noko krise. Men vi må jobbe for å unngå at vi hamnar i ei. Men det arbeidet bør vere institusjonens ansvar. Det blir lagt eit einsidig ansvar på enkeltforskarane, seier Stølen. 

Han fryktar at handhevinga av nye krav om norskkunnskapar vil føre til meir byråkrati og regelrytteri. 

 — Regjeringa har lenge snakka om tillitsreform. Det er på tide å vise det. Vi vil trenge mykje meir fleksibilitet og handlingsrom enn det handlingsplanen legg opp til.

Powered by Labrador CMS