universitetet i søraust-noreg
Skal gjera klart for dei første fakultetsstyra
Prosessen har vore lang, og kritikken tidvis sterk. Men no skal styret ved Universitetet i Søraust-Noreg vedta å få på plass dei første fakultetsstyra frå nyåret 2023.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Søraust-Noreg har verken fakultetsstyre eller instituttstyre. Det har vorte kritisert, mellom anna frå eigne tilsette.
— Me har opplevd eit fråvære av demokrati under heile USN si levetid. Det har ikkje endra seg til det betre sjølv om dette har vorte teke opp og drøfta i ulike samanhengar, sa professor Halvard Vike til Khrono i januar.
Då hadde han, saman med tre andre professorar, skrive eit innlegg i Khrono om manglande universitetsdemokrati.
Rektor Petter Aasen sa i same sak at han allereie i 2019 tok opp moglegheita for å ha fakultetsstyre. Men styret parkerte saka då det kom ein rapport i 2020, og det same skjedde i 2021.
I mars i år vedtok universitetsstyret endeleg at dei vil ha fakultetsstyre. I møtet 17. juni skal det verta vedteke mellom anna korleis fakultetsstyra skal vera sette saman og kva oppgåver dei skal ha.
Møtet er fysisk i Porsgrunn, men kan òg sjåast direkte her.
Frå 1.1.23
Forslaget er at ein skal ha fakultetsstyre med både vitskapeleg tilsette, teknisk-administrativt tilsette, studentar og eksterne representantar. Val skjer allereie til hausten, slik at fakultetsstyra kan verka frå 1. januar 2023. Nytt universitetsstyre skal på plass frå hausten 2023. Rektor føreslår difor at dei første fakultetsstyra får litt lenger funksjonstid enn dei vanlegvis skal ha, slik at dei kjem inn i same ruleringa som universitetsstyret.
Når det gjeld oppgåver, er mange av dei strategiske. Men fakultetsstyra skal òg mellom anna tilsetja instituttleiarar og kunne avslutta doktorgradsavtalar på bakgrunn av vitskapeleg ureielegheit.
Fotballmaster og campusutvikling
Av andre saker på sakskartet, er oppretting av næringsmaster for fotballtrenarar. Her skal studentane jobba femti prosent som fotballtrenarar og studera på halv tid. Studiet vil difor strekka seg over tre år, og ha samlingar i Bø.
Campus Bø er òg nemnt i ei anna sak. Som Khrono har skrive, har det lenge vore planar om utvikling av USN sin campus her. No får styret ei sak om campusutvikling fleire stader; både i Bø, Drammen, Kongsberg og Vestfold. I tillegg skal universitetet i gang med ein eigen campusstrategi. Her skal rapport vera ferdig på nyåret 2023.
Heile sakslista finn ein her.

Nylige artikler
Oi! Universiteter med eierskap i 79 selskaper
NTNU må trekke en tydelig linje mot våpen- og flerbrukssamarbeid
Mer forskningsmidler fra stiftelser og fond? Slik kan det gjøres.
66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet
Gir regjeringa skylden for dårlig norsk på studier
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene