Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
rektorval
For andre gong skal ein komité i sving for å finna rektorkandidatar ved Universitetet i Oslo.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Me ønskjer å få reelle val, med fleire kandidatar og gode demokratiske prosessar.
Det seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved Universitetet i Oslo (UiO). Då UiO hadde sitt siste styremøte dette semesteret, skulle det eigentleg opp ei sak om søkekomité som skal leita etter rektorkandidatar. Saka vart utsett. Rektor Svein Stølen vart valt i 2017, noko som betyr at det er nytt val i hovudstaden neste år.
Men der Universitetet i Bergen, som òg har val i 2021, no skal diskutera om ein skal få på plass ein komité, vart det ved UiO vedteke i 2016. Då det var val i 2017 sa Hans Petter Graver at han hadde vorte oppmoda om å stilla.
— Handlar det om at det er vanskeleg å få kandidatar til å stilla?
— Nei, det vil eg ikkje seia generelt. Det har vist seg at ved nokre val får ein fleire kandidatar. Men søkekomiteen skal bidra til å sikra fleire team. I tillegg kan sjølvsagt dei som ønskjer stilla til val utan at dei har vorte oppmoda om det, seier Benjaminsen.
Leitekomité er vanleg i utlandet, mellom anna var slike komitear i sving då Ole Petter Ottersen var blant kandidatane til fleire rektorstillingar i Sverige. Khrono har òg skrive at andre institusjonar i Noreg har nytta slike komitear.
I UiO sitt valreglement heiter det at søkekomiteen skal vera samansett av ulike grupper, mellom anna tidlegare valte leiarar, studentar og vitskapeleg tilsette. Saka som vart trekt frå sakskartet handla om kven som skulle inn i komiteen. No skal styret vedta dette i september.
Benjaminsen seier at komiteen organiserer arbeidet sitt sjølve. I valreglementet heiter det at dei mellom anna skal arrangera valmøte og presentera alle kandidatane ved valkampstart. Kandidatar som ikkje er føreslegne av komiteen må fremjast av minst tjue personar som har stemmerett i valet, men komiteen skal ikkje prioritera mellom kandidatane.
— Vil du tilrå ein slik komité til kollegaene i vest?
— Generelt trur eg dette er noko alle må vurdera sjølve. Men bakgrunnen hos oss er å få til gode reelle val, og ein slik komité kan visa seg å vera eit godt verkemiddel, seier Benjaminsen.
Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)