Debatt ● Atle Møen

Slitasje i vurderings­arbeidet

Ein av fem studentar ber i år om skriftleg grunngjeving av ein karakter. Det er både rettslege og pedagogiske positive sider med dette aukande fenomenet. Men kan det føra til slitasje i vurderingsarbeidet?

I mi studietid var eksamen ei offentleg hendig med innslag av seremoniar og felles stemningar, skriv kronikkforfattaren. I dag vert fagmiljøet nekta innsyn i karakterane på grunn av at det er snakk om personopplysningar.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg har levd med og erfart at universitet har gått over frå å vera ein slags eliteuniversitet gjennom å rekruttera dei flinkaste og mest interesserte studentane på byrjinga av 1980- talet, til å bli dagens masseuniversitet, der stadig fleire ungdommar søkjer kunnskap, og ynskjer seg inn i arbeidslivet med støtte frå ei spesialisert utdanning. Dette har vore ei gledeleg utvikling med brei støtte frå det politiske og faglege miljøet.

Denne framveksten av masseutdanning har også gradvis ført til endringar i vurderings - og eksamenspraksisar, med større rettsvern for studentane. Det har skjedd ei rettsleggjering av det å ta eksamen og retten til å be om grunngjeving for eit resultat, og høve til å få ny eksamen. Dette er også bra for studentane, men det kan også føra til vedvarande materialtrøyttleik eller slitasje på vurderingsarbeidet og ekstraarbeid med sensureringa, noko som kan gå utover kvaliteten på anna undervising og formativ vurdering og vegleiing.

Det synest for meg at eksamensinstitusjonen har blitt vesentleg endra dei 42 åra eg har vore ved Universitetet i Bergen som student og no professor og undervisingsleiar. Først nokre (mest truleg) personlege minne: I mi studietid var eksamen ei offentleg hendig med innslag av seremoniar og felles stemningar. Eksamensresultata vart slått opp på ein vegg, og vi studentane sto i ring og studerte resultata. Etter det eg hugsar var det ingen privatsak kva vi oppnådde i karakter, sjølv om vi sto oppførte med kandidatnummer. Sjølvsagt var dette offentlege søkelys på karakterane mest behageleg for dei som fekk gode karakterar.

Då eg vart stipendiat erfarte eg eksamenspraksisen og sensureringa frå eit lærarsynspunkt. Det var også offentlege seremoniar knytt til sensurering i ein komité med 3 medlemmar. Vi yngre lærte av dei meir erfarne korleis vi skulle utføra skjønn i vurderingane, og det var munnleg eksamen, der vi streva med å få til ein diskusjon med studentane. Den summative vurderinga (å gje ein karakter) gjekk i hop med den formative vurderinga (tilbakemelding på korleis ein skal læra under den munnlege eksamen). Heile dagen gjekk til denne offentlege vurderingspraksisen mellom fagfellar, og vi avslutta ofte eksamensdagen med markering etterpå på Wesselstuen, der vi delte på erfaringane frå den intense eksamensdagen.

Heile dagen gjekk til denne offentlege vurderingspraksisen mellom fagfellar, og vi avslutta ofte eksamensdagen med markering etterpå på Wesselstuen, der vi delte på erfaringane frå den intense eksamensdagen.

Atle Møen

No er dette med eksamen strengt regulert gjennom rettslege kategoriar, rett til å be om grunngjeving, klagerett, rett til ny eksamen, spesiell tilrettelegging m.m., og sjølve eksamensresultata er underlagt rettsleg vern av «privatlivet». Dette er bra, men det finst også nokre uheldige utslag. Vi er komne i ein situasjon der vi som fagpersonar legg inn store mengder med vegleiing, til dømes i ei BA- oppgåve, men rettsreglane hindrar oss innsikt i produktet av vårt arbeid. Vi må søkja om innsyn, eller spørja studentane om kva karakter vårt felles arbeid oppnådde. Moralske og offentlege relasjonar mellom menneska i ein forskarfellesskap (ja ei BA oppgåve er ei forskingsoppgåve) er omdanna til rettslege relasjonar mellom privatpersonar, som alle har eit spesielt behov for rettsleg vern.

Vi har fått følgjande vurdering fra jurist ved Studieavdelinga fra oktober 2023, då vi frå fagmiljøet yngste å få innsyn i karakterane til dei studentane vi hadde vegleia på BA- oppgåvene:

 «Innsyn i karakterar er personopplysingar. (...) På UiB har vi uansett lagt oss på ei linje der karakterane til studentane ikkje blir delte med vitskaplege. Det er grunngjeve med at studentane opplever dette som personleg informasjon, og vi ønsker å vere klare på at studentane ikkje skal forskjellshandsamast på grunnlag av fagleg nivå.» 

Eg vil på ingen måte kritisera denne tolkinga av reglementet, men berre visa til dei moralske dilemma som kan oppstå som ein følgje av strenge rettsvern. Det er avgjerande viktig både for studentane og for oss med den faglege dugleiken å utøva rimeleg skjønn når vi skal gje karakterar på eit arbeid, og studentane har rett til å be om grunngjeving av ein karakter, slik at dei eventuelt kan gå vidare med ei klage. Dette er viktig for å ventilera og kvalitetssikra vurderingsprosessane.

Men slik eg ser det har talet på dei som ber om grunngjeving auka mykje dei siste åra, slik at om lag 1 av 5 ber om å få skriftleg grunngjeving av ein karakter. Grunnen til at så pass mange vil ha grunngjeving er at det er nok å hake dette ut digitalt med eit tastetrykk. Mengda av grunngjevingar er greitt frå eit rettstryggleiksprinsipp, men det krev relativ mykje tid, noko som fører til belastning på sensorinstitusjonen. Eg fekk just melding frå ein erfaren sensor at han/ho vegra seg for å utføra sensoroppdrag av di mengda med grunngjevingar hadde auka så mykje.

Eg fekk just melding frå ein erfaren sensor at han/ho vegra seg for å utføra sensoroppdrag av di mengda med grunngjevingar hadde auka så mykje.

Atle Møen

Vi hadde denne problemstillinga oppe på eit møte i vårt undervisningsutval ved Sosiologisk institutt, og der fekk eg innsikt i at det var ulike situasjonsdefinisjonar av fenomenet: Studentane såg på dette med å be om grunngjeving som eit høve til å læra noko reint fagleg, altså dei etterspurde formative vurderingar gjennom å be om grunngjevingar. Mens vi som fagpersonar laut understreka at grunngjevinga først og fremst er ein rettsleg garanti, og skal ha minimalt å gjera med vegleiing, formative vurderingar og læring. 

Mitt inntrykk er at slike grunngjevingar varierer mykje frå dei som berre viser til sensorvegleiinga og dei nasjonale kvalitetsskildringane, på den eine sida, til dei som gjev meir utfyllande skildringar av kvaliteten til det spesifikke eksamenssvaret, på hi sida, noko som kan verta svært tidkrevjande.

Powered by Labrador CMS