Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
spionasje
Gjesteforskaren ved UiT – Noregs arktiske universitet vart før eit fengslingsmøte 6. desember for første gong registrert med sitt eigentlege namn.
Det er VG som melder dette.
— Han er erkjenner namnet sitt. Men det hadde vi relativt klare bevis for uansett, seier politiadvokat Per Niklas Hafsmoe i PST til VG.
PST var tidleg i etterforskinga i kontakt med Russlands ambassade og delte det russiske namnet til den sikta gjesteforskaren med mål om å få stadfesting eller avkrefting. Den gongen fekk PST ikkje svar.
No har PST sendt eit nytt brev til ambassaden.
— Vi er spente på å sjå om ambassaden gir til kjenne at Mikusjin er den han hevdar, seier Hafsmoe.
VG har spurt ambassaden om kommentar. Svaret er at dei ikkje har opplysningar om at José Assis Giammaria har russisk statsborgarskap.
Den spionmistenkte mannen vart pågripen i Tromsø 24. oktober 2022 på veg til jobben på Senter for fredsstudier ved UiT.
Fire dagar seinare vart han sikta etter straffelovens paragraf 121 for ulovleg etterretning. PST meiner han er ein såkalla illegalist.
Nylige artikler
Likestillingskampen virker. Men vi er ikke i mål
Når vi sparer penger på sensur, betaler studentene prisen
10 av 21 rektorer er kvinner
90 millionar til forsking på kvinnehelse
UiO-dekanene har sovet i timen
Mest leste artikler
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
Betalte ut over 34 millioner i styrehonorarer i 2025
Ho fekk «strafferunde» på avhandlinga si: Det var tungt
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas
Anbefaler studentene å reise hjem fra Jordan. Denne gjengen har bestemt seg