Debatt anders folkestad

Striden om arbeidstida

Det er ikkje fyrste gongen enkelte observatørar forenklar om lønnsarbeidaranes interessekamp frå tribuneplass, slik sosiologiprofessor Ole Johnny Olsen gjer, skriv Anders Folkestad.

Anders Folkestad tek eit historisk tilbakeblikk på lærarane og forskarane sin strid om arbeidstida.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Debatten i Khrono om arbeidstid i akademia er mildt sagt sprikande. Eit ytterpunkt er sosiologiprofessor Ole Johnny Olsen, som i eit intervju viser til at den dagen ein må kjempe gjennom fagorganisasjonar er «den dagen vi har tapt». Han vil helst ikkje degradere seg sjølv til å vere lønnsarbeidar. Han vil vere «scholar», med eigenkontroll over tid og oppgåver.

Olsen blir effektivt korrigert av Roar Ulvestad (Khrono 5.12), som avviser motsetninga mellom lønnsarbeidar og fri forskar. Ulvestad har den motsette konklusjonen når han slår fast at «den dagen vi sluttar å kjempe for våre rettar gjennom fagorganisasjonar, er dagen vi har tapt kampen». Den høge organisasjonsgraden i akademia tyder på at mange har same grunnhaldninga.

Sjølvsagt har Olsen rett i at akademia, som offentleg sektor elles, i aukande grad har blitt prega av New Public Management eller andre «moderne» styringsformer. Det er all grunn til å forsvare den faglege autonomien, og stå opp mot ulike nymotens indikatorar.

I så måte har Olsen fleire gode refleksjonar i innlegget sitt i Khrono (9.12). Men han gjentar frykta si for at dei såkalla «lønnsarbeiderinteressene» skal bli for sterke. Han hevdar at nettopp det skjedde med lærarane på 80- og 90 talet, og kallar det ein generaltabbe. Det er sterke ord, men det er ikkje første gongen enkelte observatørar forenklar om dette frå tribuneplass.

Det er difor på sin plass å minne om noko av bakgrunnen: Då lektorar og lærarar gjekk på barrikadane midt på 80-talet var det som reaksjon på kraftige angrep mellom anna på arbeidstidsordningane i skuleverket. Ekstra ille var det då Ap-regjeringa sådde tvil om at lærarane arbeidde eit fullverdig årsverk. Regjeringa ville «normalisere» og styre arbeidstida, i tråd med NPM-tanken som var på frammarsj.

I starten av 1988 la tusenvis av lærarar i Akershus og Oslo ned arbeidet. Streikane blei kalla ulovlege, men vara i fleire veker. Denne konfrontasjonen er den sterkaste som har vore mellom lærarar og styresmakter nokon gong. Striden handla formelt om tid og pengar, men var definitivt ein kamp på vegner av yrket og skulen.

Professor Thomas Chr. Wyller og andre kalla striden ein kulturkamp. Påfølgjande forhandlingar og tvistar gjorde ikkje lærarane fornøgde, langt ifrå, men resultata var klart betre enn det staten ville ha.

Erfaringane frå 80-talet var ikkje gløymde då Gudmund Hernes tok fatt på 90-talsreformene. Det gjekk ikkje lenge før Hernes ville praktisere teoriane sine frå maktutgreiinga på slutten av 70-talet: fagorganisasjonane hadde for mykje makt gjennom den korporative kanalen. Det måtte styrast sterkare.

Rektorane skulle ikkje lenger vere «fremste blant like». Dei skulle kontrollere nedover, og rapportere oppover. Om arbeidstid heitte det frå departementet at lærarane si arbeidstid skulle organiserast som eit normalarbeidsår på 45,8 veker med fast kontortid.

Lektorane skulle dessutan styrast gjennom innføring av ei «opplæringsbok» - ein logg der det som skjedde i undervisninga skulle rapporterast. I somme av yrkesfaga var det frå før ein type opplæringsbok. For lektorane blei denne «boka» eit tungt symbol på overstyring og instrumentalisering.

Protestaksjonar gjorde at staten tok Lærarforbundet til Arbeidsretten. På lærarromma blei det vitsa med eit departement og ein statsråd som trudde dei kunne vinne fram med pedagogisk «nytenking» i retten. Departementet gav opp. Opplæringsboka blei ikkje tatt i bruk.

I parentes kan det nemnast at oppdragsforskarar som skulle vurdere Reform 94 under vegs, kritiserte kampen mot opplæringsboka, og til dels harselerte med motstanden. Dei makta verken å tolke kontekst eller strategi, og såg ikkje at dette var ledd i ein profesjonskamp.

Olsen og andre må gjerne meine at resultatet hadde blitt annleis og betre med ein mindre konfliktorientert strategi. Alternativ er det nok vanskelegare å peike på. Det hadde nok i første omgang kosta mindre å lene seg tilbake, og håpe at det meste gjekk over av seg sjølv. Det ville ha vore ein risikabel strategi. Det vil det også vere for tilsette i ved universitet og høgskular.

Det har vore strid om arbeidstida i skuleverket, særleg i «gymnaset», i meir enn hundre år. I 1898 trengte styresmaktene pengar til å finansiere ei reform, og ville skaffe dei ved å auke undervisningsplikta. Dette har stadig gjentatt seg.

Difor har lærarane ofte tydd til forsvarskamp, seinast i 2014, for å halde fast på ei arbeidstidsordning som kombinerer «bunden» og «ubunden» tid. Til denne tid har verken staten eller KS nådd måla sine om å normalisere og ta full kontroll over arbeidstida. Striden om tida er neppe over.

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningssider

Powered by Labrador CMS