utbrot i trondheim
Studentane reiser frå Trondheim. Dei må vera forsiktige, seier Nakstad
Nedstenginga gjer at studentar i Trondheim reiser heim tidlegare enn planlagt. Dei bør følgja trondheimsreglane i ti dagar etter heimkomst, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei skulle feira at dei var ferdige med eksamen, i eit strålande sommarvêr i Trondheim. Men etter den siste nedstenginga i byen, på grunn av aukande smitte, vel fleire studentar å reisa heim tidlegare enn planlagt.
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
— Det er ingen grunn til å bli. Kollektivet mitt og dei fleste frå studiet mitt har bestilt billett heim, seier Rebekka Øvensen til NRK.
Ho har fleire eksamenar igjen, men vel å ta dei heime i Oslo.
Nakstad: Vurder testing
Kommunedirektør Morten Wolden skjønar at studentane vil reisa heim. Men han seier òg til NRK at han er uroa over at dei kan ta med seg smitte.
Og dersom studentane reiser, må dei vera forsiktige. Det skriv assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i ein sms til Khrono.
— Me trur det er viktig at studentane i Trondheim er forsiktige i sosiale samanhengar, og ikkje avbryt pålagt karantene for å reisa heim. Det er òg lurt å testa seg raskt ved mistanke om sjukdom, gjerne òg før ein reiser heim dersom ein er usikker på om ein kan vera smitta.
Fryktar indisk mutant spreier seg
Tysdag vart det meldt om 33 nye smitta i Trondheim. Fleire av dei har ukjend smitteveg. Måndag kveld innførte formannskapet i byen nye, strenge reglar - mellom anna skjenkestopp.
Helsestyresmaktene trur det er den indiske varianten av koronaviruset som er på ferde i byen, og fryktar at mutanten òg spreier seg i studentmiljøet. Det skriv Universitetsavisa.
— Fleire studentar ved NTNU har fått påvist viruset. Dei er i ulike studentmiljø som ikkje har openberr kontakt med kvarandre, seier fagansvarleg overlege for smittesporing i Trondheim kommune, Eli Anne Skaug, til UA.
Bør følgja reglane uansett
Dersom studentane bestemmer seg for å reisa heim, må dei vera tenkja på kor dei kjem frå, seier Nakstad.
— Det viktigaste rådet er at studentar bør følgja dei strenge smittereglane som gjeld i Trondheim i ti dagar etter at dei har kome heim. Då minimerer ein risikoen for å smitta nokon på heimstaden, seier han.
I tillegg peikar han på råda om avstand og om å bruka munnbind på reisa.
Nyeste artikler
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord