Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
sjukemeld student
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Khrono skreiv om Thomas Hellevang i april i år: Han vart sjuk då han jobba som kokk på båt i utanriksfart. Heime i Noreg takka han ja til ein planlagt studieplass, men det viste seg at sjukdomshistoria ikkje var over. Hellevang måtte avbryta studia, og vart sjukmeld. Men fordi det siste han gjorde før han gjekk til legen var å vera student, ikkje arbeidstakar, har han ikkje krav på sjukepengar.
Både Ruth Grung (Ap) og Ove Trellevik (H) har engasjert seg i saka. Målet var å løysa saka på lågast mogleg nivå, men no ser dei at det ikkje er mogleg. Grung har difor teke opp saka i eit skriftleg spørsmål til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
— Alle lagnadar er ikkje A4, skriv Grung.
— Det er sprøtt at ein må til Stortinget for å løysa ei Nav-sak, seier Hellevang tørt.
Han fortel at han sidan Khrono møtte han i Samnanger, der han no bur saman med mor si for å spara pengar, har vore i møte med det lokale Nav-kontoret. Der fekk han beskjed om at saka hans ligg fire ulike stader i Nav-systemet, og det lokale kontoret har ikkje innsyn i alle desse.
— Det er gjennom slike konkrete saker ein ser korleis systemet verkar, seier Grung til Khrono.
— Standardsaker går greitt gjennom Nav-systemet, men det finst òg langt meir kompliserte saker. Hellevang er ressurssterk, men det er ikkje mange andre som òg opplever liknande saker.
I spørsmålet til statsråden listar ho opp kven som er involvert i Hellevang si sak: Nav Skanning, som registrerer sjukemelding, det lokale Nav-kontoret som er usikker på om han har rett på arbeidsavklaringspengar, Nav Karmøy som avslo krav om sjukepengar og Nav Tromsø som vurderer yrkesskade.
— Eg er van med å samarbeida med posisjons-politikarar for å finna løysingar, og eg forventar at Røe Isaksen svarar så tydeleg han kan i den rolla han har - slik at det kan sjåast på som føringar. Dette vil Hellevang så kunne nytta vidare i saka si, seier Grung.
Det konkrete spørsmålet ho stiller, er: «Det er forventet at NAV var rigget til å ordne opp i slike saker på en fornuftig og effektiv måte. Det vi erfarer er at saksbehandlingen og klagebehandling er i nasjonale enheter.Hvordan bør slike saker løses i dag og i fremtiden»?
Hellevang sjølv seier at han er takksam for at både Grung og Trellevik, og i tillegg SV og Norsk studentorganisasjon, har teke tak i saka.
— Denne saka viser at det er behov for ein gjennomgang av dei ulike ytingane ein har, og sjå på korleis dei verkar saman, har SV-politikar Sara Bell, som står på andreplass på stortingslista frå Hordaland, tidlegare sagt.
NSO er oppteken av at så lenge beskjeden ein får som student er at det er Lånekassen ein skal halda seg til, må Lånekassen òg ha ordningar for til dømes sjukepengar.
Stortinget har no ei sak til handsaming om endringar i Folketrygdlova. Saka handlar om mottakarar av dagpengar framleis skal kunne ta utdanning. Men denne saka seier ingenting om sjukmelde.
— Me ønskjer at det skal vera lettare å kombinera sjukepengar og utdanning, og me ønskjer òg at folk skal omskulera seg og kunne ta anna arbeid, har Trellevik tidlegare sagt til Khrono.
Hellevik sjølv har sagt at han ville gjera noko fornuftig medan han var sjukmeld.
— Eg var kanskje dum. Men eg tenkte ikkje på at eg ikkje kom til å få støtte.
Khrono har tidlegare vore i kontakt med Nav om Hellevang si sak, etter at han fylte ut eit samtykkeskjema som gjorde at dei kunne kommentera saka. I svaret vart det vist til at saka ligg på fleire stader i Nav.
— I denne saka var vilkåra for å få godkjent yrkesskade i folketrygdlova ikkje oppfylt. Hellevang har klaga på avslaget, og saka vil no verta vurdert på nytt i Nav Klageinstans. Nav vil også vurdera om Hellevang sine plager kan verta godkjent som yrkessjukdom, skreiv Birgit M Hårvik, avdelingsdirektør i Nav Arbeid og ytelser Karmøy, i ein epost til Khrono.
Hellevang er framleis ikkje frisk. Legane har hatt mange teoriar om kva som har feila han, alt frå malaria til nyrestein, og han skal til fleire utgreiingar i den næraste framtida.
Nylige artikler
Skulle se forelesninger og skrive oppgaver for studentene. Nå er «Einstein AI» lagt ned
To kulturer blant administratorene
Samme forskningssystem — men hvor er viljen til kompromiss?
Historielause namn på NTNU-bygg
Grunnforskninga kan få enorme ringvirkninger, og ikke bare for sjeldenfeltet
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv