Universitetet i Bergen

Styre­medlemmer bad om å få dokumentasjon, men fekk nei

Styret ved Universitet i Bergen vedtok torsdag at universitetet skal betale advokatrekningane til rektor Margareth Hagen.

Herlof Nilssen og Ida Lutro hadde begge spørsmål i saka knytt til advokatrekningane UiB har betalt. Lutro etterlyste dokumentasjon på utgiftene, som er nær 400.000 kroner.

I styremøtet bad studentrepresentantane om dokumentasjon på kva dei nesten 400.00 har vorte brukt til, men fekk nei.

— Me må få tilsendt all korrespondanse. Me kan ikkje ta ei slik rekning utan at dokumentasjon ligg føre, og saka er òg offentleg interessant.

Det sa Ida Lutro, som er representant for studentane, då universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) 1. februar drøfta saka om advokatrekningane knytt til rektor Margareth Hagen sitt verv i Trond Mohn Stiftelse (TMS). Som Khrono har skrive, har Kunnskapsdepartementet sagt at UiB ikkje skulle betalt denne rekninga. Men det var likevel det styret vedtok.

«Basert på at de eksterne juridiske tjenestene er besluttet og bestilt av universitetsdirektøren, opprettholder styret at UiB dekker disse kostnadene», heiter det i punkt to i vedtaket.

Lutro sa at ho kan vera samd i at UiB skal betala, med bad altså om meir dokumentasjon. Det same gjorde Victor Botnevik, som òg er studentane sin representant i styret.

— Kvifor er ikkje dette journalført som alle andre utgifter UiB har, spurde han.

Også Jørgen Melve, som representerer teknisk og administrativt tilsette i styret, ønska seg meir dokumentasjon, sjølv om han meiner det er openbert at det er UiB som må ta rekninga.

— Det ligg lite dokumentasjon til grunn her. Elles er det krav om å dokumentera kven som har vore til stades når ein har spandert kake til 500 kroner, sa han.

— Lurt å ha kvittering 

— Det er ingen automatikk i at ein skulle fått innsyn i dokumentasjonen. Men eg meiner desse utgiftene bør journalførast på lik linje med alle andre. Dersom ein kjøper noko er det lurt å ha kvittering, seier Botnevik til Khrono. 

Men studentane fekk ikkje støtte i styret. Universitetsdirektør Tore Tungodden sa at faktum framleis er at Hagen fekk advokathjelp knytt til styrevervet i TMS, og han viste til at avisredaksjonar har bede om innsyn og fått avslag på dette.

Fleire av styremedlemmene, mellom anna Inga Berre og Steinar Vagstad, som begge representerer vitskapeleg tilsette, sa at dei som styremedlemmer ikkje hadde behov for meir dokumentasjon i saka.

Det har ikkje Herlof Nilssen heller. Han viste til at det truleg vert gjort juridiske vurderingar i mange saker, og at om styret skulle få alle desse, ville dei verta overlessa av dokument.

Men isolert sett forstår han spørsmålet i denne saka, sa Nilssen, som er eksternt styremedlem.

— Det er litt spesielt i denne saka. Eg føreslår at når me skal gå gjennom valreglementet så ser me òg nærare på rolleforståinga.

Dei to studentrepresentantane er skuffa over å ikkje få støtte i styret, men understrekar at dei har stor respekt for at dei andre styremedlemmene er usamde på dette punktet.

— Eg fryktar dette vil svekka UiB sitt omdømme ytterlegare, seier Botnevik.

— Heilt prinsipielt meiner eg at det skal journalførast kva som skjedde i denne saka, seier Lutro.

I møtet sa ho at ho synest det er urovekkande at det er først no det vert lagt fram at det har vore brot på lova. 

— Dette er ei sak som har gått føre seg over tid. Eg meiner ein må vurdera ein ekstern gjennomgang for å få tilbake tilliten.

Victor Botnevik ville ha dokumentasjon på utgiftene. Han stilte òg spørsmål om eit eksternt styremedlem burde leia handsaminga av akkurat denne saka, men styret fann prorektor habil.

Meiner ein burde lagt vekt på noko anna

Khrono har tidlegare snakka med jussprofessorar som meiner at når saka er framstilt som ho er, er det Margareth Hagen sjølv som må betala advokatutgiftene. Andre jussprofessorar meiner at UiB må betala, men at saka er framstilt på feil måte.

— UiB har fortalt ei feil historie og difor fått gale svar, sa professor Hans Fredrik Marthinussen til Khrono.

Styremedlem Herlof Nilssen peika på det same i møtet. Han sa at det for han ikkje er tvil om at UiB har interesse i vedtektene i TMS og slik òg interesse i å få avklart vedtektsendringa juridisk.

— Det er eit stort samanfall av interesser her, og eg trur me skulle lagt sterkare vekt på det tidlegare. Då hadde kanskje svaret vorte annleis. Når me har lagt vekt på det me har i brevet, skjønar eg departementet sitt svar, sa Nilssen.

Morten Iversen, som Nilssen ekstern representant i styret, stilte spørsmål ved om ikkje universitetsdirektøren og administrasjonen på eige initiativ ville ha ei juridisk vurdering av saka.

— Det undrar meg om dette ikkje er gjort. Dette er ei sak som kunne ha stor påverknad av UiB, og ei juridisk vurdering er noko ein kunne kommunisert i alle fall til dei styremedlemmene UiB heilt eller delvis nemner ut til styret, sa Iversen.

Også dei to studentrepresentantane meiner historia er fortalt er feil.

— Det trur eg heile styret meiner, seier Botnevik.

— Departementet seier at UiB ikkje skal betala, men no har de vedtatt å gjera det. Er dette eit gyldig vedtak?

— Departementet har lagt til grunn ei anna forklaring. Det er semje i styret om at det er UiB som skal betala, og ein må gjera det tydeleg at saka er meir nyansert enn det som kom fram i brevet.

Rektor inhabil

I saksframstillinga kom det fram at då første fireårsperiode i TMS var over for Hagen, var det ho sjølv som skreiv under på ei reoppnemning. Dette skjedde i 2021.

Inga Berre, som representerer vitskapeleg tilsette, sa i møtet at styret bør ta sjølvkritikk på at dei ikkje såg at rektor hadde oppnemnd seg sjølv.

— Dette burde vore fanga opp i veldig mange ledd. Men styret bør informerast når det er gjort slike feil, kor lenge har leiinga visst om dette? Og vart det gjort nokre vurderingar her i det heile, tidlegare er dette eit verv prorektor har hatt.

Rektor Margareth Hagen sa seg inhabil ved starten av denne saka, og det var difor prorektor Pinar Heggernes som tok over. Ho hadde òg vurdert eigen habilitet, sa ho, og konkludert med at sidan ho og Hagen vart vald som par, var ho habil sjølv om Hagen ikkje var det.

— Me er heller ikkje nære eller har omgang med kvarandre utanom arbeidsplassen, sa ho.

Margareth Hagen var inhabil i denne saka, og gjekk ut under handsaminga. Prorektor Pinar Heggernes overtok.

I saksframstillinga kjem det fram at også direktør Tungodden sin habilitet har vorte vurdert, og Tungodden vart funnen habil. 

— Det er kritikkverdige forhold i den administrative vurderinga som er gjort, og som direktør har ansvar for, sa Tungodden i innleiinga si til saka.

I vedtaket punkt tre heiter det at «styret ber universitetsdirektøren gjennomgå den administrative håndteringen av saken for å sikre etterlevelse av statens økonomireglement og rammer gitt for offentlige anskaffelser».

Powered by Labrador CMS