Debatt ● Silje Nathalie Luvåsen
Systemet er IKKJE skuld i juks. Studentane MÅ ta ansvar sjølv!
Når eg sit heime med eksamen så har eg eit val om å jukse eller ikkje. Det er moralen til studentane det er noko gale med, ikkje systemet, skriv Silje Nathalie Luvåsen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Måndag 30.11.20 blei det publisert ein artikkel på Khrono om eksamensjuks Universitetsprofessor Arild Raaheim uttalar at det ikkje er studentanes eigen feil at dei juksar, og at det er systemet som bør ta skulda. Det er ein påstand eg ikkje skjønnar. Det vil alltid vere studentane sin eigen feil at dei juksar. Når eg sit heime med eksamen så har eg eit val om å jukse eller ikkje. Det er moralen til studentane det er noko gale med, ikkje systemet. Eg synest at studentar blir unnskylda heile tida, og ingenting skal vere deira feil. Korleis har det blitt sånn at studentane blir fritekne frå alt ansvar?
Raaheim meiner at eksamen er utdatert og at det finst andre alternativ for vurdering. Det kan fungere fleire stader med alternativt, men eg trur ikkje det er løysinga i høgare utdanning, iallfall ikkje på alle utdanningar. Skoleeksamen er ein fin måte å finne ut korleis ein jobbar under press, og undervegsvurdering gir like mykje moglegheit til juks som ein heimeeksamen. Ved alternative løysingar risikerer vi at studentar som ikkje bør vere i studieløpet, kjem gjennom. Eksamen skal vere ei kvalitetssikring av utdanninga, fagkunnskap og yrket. Korleis skal ein lege tenkje under press dersom hen ikkje klarer det på eksamen? Eg ser for meg at eg kjem til legen om 10 år. «Kan du komme tilbake om fire dagar? Eg treng nemleg tid til å tenkje». Det er ikkje sånn det fungerer. Eksamen skal vere ei sikkerheit.
Eg studerer på lærarutdanninga. Eg forstår kvar tankane kjem frå, men det vil ikkje gå i praksis. Vi er redd for ukvalifiserte lærarar, og det har gjort at utdanninga no er eit masterløp. Dersom ein startar med alternative vurderingsformer, kan det medføre at vi forset med ukvalifiserte lærarar. Dei får kunnskapen på papiret, men det er ikkje papiret ein bruker i klasserommet. Der skal ein tenkje kjapt, vere på heile tida og produsere kunnskapen til ny kunnskap. Dette hjelper eksamen oss med. Vi blir betre til å produsere den kunnskapen vi har på ein skoleeksamen.
Eg synest at studentar blir unnskylda heile tida, og ingenting skal vere deira feil. Korleis har det blitt sånn at studentane blir fritekne frå alt ansvar?
Ansvar for eiga læring er noko vi pratar mykje om. Høgare utdanning har ein student ansvaret sjølv. Eit ansvar for å ikkje jukse. Eit ansvar for å halde på eigen motivasjon og prestere. Det er vanskeleg å forstå korleis det kan vere systemet og ikkje kvar einskild. Eg har ansvar for mi eiga opplæring, og det er ingen andre enn meg sjølv eg kan skulde på. Investering kjem ikkje av seg sjølv, det er noko ein gjer. Ein må sjå korleis studiet skal passe inn i framtida. Dersom ein student må jukse seg til framtida si, meiner eg at dei bør miste studieretten sin. Dei har berre seg sjølv å takke. ALLE har eit val uavhengig av system og verda rundt.
Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager