Smitterisiko

Tilsette i denne sektoren har låg sjanse for å få covid-19

Universitets- og høgskulelærarar sin sjanse for å få covid-19 ligg under snittet, viser ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet.

Mindre sjanse for å verta koronasmitta, men heimekontorlivet har òg bakdelar. På biletet er førsteamanuensis Guro Busterud, som så mange andre kombinerer forskarliv og foreldreskap - med barn som i større grad enn vanleg må vera heime frå skule og barnehage.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Er du tilsett i serveringsbransjen, har du større sjanse for å verta smitta av covid-19 enn mange andre.

Er du derimot tilsett i ei undervisningsstilling ved eit universitet eller ein høgskule, er smitterisikoen i den andre enden av skalaen. Dette viser ferske tal frå Folkehelseinstituttet.

Det var Forskerforum som først omtalte saken.

I fjor vår var det helsepersonell og dei som køyrer kollektivtransport og taxi som hadde størst sjanse for å verta smitta. Under andre bølgje var det framleis ingen fordel å jobba med transport av menneske, og i tillegg vart det rapportert om smitte over snittet for tilsette i serveringsbransjen.

Men medan ein ser at tilsette i grunnskule og barneskule hadde større sjanse for å verta smitta hausten 2020 enn våren 2020, verkar dei som underviser på høgaste nivå å vera skjerma. Saman med tannlegar og fysioterapeutar ligg universitets- og høgskulelærar nederst på lista.

Under snittet

Forskarane frå FHI har studert covid-19-smitte hos ulike yrkesgrupper som er i tett kontakt med andre. Dei har sjekka tre ting: Testar dei seg meir, får dei oftare positive testar og har dei høgare risiko for å hamna på sjukehus dersom dei vert smitta?

— Universitetslærarar er under snittet for alle i yrkesaktiv alder, seier FHI-forskar Karin Magnusson til Forskerforum.

Både i første og andre periode har fleire universitets- og høgskulelærarar testa seg enn snittet i folket. Men det er færre som har fått ein positiv test. I fjor haust var det 6 av 1000 som fekk påvist koronavirus.

Årsak kan vera heimekontor

Forskarane er ikkje sikre på kva det er som gjer at nettopp universitets- og høgskulelærarar ligg så langt nede på smittelista. Men dei trur heimekontor kan vera ein del av forklaringa.

— Me ser ingen forklaringar basert på data me har tilgjengeleg. Dei har kanskje hatt større moglegheit enn andre lærargruppe til å distansera seg frå kollegaer og studentar, større moglegheit til å ha heimekontor og isolera seg. Men me veit ikkje kvifor det er slik, forklarar Magnusson til Forskerforum.

Sjølv om smitten har vore aukande for tilsette i både barnehage og grunnskule, veit ein ikkje korleis dei tilsette der vart smitta. Samstundes var det mykje digital undervisning for studentane òg i fjor haust, medan andre lærarar i større grad var på plass i klasserommet. Det vart kritisert av mellom anna rektor i Bergen og lærar i Oslo-skulen. Frå nyttår er både vidaregåande skular og ungdomsskular på raudt nivå, noko som betyr mindre grupper.

Men sjølv om heimekontor kanskje kan ha gjort færre ved universitet og høgskular, har heimekontorlivet òg bakdelar, slik Khrono nyleg fortalte om.

Høgde og reisevaner

Undersøkinga frå FHI er berre ei av fleire som seier noko om kven som har større sjanse enn andre for å verta smitta av koronaviruset.

Ei undersøking frå USA og England, der mellom anna ein forskar frå Universitetet i Agder har vore med, viser at det er fleire faktorar som kan ha noko å seia: Korleis ein reiser, om ein bur tett på andre og til dømes deler kjøken med andre, og kor høg ein er.

Det siste vert forklart med at små dråpar, som kan innehalda virus, held seg svevande i staden for å falla til bakken. Dersom ein er høg, vil ein kunne få i seg ei større mengde av desse dråpane.

Powered by Labrador CMS