Rangering
UiB blant verdas 25 flinkaste til å samarbeide, ifølgje rangering
Universitetet i Bergen kjem best ut av norske utdanningsinstitusjonar og er blant dei flinkaste i verda til å samarbeide.
![UiBs viserektor for internasjonale relasjonar, Annelin Eriksen, helsar på den sørafrikanske akademikaren og no direktør ved London School of Oriental and African Studies, Adam Habib under UiBs berekraftkonferanse i 2020.](https://image.khrono.no/578960.webp?imageId=578960&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=85.77&width=968&height=554&format=jpg)
Skal ein tru den EU-baserte rangeringa U-Multirank, som analyserer høgare utdanning ved rundt 2000 institusjonar verda over, er Universitetet i Bergen (UiB) blant dei aller flinkaste i verda til å samhandle og samarbeide internasjonalt og med aktørar utanfor universitetet.
Samarbeid (collaboration) er ein eigen kategori som i år for første gong er tatt inn i U-Multirank-rangeringa.
UiB er blant dei 25 beste i verda til å samarbeide, ifølgje rangeringa. Ingen andre norske institusjonar er inne på denne lista.
— Motivasjonen vår er ikkje driven av ranking, men av at vi ynskjer å legge til rette for sterk forsking, og då er internasjonalt samarbeid heilt sentralt. Ved UiB er det satsa på globale samarbeid i fleire år. Då er det kjekt å få ei så tydeleg stadfesting på at vi er sterke på nettopp dette, seier UiBs viserektor for internasjonale relasjonar, Annelin Eriksen, til Khrono tysdag.
På lista over kriterium står blant anna niåvet av strategiske partnarskap, internasjonale gradar, internasjonal sampublisering og utvikling av patentar i samarbeid med næringslivet.
14 x A
U-Multirank lanserer seg som ein alternativ måte å samanlikne universitet på, som skal unngå veikskapane med dei meir tradisjonelle rangeringane. Dei internasjonale rangeringane blir rekna som viktige for omdømmebygginga til universiteteta, men møter ofte kritikk for sviktande metodikk.
I staden for å setje opp ei fullstendig liste over dei beste i verda, deler U-Multirank ut karakterar frå A (svært god) til E (svak) for å gradere prestasjonen innanfor ulike felt. Ideen er å rette fokus mot betringspotensiale hos kvar enkelt institusjon i kvart enkelt land, heller enn å fokusere på konkurransen mellom dei, ifølgje rangeringa sjølv.
U-Multirank publiserer likevel sine årlege 25 beste-kåringar, innan ulike kategoriar.
Blant dei ni norske er det også UiB som får flest toppkarakterar i ulike «disiplinar» totalt 14 A'ar. Dernest følgjer Noregs idrettshøgskole, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og Universitetet i Oslo med 12. NTNU må nøye seg med 9 toppkarakterar i årets rangering.
Ifølgje U-Multirank skal dette ikkje lesast som at universitetet med flest toppkarakterar er best i landet, men berre tydeleggjere styrkane til institusjonen.
Norske universitet markerer seg i år særleg sterkt i kategoriane «internasjonal orientering» og «forsking »(research), heiter det i rapporten.
Ikkje Oxford, men Daugavpils
I rangeringa av dei 25 beste til å samarbeide er det blitt plass til heile 21 europeiske universitet. Berre to asiatiske, eitt frå Amerika og eitt frå Afrika er inne på denne lista.
Der er også andre universitet enn dei som oftast hamnar i toppen i andre rangeringar, som Times Higher Education og den såkalla Shanghai-rangeringa. I U-Multiranks 25 på topp finst verken Harvard eller Oxford. Derimot er både Mongolias nasjonale universitet og Latvias Daugavpils University inne.
Nyeste artikler
Han er en av åtte menn på studiet. 70 er kvinner
Anne Borg blir styremedlem i EU-institutt for innovasjon
Kjempet for å få tilbake vitnemålet — nå har han tapt i to rettsinstanser
Sommerlektyre for genier
Kritisk mangel på studentboliger i Norge
Mest lest
Etter at han ble pensjonist, har han tatt fire mastergrader
Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta
Kan Kaptein Morf lære barn om de minste delene av språket?
« … det handler ikke bare om å utdanne en elite …»
Forskere sperrer innsjekk på Gardermoen