Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Synlegheit. Nummer ein i Noreg, nummer tre i Norden, 16. plass i Europa og nummer 89 i verda over dei mest synlege universiteta på nett. Der hamnar Universitetet i Oslo i ei ny rangering.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Berre Københavns Universitet og Helsingfors universitet er meir synlege og driv meir fagleg aktivitet på nett enn Universitetet i Oslo (UiO) i Norden. Det er ikkje mange dagane sidan hovudstadsuniversitetet var å finne som det einaste norske på nok ei internasjonal ranking.
Dette kjem fram av undersøkinga Webometrics som vart starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.
Det beste svenske universitetet, Uppsala universitet, hamnar på plassen bak UiO om ein set dei nordiske universiteta opp mot kvarandre.
Det var Uniforum som først omtalte saka.
Eit stykke bak på lista ligg andre norske universitet. Universitetet i Bergen hamnar på ein 11. plass i Norden, 55. plass i Europa og på plass 183 i verda. Medan NTNU hamnar like bak på høvesvis 12, 57 og 188. plass.
Målinga er gjort dei første vekene av januar i år. I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir rekna for å vere ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet, ifølgje gruppa bak målinga.
Dei ser både på nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.
Harvard University tronar øvst på målinga og blir følgt av to andre amerikanske universitet: Stanford og Massachusetts Institute of Technology.
Amerikanske universitet tar dei seks første plassane, før første ikkje-amerikanske universitet hoppar inn på sjuande plass. Der ligg University of Oxford.
Andre og tredjeplassen i Europa kaprar University of Cambridge og University College London, medan sveitsiske ETH (Swiss Federal Institute of Technology), Zürich) kjem på fjerdeplass.
Dei andre norske universiteta og høgskulane plasserer seg spreidd nedover listene om ein ser dei opp mot andre europeiske institusjonar.
Universitetet i Tromsø blir nummer 223 i Europa, medan Universitetet i Stavanger vert nummer 385. NMBU kjem inn som nummer 395.
Universitetet i Agder hamnar på 400-talet, som nummer 435 i Europa på denne rangeringa.
Andre norske plasseringar er Noregs handelshøgskule i Bergen på 606. plass, Universitetet i Søraust-Noreg som nummer 614, Høgskolen i Østfold på plass 647 og Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) som endar som nummer 690.
Høgskulen på Vestlandet hamnar like over nummer 700 og tar posisjonen som nummer 697 i Europa. Noregs idrettshøgskule erobrar 700.plassen i Europa.
Det andre hovudstadsuniversitetet, OsloMet, hamnar langt nede på listene. I Europa hamar OsloMet på ein 1169 plass blant dei mest synelege universiteta på nett. Det betyr at dei må sjå seg slått av dei aller fleste norske høgskular og universitet på denne rangeringa.
Webometrics opplyser at dei har gått gjennom over 28 000 høgare utdanningsinstitusjonar over heile verda.
Dei peikar på at dersom ein institusjon skårar mindre enn det den hadde rekna med, bør universitetsleiinga gå gjennom det dei publiserer på nett og sjå på i kor stor grad dei har open tilgang og ein gjennomsiktig politikk. Det kan auke både mengda og kvaliteten på dei elektroniske publikasjonane til institusjonen, skriv statistikkbyrået.
Nylige artikler
Har mottatt 56 klager etter Israel-uttalelsen som skapte mediestorm
OsloMet inngår forlik etter ulovlig printeravtale
Polarisering, sikkerhetstiltak og økende kontroll truer akademisk frihet
Fridtjof Nansens Institutt lander avtaler med Utenriksdepartementet
90 prosent av studentene slipper. Nå kan flere måtte betale studieavgift
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Høyskolen Kristiania sier opp særavtale med ansatte