Universitetet i Bergen
Universitetsallianse: — Me må tuta med ulvane
Universitetet i Bergen har gått inn i ein ny, europeisk universitetsallianse. Styremedlem Steinar Vagstad er skeptisk.
Vil medlemskap i ein universitetsallianse gjera forskingssamarbeid med forskarar og institusjonar utanfor alliansen vanskelegare? Det fryktar Steinar Vagstad, medlem i universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) og professor i samfunnsøkonomi.
— Me står i fare for å tapa grådig mykje meir enn me vinn. Me må tuta med ulvane og vera med i den alliansen me får lov til, sa Vagstad.
Droppa ut
Saka handla om at UiB har gått inn i universitetsalliansen CHARM-EU. Som Khrono har skrive, er det no 44 europeiske universitetsalliansar som får støtte gjennom EU-systemet. Ni norske universitet er med i slike.
UiB har tidlegare vore med i alliansen Arqus, men valde hausten 2021 å ikkje verta med inn i ein ny fireårsperiode.
— Med bakgrunn i at UiB ikkje i tilstrekkeleg grad deler dei langsiktige perspektiva i Arqus-alliansen, valde UiB å ikkje halda fram med deltaking utover denne prosjektperioden, har rektor Margareth Hagen tidlegare sagt til Khrono.
CHARM-EU er ei forkorting for Challenge-driven, Accessible, Research-based, Mobile, European University, heiter det i saksframstillinga. Det var fem europeiske universitet som etablerte denne i 2019, og i fjor kom tre nye til. Med UiB er det altså ni universitet i alliansen.
— UiB har allereie utvekslingsavtalar med dei fleste medlemmene, heiter det i saka.
Kor mykje ressursar skal brukast?
Vagstad sa i møtet at forskarane vil protestera dersom medlemskap i ein allianse gjer det vanskelegare å samarbeida med forskarar ved institusjonar i andre alliansar.
— Det me kan gjera er å syta føre at det vert minst like mykje samarbeid med dei utanfrå. Men det er viktig at me ikkje brukar forferdeleg mykje resursar på slike alliansar, sa Vagstad.
— Derom me brukar pengar på dette kan samarbeid gjennom alliansen tvinga seg fram. Men når ein sit nede i institusjonen vil det verta veldig rart at universitetsleiinga skal bestemma kva dører som skal opnast.
Heggernes: Skal læra av kvarandre
Kor mykje pengar UiB skal bruka på alliansen, går ikkje fram av sakspapira. Det heiter at sidan UiB ikkje er ein del av søknaden er ein heller ikkje ein del av finansieringa for den neste fireårsperioden. Det betyr at UiB sjølv kan vurdera kva arbeidspakkar ein ønskjer å gå inn i, men ein må sjølv finansiera aktiviteten inn i alliansen.
Planen, som vart presentert i styremøtet, er at UiB vil gå inn i tre arbeidspakkar.
— Dette er administrative arbeidsblokker, meininga er at organisasjonane skal læra av kvarandre. Ingenting rokkar ved den faglege fridommen, sa prorektor Pinar Heggernes.

Nylige artikler
Universitetsledere mistenkt for bedrageri
Troverdigheten i UNESCO svekkes når vi kutter en nøkkelaktør for global utdanning
Gir sju millioner for å motivere flere til å bli barnehagelærere
NSO vil slå sammen studentsamkipnadene
Kateterprofeti og verdinøytralitet
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser